Aldri så galt at det ikkje er godt for noko

Share

Etter ein flott kveld i Valle Radio er ein gjerne noko trøytt, så i går kveld var det godt å kome heim og ta kvelden. Eg høyrde nyheter ved midnatt før eg fann loppekassa, og snart sov eg. Men når ein drikk noko seint, slik det ofte blir i radioen, må ein gjerne opp noko tidleg, og klokka seks vakna eg. Ofte står eg opp då, men i dag tenkte eg at kona pleier alltid å ringe halv åtte, så eg søv ein time til. Då vi prata saman etter sendinga onsdagskvelden og sa god natt, avtalte vi jo det. Det eg ikkje tenkte på, var at telefonen stod på lydlaus, eg hadde jo sett den på lydlaus då eg var i radioen i går. Den låg så fint ved sida av senga, men utan lyd makta den ikkje å få meg vaken.

Kvart på ni vakna eg og trudde ikkje mine eigne augo, så lenge har eg knapt sove sidan eg var ung. Medan eg kledde meg, banka det i veggen, utanfor stod min kollega Øystein Berg og nokre elevar, dei hadde prøvd ei stund å få tak i meg på telefonen utan respons. No tenkte dei det verste og hadde sett himmel og jord i rørsle for å få tak i ein nøkkel og kome inn for å hjelpe meg. Eg leier hus av ordførar Tarald Myrum, Øystein fekk han til og med ut av eit møte, men han var i Arendal og kunne ikkje hjelpe Øystein med nøkkel. Mange andre fekk etter kvart vite om saka.

Eg skriv om dette på bloggen for eg reknar med at nokon kvar har opplevd å forsove seg utan at det hadde så store konsekvensar, så de kan jo smile litt av forsovinga mi. Eg pleier som regel vere på skulen ved åttetida, ofte så tidleg som i sju-halvåtte. Men det er jo godt å ha eit nettverk som reagerer når ein ikkje møter opp.

Hendinga førte til at elevane fekk øve på grammatikk i ein konkret og aktuell tekst, dei måtte skrive om saka. Så ein får vel seie med det gamle ordtaket: Aldri så galt at det ikkje er godt for noko.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *