Odenses største sønn – ei ordveksling på Facebook

Share

I kveld hadde eg ei artig ordveksling med Steinar Homme om Odenses største sønn. Han meinte det var Kim Larsen, som har fødselsdag i dag og difor ville Steinar at vi skulle klikke på musikkvideoen til Som et streif af en dråpe.

Wikipedia har ein god artikkel om Kim Larsen. I kveld var den på 8060 bytes og hadde interwiki-lenker til seks andre språk enn norsk. Artikkelen om H. C. Andersen er på 23 159 bytes og har interwikilenker til fleire språk enn eg orkar å telje ein sein sundagskveld.

Her er ordvekslinga vår:
Harald Haugland: Eg trudde H.C.Andersen var Odenses store sønn, og han har fødselsdag 2. april, så eg trur du har feil kalender, Steinar.

Steinar Homme: Du er kvikk, Harald. Men når 2. april mest sannsynleg kjem vil eg leggje ut eit eller anna om HCA, Odenses /største/ son 😉

Harald Haugland: Kanskje Christian snart er moden for eventyret om Keiserens nye klær

Steinar Homme: Er det det som vi omtalar som nakenfis-svindelen? 🙂

Harald Haugland: Kan godt vere det, eg har ikkje fått med meg alle nyansar i omtalane

Steinar Homme: Eg trur me talar om det same. Eg kan den åttaboks, så på di oppfordring tek me den i morgon kveld. No ligg han i dei omtala kleda og drøymer sikkert om eit eller anna 🙂

Facebook kan ein bruke til mykje anna enn å diskutere middag og kakebakst, som mange likar å nemne når dei kritiserer nettstaden. Sosiale medier er eit interessant fenomen i vår tid, og mange av oss brukar dei i ulike samanhengar. Sjølv har eg likt å legge ut lenker til artiklar på Setesdalswiki på Facebook. Eg kjem nok til å gjere det i framtida og, sjøl om eg fekk ein kommentar frå dotter mi, som meinte det vart litt mange lenker. Då sa eg at eg er inne i ein produktiv periode, og dermed vert det mange lenker. Men eg tok hintet, og skal kanskje redusere litt.

Vi diskuterte og om eg burde opprette ei Setesdalswiki-gruppe på Facebook. Til no har eg ikkje gjort det, for eg veit ikkje kor mange som ville melde seg på ei slik gruppe. No går jo lenkene eg legg ut til dei 279 vennene eg har. Eg kunne godt tenkt meg å få råd frå dykk som les bloggen min om dette.

Eg likar facebook, og ordvekslinga med Steinar var forfriskande ein sein sundagskveld. Eg får legge ut lenke til denne bloggen på Facebook, så fleire kan lese det eg skriv 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *