Runda 1800 artiklar

Share

I går kveld runda Setesdalswiki 1800 artiklar. Det var artikkelen om plan- og miljøutvalet i Valle som fekk æra, utvalet som Torleif B. Harstad skal leie i komande periode. Valle var fyrste kommunen i Setesdal til å konstituere seg etter kommunevalet 2011, og dermed var grunnlaget lagt for å skrive nokre artiklar om råd og utval i Valle kommune. Til no har eg laga seks, og dei har fått eigen kategori.

Men i dag hadde eg andre hyggelege opplevingar og. Nokre var knytt til Setesdalswiki, for det var kommunestyremøte i Bykle med val av ordførar og varaordførar, og ein tidlegare Kvitsund-elev, Tor Hallvard Mosdøl, vart varaordførar, og då samarbeidde vi litt for å få på plass ein artikkel om han og, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tor_Hallvard_Mosd%C3%B8l Tidlegare i dag skreiv eg om Sigbjørg Næss, som var varaordførar i Valle til i går, så å skrive om to varaordførarar på ein dag, det vil nok ikkje skje så ofte.

Og så var det bursdagsselskap i dag. Ein av elevane fylte 28 år og han kom med bløtkake, dermed vart det sang og fest i pausen på skulen. Det er mykje sang på skulen no for tida, det er ein fin måte å hjelpe elevane til å få fart på norsken, så snart høyrer eg Blåveispiken, snart ei salme. Eg har tenkt at vi burde kontakte dagsenteret på Valle Bygdeheim og avtale ei sangstund der oppe ein føremiddag. Det hadde vore hyggeleg for både elevar og pensjonistar, hadde eg tenkt.

Eg skreiv på Facebook i går at eg kunne ta imot folk som ville vite meir om Setesdalswiki i dag etter klokka 14. Det kom ingen, men seinare på dagen kom det eit spørsmål om eg kunne finne det arabiske alfabetet, då måtte eg til wikipedia, og snart så fann eg det og den som leita kunne få med seg ei utskrift. Så om du trur at eg har det kjedeleg når skulen er ferdig her i Valle, så kan eg avkrefte det. Det hender mest allstøtt noko som gjev liv og variasjon til dagane. Og i morgon er det fredag og Mandalstur.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *