Frikveld og musikkrelatert

Share

Det vart ein tom kveld i kveld, ettersom sendaren ikkje kunne fiksast i dag. Vonar dei klarar å få det til til fredag, for då er det sending til heile dalen, men Bjørgulv T. som programleiar, etter det lista seier.

I staden kunne eg bruke kvelden på å skrive litt på Setesdalswiki og litt på Wikipedia. Og så måtte eg høyre på nordnorsk julesalme av Trygve Hoff, eg vil dele den med dykk som les bloggen, det er dei tilsette ved NRK Tromsø som syng, og det er ein roleg og flott sang som eg ikkje er blitt lei av, tvert om, eg får tårer i augo kvar gong eg spelar den. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/troms_og_finnmark/1.7438236

Kan ikkje anna enn å glede meg over det ekte uttrykket eg høyrer og ser i den musikkvideoen.

Då Hallvard T. Bjørgum var i radioen, fekk eg ei masteroppgåve som var laga basert på musikken hans. Den vart eg og sitjande med, det var interessant å lese. Og så kom eg på at Jamie Lodberg skreiv noko til meg på Facebook for nokre dagar sidan:

Har lige lagt ud podcast med «Tre på Topp» delen af tirsdagssendingen. De som abonnere på podcasten får bare opdatere listen og laste den ned. De som vil abonnere finder podcasten på:
http://itunes.apple.com/no/podcast/valle-radio/id341794355
eller direkte på:
http://www.valle.no/foto/lyd/Radio_podcast.xml

Jeg arbejder stadig med at få op et helt nyt podcast system – derfor bare periodiske opdateringer på den nuværende. Tænkte at vi måtte i hvert faldt få ud det fine program med dig og Hallvard

Dette programmet kan du altså høyre om att om du har lyst til det. Det var interessant for meg, eg tenkjer tilbake på det med glede og vonar at me kan få til fleire folkemusikkprogram når det legg seg til rette for det.

Avlyst

Share

I går la eg ut programmet for tysdag og onsdag her på bloggen, i dag er det bare å melde at planane gjekk i vasken. Det sytte ein øydelagd sendar i Trydal for.

Då eg kom i radioen i dag og skulle gjere klar til sendinga, var det ingen lyd frå P4 å høyre, bare susing. Eg kopla opp og tenkte at om P4 var ute, kunne kanskje Valle Radio kome inn, men då var eg meir optimistisk enn eg hadde grunn til.

Dermed var det bare å ringe til Jørund Georg Jore, vår tekniske sjef, og høyre kva eg skulle gjere, og då han sjekka, såg han at det var feil på ein sendar ein eller annan stad mellom Bykle og Valle. Å fikse det i svarte natta var ikkje noko ein kunne rekne med, så kveldens sending måtte bare gå ut, sa han, men han skulle kome tilbake med informasjon om morgondagens sending.

Eg fekk då ringt til Niklos og stoppa han frå å gå på bussen til Valle. Han hadde gjeve meg programmet sitt før helga, det ligg på programoversynet for 29. november på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radios_tysdagssending_29._november_2011 Nå gjekk det ut, saman med det eg hadde på min køyreplan.

Etter ein liten halvtime kom det ny telefon frå Jørund, han hadde snakka med Reidar Trydal, som er teknisk leiar for Bykle radio. Han hadde funne ut at det truleg var sendaren i Trydal som var teken av uveret, og for å kome til den, måtte han i båt over ei elv, så truleg kunne han ikkje få gjort noko før til laurdag, arbeidsdagane denne veka var fullt opptekne.

Dermed var det bare å ringe til dei eg skulle ha med meg i morgon og fortelje dei at sendinga var avlyst. No har eg fått tak i dei fleste, så eg vonar at ingen stiller opp til stengd dør i morgon kveld.

Sjølv fekk eg høve til å skrive inn overskriftene i dagens Setesdølen og plutseleg var det 10 ny artiklar sidan sundag, så no er det 2010 artiklar der. Då sa eg til meg sjølv at eg kunne ta kvelden med godt samvit.

Program for veke 48, 2011

Share

Tysdag 29. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv landet rundt
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 30. november

Ansvarleg: Harald Haugland, teknikar Liv Gunn Viki, telefonvakter Jorunn Helle og Solveig Rysstad.

Program:

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer
20.00 Haralds time. Gjest: Reidar Tveito. Tema: «Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3» og beslekta emne.
21.00 Opi sending

Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com
Les bloggen på http://valleradio.blogs.no
Fylg oss på facebook: http://www.facebook.com/#!/pages/Valle-Radio
Les meir på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

2000 artiklar og ny logo

Share

I dag runda Setesdalswiki 2000 artiklar. Artikkelen om Byglandsfjord renseanlegg fekk æra. Setesdølen hadde fire sider om anlegget på fredag 25. november 2011, og med annonsar frå ei rekke leverandørar. Basert på dette stoffet kunne eg skrive artikkelen, og Reidar Tveito hadde lasta opp eit bilete som han tok i sommar, så det gjekk rett inn i artikkelen. Dermed vart det ein fyldig og illustrer artikkel.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Byglandsfjord_renseanlegg

Vi hadde lagt plan for å få på plass ny logo den dagen vi runda 2000 artiklar. Den er laga av Ove Kjetså og symboliserer samanhengen som Setesdalswiki har med Setesdal Regionråd, som jo har krullane som symbol. I Setesdalswiki sin logo har krullane blitt forma som eit tre som veks vidare og vidare utover og oppover. Setesdalsfargane svart, grønt og raudt er og kome med i logoen.

Setesdalswiki har artiklar om både næringsliv, kultur, geografi og folk. Sjølv med 2000 artiklar har vi bare så vidt skrapa i alt det er å skrive om, nesten kvar einaste av dei 2000 artiklane har raude lenker, det vil seie emne ein kunne skrive om, men som ikkje har artikkel enno. Etter kvart vil nettstaden bli ein ressurs for alle som vil vite meir om Setesdal. Ressursen vil bli betre om fleire blir med og skriv, og det er enkelt å registrere seg og å kome i gang. Om du vil prøve og treng hjelp, kan vi sikkert finne ein måte å hjelpe på.

Etter kvart har eg gjort det slik at Setesdalswiki fungerer som nettstad for programma i Valle Radio. Eg lagar ei side om programmet den aktuelle dagen, og når eg har artiklar om personar eller tema som vert tekne opp i programmet, får dei blå lenker som gjev lesaren høve til å lese om emnet. Det kan du til dømes sjå på programmet for komande onsdag, der Reidar Tveito skal vere med klokka 20.00 i Haralds time. Det er lenke både til Gjest: Reidar Tveito og til Tema: Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3. Så kan du klikke på dei blå lenkene og få vite meir.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_30._november_2011

På denne måten får programmet ein meirverdi, og Valle Radio si side kan bare vere ei side for å finne lenka til live streaming. Samstundes kjem programma i radioen inn i ein samanheng.

Koseleg biltur med Niklos

Share

Fredag går turen frå Valle til Mandal, og i dag hadde eg gleda av å ha med Niklos K. Besteland til Evje. Den turen gjekk fort, slik det som regel gjer i godt lag. Praten går og ein tenkjer ikkje så mykje over turen, som forresten er blitt svært mykje lettare å køyre etter at den nye strekningen sør for Langeid opna. Når ein tenkjer på at det bare er vel fem år sidan den utbygginga starta, så har det vore ein god periode for ferdsla i Setesdal, svingane frå Langeid til Ose ville jo ingen ende ta for nokre år sidan.

Praten gjekk om mangt og mykje, Niklos hadde laga ferdig programmet til tysdagens Postludium og fortalde at årets Adventsprogram ikkje er blåkopi av fjorårets, han har funne fram nye ting attåt noko av det han har spelt tidlegare år. Men ingen kan vere overraska over at det er ulike framføringar av Nun komm, der Heiden Heiland, Martin Luther si mektige adventssalme som er ei tysk omsetjing av Veni redemptor gentium. I norsk språkdrakt vert det Folkefrelsar til oss kom, omsett av Bernt Støylen i 1905. For Niklos er dette sjølve adventssalma.

Eg nemnde for han den adventssalma eg hadde brukt i sist Postludium, Otto Olsons komposisjon over Bereden väg för Herran og korversjonen som eg og nytta. Han kunne då fortelje at det koret var mykje brukt i svensk radio før, men no var det mindre og mindre.

Og så snakka vi om folkemusikkprogrammet med Hallvard T. Bjørgum tysdagskvelden. Han hadde ikkje fått med seg starten, men siste delen hadde vore interessant. Eg kommenterte då at eg hadde skrive artikkel om Olav Heggland på Setesdalswiki, og då fortalde Niklos at han hugsa at Hegglanden hadde vore på besøk heime hjå dei då han var liten, så liten at han sat på fanget til mora. Men han kunne ikkje minnast kva som vart spelt. Siste gongen han møtte den store spelemannen var på ein busstur til Evje like før han døydde i 1974, då hadde dei prata saman på bussen nedover frå Skomedal og oppover att. Men han hugsa ikkje nøyaktig kva hus Olav Heggland budde i, så han hadde vanskeleg for å vise meg det då vi kom til Skomedal. Vi funderte litt på det medan ferda gjekk vidare sørover, og snart var vi på Evje. Der fekk vi oss ein kopp kaffe på Pernille, og eg fekk programmet for tysdagens program. Etter kvart vil du finne det på Setesdalswiki, men det vert ikkje før i morgon, for no tek eg kvelden.

Hylestad pistolklubb og litt til

Share

I kveld fekk eg artikkel om Hylestad pistolklubb i Setesdalswiki. Eg såg annonsen med terminlista deira i Setesdølen tysdag og starta ein liten stubb. Så tok eg ein telefon til Knut Arne Rysstad og spurde om han kunne sende meg fila, så slapp eg å taste. Det gjorde han, og i tillegg fekk eg litt utfyllande informasjon, så plutseleg vart det ei heil side.

Av og til vert eg noko forundra over kor fleksibel Setesdalswiki er. Ei terminliste er eit døme på det. Laget si møteliste for eit halvår kan ligge ute og lag som ikkje har eiga heimeside, kan då nytte informasjonssida på Setesdalswiki til å fortelje om programmet. Og når Hylestad pistolklubb har hatt ei tevling, kan dei legge inn resultata som ei underside, til dømes slik det no ligg undersider frå Brokkedilten dei seks siste åra. Eg hadde jo likt å hatt undersider med resultatlister heilt frå starten der, og om Valle IL eller Hylestad IL har protokollar, kan dei nok bli lagde inn, men det er ei anna sak.

For å lage ein liten illustrasjon henta eg eit bilete frå Wikimedia Commons av ein pistol. Men eg ser nok for meg at det kan kome bilete av lokale skyttarar, anten i Smeddestoga eller frå skytebanen på Hovet, og då vil nok Walther-pistolen forsvinne.

No har eg halde på å skrive Setesdalswiki i 30 månader, og i helga vil det regionale leksikonet runde 2000 artiklar. Likevel har ein bare så vidt skrapa i alt som ein kan skrive om, og eg har mange planar for nye artiklar etter kvart som tida kjem. Å få på plass artiklar om spelemenn og slåttar, der eit prosjekt. Diverre kan eg for lite, så det går ikkje så fort å samle stoff og å skrive. Det same er situasjonen når det gjeld næringsliv i Setesdal, som jo var hovudinspirasjonen til at prosjektet starta. Her er det alt for få artiklar enno, bare om lag 50.

Rom vart ikkje bygd på ein dag, er eit munnhell eg trøystar meg til medan prosjektet smått om senn veks fram. Ta turen innom http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hylestad_pistolklubb og sjå at det monar jamnt og trutt.

Ikkje til Vest-Agder

Share

I kveld var eg på kommunestyremøte i Valle. Det var dagen då folka fekk lesebrett, og då eg kom, var mange opptekne med å prøve dei. Det var ein journalist frå Fædrelandsvennen der, Christian Storjord, og litt etter meg kom Ole Birger Lien frå Setesdølen. Eg fekk i gang datamaskinen og kunne då skrive etter kvart som møtet gjekk.

Då møtet starta, var det trong for gruppemøte, så møtet vart heva med det same og sett att klokka 18.30. Etter innleiiande saker kom ein nok til det journalistane var komne for, spørsmålet om Valle kommune skulle slå lag med dei kommunane som søkjer overføring til Vest-Agder. Dette var eit spørsmål som partia stod fritt i, så det hadde ikkje konsekvensar for samarbeidet i blokka som har ordførar og varaordførar. Det synte seg då at varaordførar Frode Verpe var imot å søke seg til Vest-Agder no, medan ordførar Tarald Myrum gjerne ville ta steget med det same. Men sjølv om over 70% av stemmene var for samanslåing, fekk ordføraren det ikkje som han ville i kommunestyret i kveld. Med knappast mogleg margin, 8 mot 7 røyster, sa Valle kommunestyre nei til å søke seg til Vest-Agder no. Då hadde journalistane frå avisene fått det dei var komne for, så dei pakka saman og gjekk. Og snart etter kunne ein lese resultatet i Fædrelandsvennen si nettavis, http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article927447.ece

Sjølv sat eg att og høyrde på diskusjonen om Heieplanen, ein plan som etter det eg skjøna i stor grad gjev kommunens areal til reinsdyra.
Vedtaket i formannskapet vart samrøystes vedteke i møtet:
Valle kommune er stort sett nøgd med resultatet ein har kome fram til gjennom regional plan.
Kommunen ynskjer ei utvida arealgrense for stølsbuene på 50 m2. Gjennom revidering av kommuneplanen sin arealdel vert det innarbeidd løypeplan for området på Bjørnevatn.
Kommunen legg til grunn dei vedlagde retningsliner frå Fylkesmannen i Aust-Agder
Andre innspel til planen ligg i saksutgreiinga.

Etter nokre raskt klubba val var møtet over, og etter ein pause med vaflar og kaffe, kom folk tilbake for å få ei orientering om økonomiplanen for 2012 og framover av Wenche Gundersen. Som vanleg var ho klar og ryddig i det ho presenterte.

Men eg fylgde journalistane og høyrde henne i radioen.

Topp 100 og Topp Tre

Share

Morgenbladet si liste «Morgenbladets Topp 100» danna grunnlag for programmet Topp Tre her i Valle Radio. Det er tre folkemusikkplater på lista, og Hallvard T. Bjørgum har anten spelt på eller produsert dei. Difor var det ei stor gleda då han hadde høve til å kome i raddioen i kveld og fortelje om platene og spele kutt frå dei. Å kome på lista er ein stor heder, her er Skjoldmøyslaget nr. 14, Meisterspel nr. 74 og Slinkombas nr. 84.

I sendinga starta vi med Meisterspel, ei plate med Hauk Buen. Plata var oppteken på Henie Onstad Kunstsenter i løpet av ei natt, og Hauk Buen fylte heile plata og vel så det. Frå denne plata spelte vi sporet «Nonsnatten».

Deretter var det Slinkombas. Den plata vart spelt inn i stova heime på Kåsland, og det var første innspelinga til Hallvard. Gruppa framstår som ein samspelgruppe, men alle spelte ikkje på noko av spora, det meste var tre på same tid. Frå denne plata høyrde vi «Gamle Gunleik», «Pysi sat i åren», ein bånsull der det og vart nytta ei gammal fløyte frå Berg. Til slutt fortalde Hallvard om namnet Slinkombas, ein dans frå Sirdal mellom krosslagde stokkar. Knut Jonson Heddi hadde skrive ned slåtten og dei notekyndige tolka notene hans. Så høyde vi slåtten «Slinkombas».

Dermed var vi komne fram til plata som kom høgast i kåringa. Det var Skjoldmøyslaget, som og var spelt inn på Henie Onstad Kunstsenter. Frå denne høyrde vi «Førespel» av Olav Heggland, og Hallvard fortalde om Olav Faremo, spelemannen som budde inni Setesdal Vesthei, men som sidan busette seg i Sirdal og møtte Strømsingen. Ein veit ikkje kor grava hans er, og bror hans, som og var spelemann, reiste til Amerika. Det er Knut Jonson Heddi som har teke vare på tradisjonen og ført han vidare til dei spelemennene som lærte av han. Vi spelte «Fillevern» før programmet vart avslutta med Skjoldmøyslaget i form etter Olav Heggland.

Gjennom den gode timen som programmet varte, fortalde Hallvard som alltid levande og interessant om soga til slåttar og spelemenn, og etter programmet visste i alle fall eg meir om bakgrunnen for plata. Så kom ho på 14. plass, medan «Leva Livet» med Åge Aleksandersen kom på 17. plass. Det likte Hallvard godt. Kåringa var ikkje av artist, men av kvalitet på album.

Her er lenke til Morgenbladets Topp 100: http://mbtopp100.no/norgeshistoriens-100-beste-plater/

«»

Program for veke 47, 2011

Share

Tysdag 22. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Tre på Topp. Hallvard T. Bjørgum fortel om og presenterer musikk frå Skjoldmøyslaget, Slinkombas og Meisterspel
19.45 Møteplassen
20.15 Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 23. november

Teknikar: Torhild Sandnes

18.00 Kommunestyremøte

Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com/
*Fylg oss på Facebook http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio
*Les på bloggen:http://valleradio.blogs.no/
*Les på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Håp om det evige liv

Share

I tysdagssendinga hadde eg sangkveld med songar om håp. Det var ei svensk samling sangar som vart kalla Hoppets sång, og her var det mykje å ta av:
# Pelle Karlsson: När du går över floden 3.43
# Jan Sparring: Flytt fåglarnd 4.17
# Viktor Klimenko: Jag har hört om en stad 3.32
# Einar Ekberg: Drömmen om himlen 4.29
# IBRA Choir: Närmare Gud til dig 5.18
# Studiokor: De komma från öst och väst 3.09
# Einar Ekberg: O hur jag längtar se staden 3.44
# Inger Heinerborg: Jag går til himlen 2.13
# IBRA Choir: Jag är främling 2.23
# Fiskebackskvartetten: Ovan där 3.01
# Märtha Svensson: Herren är min herde 4.03
# Kersting Alsing: Tänk när släkt och vänner 3.32
# IBRA Choir: Härlig er jorden 2.56

Dei fleste av desse sangane er kjende og som lyttar kunne ein knytte assosiasjonar til dei frå møte og samlingar gjennom åra. Håpsdimensjonen har vore ein viktig del av forkynning både på norsk og svensk jord.

Onsdag kunne Vårt Land fortelje at biskop Olav Skjevesland vil at prestar alltid skal forkynne håp om det evige liv i gravferder. Utgangspunktet hans for å seie dette var at han kommenterte eit doktorgradsarbeid til Bjarte Leer-Salvesen, som har analysert 51 minneord og preiker og som konkluderer med at prestane brukar gravfera til å forkynne til håp og trøyst. Dette likte biskopen, for tekstane i Den norske kyrkja sine ritualar for gravferd har alle håpselement. Gjennom sitt liv og sin død har Jesus vunne over døden.

Samstundes streker biskopen under at det er viktig å formulere eit godt og rett minneord om den avdøde. For presten er det difor viktig med samtalar som kan gje kunnskap om den som er død, seier biskopen. Dei kan vere til stor trøyst for ei som sit att.

Det var ei glede å lese dette, for i haust har eg teke opp ein programpost i Valle Radio som heiter Minneord. Der prøver eg ut frå det eg kan finne å teikne eit lite bilete av folk som er gått bort. Kanskje burde minneord også trykkjast i Vegleiaren, slik at dei sørgjande kan få lese det i ettertid.