Avlyst

Share

I går la eg ut programmet for tysdag og onsdag her på bloggen, i dag er det bare å melde at planane gjekk i vasken. Det sytte ein øydelagd sendar i Trydal for.

Då eg kom i radioen i dag og skulle gjere klar til sendinga, var det ingen lyd frå P4 å høyre, bare susing. Eg kopla opp og tenkte at om P4 var ute, kunne kanskje Valle Radio kome inn, men då var eg meir optimistisk enn eg hadde grunn til.

Dermed var det bare å ringe til Jørund Georg Jore, vår tekniske sjef, og høyre kva eg skulle gjere, og då han sjekka, såg han at det var feil på ein sendar ein eller annan stad mellom Bykle og Valle. Å fikse det i svarte natta var ikkje noko ein kunne rekne med, så kveldens sending måtte bare gå ut, sa han, men han skulle kome tilbake med informasjon om morgondagens sending.

Eg fekk då ringt til Niklos og stoppa han frå å gå på bussen til Valle. Han hadde gjeve meg programmet sitt før helga, det ligg på programoversynet for 29. november på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radios_tysdagssending_29._november_2011 Nå gjekk det ut, saman med det eg hadde på min køyreplan.

Etter ein liten halvtime kom det ny telefon frå Jørund, han hadde snakka med Reidar Trydal, som er teknisk leiar for Bykle radio. Han hadde funne ut at det truleg var sendaren i Trydal som var teken av uveret, og for å kome til den, måtte han i båt over ei elv, så truleg kunne han ikkje få gjort noko før til laurdag, arbeidsdagane denne veka var fullt opptekne.

Dermed var det bare å ringe til dei eg skulle ha med meg i morgon og fortelje dei at sendinga var avlyst. No har eg fått tak i dei fleste, så eg vonar at ingen stiller opp til stengd dør i morgon kveld.

Sjølv fekk eg høve til å skrive inn overskriftene i dagens Setesdølen og plutseleg var det 10 ny artiklar sidan sundag, så no er det 2010 artiklar der. Då sa eg til meg sjølv at eg kunne ta kvelden med godt samvit.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *