Lammehjelpen

Share

Ein halv time på NRK1 med besøk hos Kirsten Bråten Berg og Bjørgulv N. Berg på Nomeland i kveld frå 22.30 til 23. Det vart eit flott program der vi møtte Kirstens venninner, eg trur dei var seks, som kvar vår tek turen til Nomeland for å vere med i lamminga. Dei sette seg ikkje på stas, nei, det bar nesten rett i sauefjoset for å vere med å stelle. Vi såg dei med tåtelam på fanget og i arbeid i dei mange oppgåvene som dukka opp. Det var uhøgtideleg og venleg.

Og vi fekk vere med i sauefjoset, sjå Kirsten som ordna opp med vanskelege fødslar og tok mot både tre og fire lam. Og så fekk vi høyre om vennskap helt frå ungdomstid i leikarring og bygdeungdomslag. Vennskap må pleiast, det gjer seg ikkje sjølv. Og det fekk vi sjå godt døme på i kveldens program.

Og så fekk vi sjå vakker setesdalsnatur frå siste helga i mai, dei kunne sitje ute og ete og vi såg både frå Otra og Garane, Øystein Berg, som bur der oppe, pleier å seie at det fine med å bu nede i dalen må vere at ein kan sjå opp i Garo.

Vi fekk og glimt av Kirsten som folkemusikar og sølvsmed, men i dette programmet var det nærleiken til natur og nytt liv som var tema saman med venskapen. Å dele eit måltid er ein god måte å ta vare på venskapen på, og med Kristine Bjørgum Forde som medhjelpar på kjøkkenet fekk ein litt av kvart å smake på. Og så kom Gunnar Stubseid og Daniel Sandén-Warg med felene sine, då vart både store og små med i gangaren.

Det var eit glimrande program. Folkeleg og ekte.

På Facebook tok Torunn Charlotte til orde for at ein kunne danne fleire Lammehjelpen-grupper, å hjelpe i ei hektisk tid kunne gje gode opplevingar både for den som gav hjelp og den som fekk hjelpa. Ein skal vel ikkje sjå bort frå at det kan kome ei gruppe i gang til våren om nokon har bruk for det og melder frå.

Programmet er nå lagt ut på nettsidene til NRK, http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/799460/
Og her er setesdalswiki si side om Kirsten: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kirsten_Br%C3%A5ten_Berg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *