Til Vest-Agder

Share

Eg køyrer til Vest-Agder kvar helg, men det er ikkje det eg vil skrive om i kveld. For den saka som folk flest i Setesdal er opptekne av, er at nokre kommunar i Aust-Agder no søker overgang til Vest-Agder. Det kom til og med på Nytt på Nytt i går kveld, så det er ikkje ukjent i sentrale strok heller.

Før har det vel helst vore kommunikasjon som har vore grunnlaget for at ein kommune søkte overflytting frå eit fylke til eit anna, og det er ikkje så ofte det har skjedd. Men Ølen kommune, som ligg i Sunnhordland, vart overflytta til Rogaland og samanslegen med Vindafjord kommune i 2002.

På mange måtar er det kommunikasjon som gjer at kommunane vest i Aust-Agder og vil til Vest-Agder. Det gjeld både Lillesand, Birkenes og Iveland, som alle vert dregne mot Kristiansand, men det gjeld og Setesdalskommunane, som opplever at det er mykje lettare å dra til Krisiansand enn over heia frå Evje mot Arendal. Dermed vil ungdom som skal ha utdanning, heller gå på skule i Kristiansand enn i Froland og Arendal. Folk i Setesdal kjøper seg leilighet i Kristiansand, om dei då ikkje har slekt i Arendal.

Men den nyvalde fylkesordføraren Bjørgulv Sverdrup Lund, som er for eitt Agder, må imidlertid respektere resultatet i folkeavstemminga om eitt Agder, som vart halden i Aust-Agder i samband med kommunevalet 2011. Der vart det fleirtal for å ikkje gå for samanslåing. Når no fire kommunar likevel søkjer seg til Vest-Agder, vil det forsvinne 20.000 innbyggjarar frå Aust-Agder, og det er ikkje lystelege tonar for ein nyvald fylkesordførar, så han må arbeide politisk for at så ikkje skal skje, sjølv om han personleg truleg gjerne såg at det skjedde. Med dei fire fylgjer kanskje dei tre øvrige Setesdalskommunane, og då er kommunetalet i aust redusert til åtte.

I Setesdølen for fredag 14. oktober 2011 vart det peika på at det bare går ein buss frå Arendal til Evje om dagen, så er ein på sjukehuset, må ein vente heile dagen før bussen går mot Setesdal att. Det går vel ein om morgonen og, men den går for tidleg til at han er til nytte for ein som skal til legekontroll. Og i Setesdal blir det sagt at ein reiser ikkje til Arendal om ein ikkje skal døy, sjukebilane køyrer oss primært til Arendal.

For dei fleste praktiske føremål ville det vore godt om fylka blei slegne saman. For dei kommunane som no har søkt, gjeld i alle fall kommunikasjonsargumentet like mykje som det gjorde i Ølen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *