Hylestad pistolklubb og litt til

Share

I kveld fekk eg artikkel om Hylestad pistolklubb i Setesdalswiki. Eg såg annonsen med terminlista deira i Setesdølen tysdag og starta ein liten stubb. Så tok eg ein telefon til Knut Arne Rysstad og spurde om han kunne sende meg fila, så slapp eg å taste. Det gjorde han, og i tillegg fekk eg litt utfyllande informasjon, så plutseleg vart det ei heil side.

Av og til vert eg noko forundra over kor fleksibel Setesdalswiki er. Ei terminliste er eit døme på det. Laget si møteliste for eit halvår kan ligge ute og lag som ikkje har eiga heimeside, kan då nytte informasjonssida på Setesdalswiki til å fortelje om programmet. Og når Hylestad pistolklubb har hatt ei tevling, kan dei legge inn resultata som ei underside, til dømes slik det no ligg undersider frå Brokkedilten dei seks siste åra. Eg hadde jo likt å hatt undersider med resultatlister heilt frå starten der, og om Valle IL eller Hylestad IL har protokollar, kan dei nok bli lagde inn, men det er ei anna sak.

For å lage ein liten illustrasjon henta eg eit bilete frå Wikimedia Commons av ein pistol. Men eg ser nok for meg at det kan kome bilete av lokale skyttarar, anten i Smeddestoga eller frå skytebanen på Hovet, og då vil nok Walther-pistolen forsvinne.

No har eg halde på å skrive Setesdalswiki i 30 månader, og i helga vil det regionale leksikonet runde 2000 artiklar. Likevel har ein bare så vidt skrapa i alt som ein kan skrive om, og eg har mange planar for nye artiklar etter kvart som tida kjem. Å få på plass artiklar om spelemenn og slåttar, der eit prosjekt. Diverre kan eg for lite, så det går ikkje så fort å samle stoff og å skrive. Det same er situasjonen når det gjeld næringsliv i Setesdal, som jo var hovudinspirasjonen til at prosjektet starta. Her er det alt for få artiklar enno, bare om lag 50.

Rom vart ikkje bygd på ein dag, er eit munnhell eg trøystar meg til medan prosjektet smått om senn veks fram. Ta turen innom http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hylestad_pistolklubb og sjå at det monar jamnt og trutt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *