Frå Damenes Aften og Sprekleiken til vegnamn

Share

Det var ein variert kveld i Valle Radio i kveld. Det starta med at Grete Fossen kom for å fortelje om Damenes Aften, som Valle Bygdekvinnelag, Hylestad Bygdekvinnelag og Sentrumsjentene i Valle skal ha i Storstoga fredag. Å skape noko moro og legge til rette for handel og liv, det er eit av måla med kvelden, i fjor kom 120, og det verkar til å vere minst like stor interesse for arrangementet i år. Fire klesbedrifter skal stille ut klær, så Grete vona at folk hadde handle-genet klar til dyst.

Etter henne kom Sigbjørg Næss og fortalde om Sprekleiken 2011. Opplegget er litt endra i høve til tidlegare, gjesten er Kari Jaqueson, trimdronninga. Det startar sundag klokka 14 og om kvelden skal ho halde foredrag. Å få ein slik kapasitet til Valle er dyrt, så ho var glad for alle sponsorane arrangementet hadde fått, og ho las dei opp i radioen. Etter det som det såg ut, kom det til å bli god deltaking, men det var råd å melde seg på heilt til laurdag, om det ikkje vart fullteikna før.

Siste post i den aktuelle timen var Øyvind Jacob som fortalde om Brokke Naturkjøt. Det var interessant å få vite meir om prosjektet, som akkurat no byggjer hallar som dyra kan gå inn i om dei vil i løpet av vinteren.

Rådmann Eivind Berg kom så og fortalde om laust og fast frå tida før han vart rådmann i Valle. Han har arbeidd i Kina, det skreiv eg om på bloggen i sommar, han hadde tenkt på den frokosten mange gonger, på den tida ante han ikkje at han skulle kome tilbake til Valle Radio som rådmann i Valle, han visste ikkje om at stillinga var ledig då han og kona sat saman med meg og Reidun på Sentrumsfrokosten 2011.

Siste innslag før Open sending var ein samtale med Torleif Homme om gatenamn i Valle. Han meinte vel og at no var det på tide å gjere noko med det spørsmålet, det kokte bort i ingenting på grunn av nokre rare namn som folk hekta seg opp i. Han var ikkje så villig til å nemne namna, men dei fekk vi av Anne Lise Harstad i Opi sending, ingen på Rysstad ville bu i Sluskevegen og ingen i Leite ville bu i Revegarden, sa ho. Både av omsyn til brann og lege og post burde ein innføre gatenamn, slik at folk kunne få ei eintydig adresse. Ein variert kveld, også denne kvelden. Valle Radio gjev alltid noko nytt å tenkje på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *