2000 artiklar og ny logo

Share

I dag runda Setesdalswiki 2000 artiklar. Artikkelen om Byglandsfjord renseanlegg fekk æra. Setesdølen hadde fire sider om anlegget på fredag 25. november 2011, og med annonsar frå ei rekke leverandørar. Basert på dette stoffet kunne eg skrive artikkelen, og Reidar Tveito hadde lasta opp eit bilete som han tok i sommar, så det gjekk rett inn i artikkelen. Dermed vart det ein fyldig og illustrer artikkel.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Byglandsfjord_renseanlegg

Vi hadde lagt plan for å få på plass ny logo den dagen vi runda 2000 artiklar. Den er laga av Ove Kjetså og symboliserer samanhengen som Setesdalswiki har med Setesdal Regionråd, som jo har krullane som symbol. I Setesdalswiki sin logo har krullane blitt forma som eit tre som veks vidare og vidare utover og oppover. Setesdalsfargane svart, grønt og raudt er og kome med i logoen.

Setesdalswiki har artiklar om både næringsliv, kultur, geografi og folk. Sjølv med 2000 artiklar har vi bare så vidt skrapa i alt det er å skrive om, nesten kvar einaste av dei 2000 artiklane har raude lenker, det vil seie emne ein kunne skrive om, men som ikkje har artikkel enno. Etter kvart vil nettstaden bli ein ressurs for alle som vil vite meir om Setesdal. Ressursen vil bli betre om fleire blir med og skriv, og det er enkelt å registrere seg og å kome i gang. Om du vil prøve og treng hjelp, kan vi sikkert finne ein måte å hjelpe på.

Etter kvart har eg gjort det slik at Setesdalswiki fungerer som nettstad for programma i Valle Radio. Eg lagar ei side om programmet den aktuelle dagen, og når eg har artiklar om personar eller tema som vert tekne opp i programmet, får dei blå lenker som gjev lesaren høve til å lese om emnet. Det kan du til dømes sjå på programmet for komande onsdag, der Reidar Tveito skal vere med klokka 20.00 i Haralds time. Det er lenke både til Gjest: Reidar Tveito og til Tema: Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3. Så kan du klikke på dei blå lenkene og få vite meir.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_30._november_2011

På denne måten får programmet ein meirverdi, og Valle Radio si side kan bare vere ei side for å finne lenka til live streaming. Samstundes kjem programma i radioen inn i ein samanheng.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *