Minnestund

Share

I dag starta dagen med minnestund. Det har etter kvart blitt ein tradisjon at når ein som har vore elev på skulen, går bort, vert det halde minnestund. Avhengig av situasjonen kan det skje både i klassen og for heile skulen. Valle Vaksenopplæring er ikkje større enn at for oss var det naturleg at heile skulen samlast for å minnast Pika David.

Vi har hatt ein praksis på skulen med å syngje evangeliske sangar på norsk, ettersom dei burmesiske flyktningane kjenner mange av melodiane. Dei er kristne, og då har vi ein felles kultur sjølv om villkåra dei har levd under har vore varmare og hardare enn her i landet. Når ein kjenner melodien, vert øvinga å lese norske tekstar så fort at dei kan fylgje med i songen. Det pleier å gå ganske godt når Øystein sit ved pianoet og eg er forsangar.

Minnestunda starta med at Pika sin svigerson, Thawat, tente eit lys. Så song vi O, bli hos meg. Det er ein sang som opprinneleg kom frå engelsk, Abide with me. Du kan lese meir om sangen på Wikipedia, http://no.wikipedia.org/wiki/O_bli_hos_meg

Etter sangen hadde Noe Bow eit lite minneord. Det meste av det sa han på karensk, men han takka og frå Pika David for alt Valle kommune og Valle Vaksenopplæring hadde gjort for han og familien. Det var ei kjenslevarm stund, og etter ei bøn som vart avslutta med Fader Vår på dei språka elevane var mest fortrulege med, song vi Hjemme i himlen, Leonhard Gudmundsen sin sang som så mange er blitt glade i.

Gravferda vert ikkje før neste tysdag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *