Geocaching

Share

Torsdag var eg på eit møte på Sølvgarden Hotell. Det var Valle Næringslag som arrangerte, og dei hadde fått Thor Flognfeldt som foredragshaldar. Tema var «Kultur, natur og aktiviteter – hva skal til for at Valle finner en plass i reiselivsmarkedene framover?» Flognfeldt sa sjølv at han ikkje var så oppdatert på situasjonen i Setesdal no for tida, sjølv om han for ein del år tilbake jobba mykje med Setesdal, særleg Hovden.

Noko må ha virka, for Hovden har vakse godt gjennom åra og har ein tyngde som reiselivssentrum. Sør for Valle finn vi Evje med Mineralparken som eit sterkt sentrum sommarstid. Mellom desse har særleg Brokke og Rysstad etter kvart bygd seg opp som ein viktig stad for reiseliv, men det står mykje att før satsinga bringer fleire varige arbeidsplassar. Rolf Kåfjord, som er styreleiar i Brokke Invest, meinte at det var investert for ein milliard i hytter og infrastruktur i Brokke på ti år, Dyreparken i Kristiansand har brukt 30 år på si milliardinvestering.

I eit lite innlegg frå salen på møtet nemnde eg Honnevje rasteplass, som jo vart kåra til årets rasteplass i 2011. Eg meinte at både denne og Hekni rasteplass burde kunne nyttast betre til å fortelje om tilboda i Valle kommune. Eg kom til å nemne at på Honnevje er det geocaching, noko som er blitt ganske så populært. Folk kjem til Honnevje for å finne ein liten boks med ei skrivebok der dei skriv seg inn. Så loggar dei seg inn på Internett for å notere at dei har vore der. Eg meinte at noko slikt burde ein kunna utnytte til beste for å få folk til å stanse i bygda ein dag ekstra.

Det eg ikkje visste var at det alt er ei rekke slike geocaching-stader i Valle kommune. Til og med på ein fjelltopp i Everdalen ligg det ein liten boks. http://www.geocaching.com/seek/cache_details.aspx?guid=647a7c12-c06b-4fec-ad30-6ad6aa7ef826
På Hekni er det ein, ved Gloppefossen er det ein. Det skal og vere ein på ein badeplass ved Suleskarvegen.

For å finne desse boksane, må ein ha ein GPS-mottakar. Frå Internett får ein koordinatar, og så er det bare å dra dit og leite. Innanfor 10×10 meter skal boksen vere, men han er ikkje alltid like lett å finne, så folk brukar tid for å kome til staden, og tid for å finne cachen. Ikkje bare nordmenn leitar, folk frå heile Europa er med i denne sporleiken, som vart starta for 10 år sidan i USA, då GPS vart opna for at sivile kunne finne stader innanfor 10×10 meter. Før var det 100×100 meter som var aktuell for sivil bruk. No leitar folk etter 423 i Aust-Agder, både ved Storestraum og på toppen av Fånefjell, ved Syrtveitfossen og på toppen av Hovdenut så vel som ved Vatndalsdammen er det lagt ut boksar. I Setesdal er det nok flest i området rundt Hovden.

Det burde vere ein rimeleg sak å få på plass ein del slike boksar rundt om i Valle kommune på stader der ein kunne tenke seg at turistar kunne ha glede av å oppleve kultur og natur. Om dette vart gjort på ein profesjonell måte med tilhøyrande informative nettsider, kunne det nok føre til at turistar vart verande ei stund i bygda.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *