Ikkje til Vest-Agder

Share

I kveld var eg på kommunestyremøte i Valle. Det var dagen då folka fekk lesebrett, og då eg kom, var mange opptekne med å prøve dei. Det var ein journalist frå Fædrelandsvennen der, Christian Storjord, og litt etter meg kom Ole Birger Lien frå Setesdølen. Eg fekk i gang datamaskinen og kunne då skrive etter kvart som møtet gjekk.

Då møtet starta, var det trong for gruppemøte, så møtet vart heva med det same og sett att klokka 18.30. Etter innleiiande saker kom ein nok til det journalistane var komne for, spørsmålet om Valle kommune skulle slå lag med dei kommunane som søkjer overføring til Vest-Agder. Dette var eit spørsmål som partia stod fritt i, så det hadde ikkje konsekvensar for samarbeidet i blokka som har ordførar og varaordførar. Det synte seg då at varaordførar Frode Verpe var imot å søke seg til Vest-Agder no, medan ordførar Tarald Myrum gjerne ville ta steget med det same. Men sjølv om over 70% av stemmene var for samanslåing, fekk ordføraren det ikkje som han ville i kommunestyret i kveld. Med knappast mogleg margin, 8 mot 7 røyster, sa Valle kommunestyre nei til å søke seg til Vest-Agder no. Då hadde journalistane frå avisene fått det dei var komne for, så dei pakka saman og gjekk. Og snart etter kunne ein lese resultatet i Fædrelandsvennen si nettavis, http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article927447.ece

Sjølv sat eg att og høyrde på diskusjonen om Heieplanen, ein plan som etter det eg skjøna i stor grad gjev kommunens areal til reinsdyra.
Vedtaket i formannskapet vart samrøystes vedteke i møtet:
Valle kommune er stort sett nøgd med resultatet ein har kome fram til gjennom regional plan.
Kommunen ynskjer ei utvida arealgrense for stølsbuene på 50 m2. Gjennom revidering av kommuneplanen sin arealdel vert det innarbeidd løypeplan for området på Bjørnevatn.
Kommunen legg til grunn dei vedlagde retningsliner frå Fylkesmannen i Aust-Agder
Andre innspel til planen ligg i saksutgreiinga.

Etter nokre raskt klubba val var møtet over, og etter ein pause med vaflar og kaffe, kom folk tilbake for å få ei orientering om økonomiplanen for 2012 og framover av Wenche Gundersen. Som vanleg var ho klar og ryddig i det ho presenterte.

Men eg fylgde journalistane og høyrde henne i radioen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *