Gode hjelparar

Share

Eg skreiv i går om at vi ville prøve å få til sending i morgon sjølv om det ikkje var sett opp nokon på lista. I dag kom Jorunn Lund Harstad innom meg på skulen og sa at ho og Gudrun Nomeland hadde snakka saman om at det var dei som skulle vere telefonvakter i morgon. Det synte seg då at dei hadde hoppa elegant over den veka som mangla og var klar til innsats nettopp i den veka, sjølv om dei eigentleg var sette opp 9. november. -Me får klare den au, meinte ho. -Det er viktig at det er sendingar kvar onsdag, at det ikkje vert hol i sendeplanen. Ho meinte og at Kåre Rike kunne vere teknikar, ho skulle innom og spørje, og ettersom eg ikkje høyrde noko anna, går eg ut frå at han kan stille opp.

Men det var jo andre faste programpostar som må dekkast, og difor tok eg ein telefon til Jorunn Tveiten Sørlie for å høyre om det kanskje stod nokon på hennar liste til Kommunen informerer i morgon. Ho skulle undersøke, då eg fekk tak i henne, hadde ho kompemiddag med pappa, så eg sende ein epost til henne med spørsmål, og ikkje lenge etter fekk eg ein mail tilbake med melding om at den nye rådmannen, Eivind Berg, kunne kome klokka 19.30 i morgon. Eg har ikkje helst på han etter at han vart rådmann, men då vi vart sitjande i lag under sentrumsfrokosten 2011, spurde eg om han ville kome i Valle Radio til hausten ein gong, ikkje visste eg då at han kom til å kome som rådmann. http://valleradio.blogs.no/2011/06/26/gatefrukost-11379560/

I timen frå 20 til 21, Haralds time med gjester, har eg fått Torleif Homme til å kome frå 20.30. Han er lett å be, om han kan kome, så kjem han. Når det gjeld tankar frå Bibelen, så veit eg ikkje om det kjem nokon andaktshaldar, men eg har sikra meg, om ingen kjem, sender vi Over ein open Bibel med Egil Sjåvåg, som hadde andakt i sendinga i kveld. Då står det bare att å finne folk til å vere med i den aktuelle timen. Og så må eg lage nokre rebusar. Det vert vel ei råd, takka vere gode hjelparar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *