Setesdal Regionråd oktober 2011

Share

I kveld var Signe Sollien Haugå i studio i Valle Radio og fortalde om Setesdal Regionråd sitt arbeid. Først tok Ørnulf Hasla ein telefon til Bjørn A. Ropstad, ordføraren i Evje og Hornnes ser ut til å bli den einaste som held fram i regionrådet etter valet. Regionrådet er sett saman av ordførarar og varaordførarar, og Bjørn var vel den einaste som vart attvald i dei fire kommunane som er saman i regionrådet. Kay Jeiskelid hadde tenkt å halde fram, men i Bykle vart det utskifting. Bjørn og Ørnulf snakka litt om det store arbeidet han har gjort for Riksveg 9, og at det var viktig å halde oppe trykket i vegsaka også når Kay ikkje lenger er i Setesdal Regionråd.

Setesdal Regionråd vil etter alt å døme ha desse med frå hausten 2011: Frå Bykle kjem Jon-Rolf Næss og Tor Hallvard Mosdøl. Frå Valle kjem Tarald Myrum og Frode Verpe. Frå Bygland kjem Leiv Rygg og Olav Neset. Frå Evje og Hornnes kjem Finn Bjørn Rørvik i tillegg til Bjørn A. Ropstad. Det er artiklar om dei fleste av desse på Setesdalswiki, og vonleg kjem det biografiar om alle etter kvart.

Evje og Hornnes har kome gjennom omstillinga på ein god måte, men regionen treng auke i folketalet, ikkje bare i Valle og Bygland, men og i Evje og Hornnes og Bykle. Bulyst og arbeidsplassar er sentrale omgrep i denne samanhengen. Det politiske miljø må samarbeide for å få dette til, sa Bjørn A. Ropstad.

Deretter snakka Ørnulf med Signe om Smaken av Setesdal. Det er eit nydeleg hefte som fortel om noko av alt det ein har når det gjeld mat i Setesdal. Regionrådet laga ei utstilling til Naturligvis 2011, ei utstilling som og vart sett opp på Setesdalsgildet 2011. I heftet er det både serveringsstader og produsentar av kortreist mat. Det er mange som driv med dette i Setsdal, og heftet gjev ein fin presentasjon av nokre av dei.

I samtalen var dei innom mange emne. Du kan sjå på Setesdalswiki, der har eg eit lite referat frå samtalen: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_7._oktober_2011

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *