Kommunen informerer

Share

I kveld var Liv Tanche-Larsen frå Hylestad barnehage i Kommunen informerer-halvtimen i Valle Radio. Som vanleg hadde ho sikkert sendt mail til tilsette i kommunen for å få noko å snakke om, og som vanleg hadde kulturavdelinga ei rekke meldingar å kome med.

Eg sat og høyrde på programmet den halvtimen og så tok tankane mine til å fundere litt, kanskje utan at eg var så veldig med sjølv. Men her deler eg tankane mine med deg:

Eg synest Kommunen informerer er ein positiv halvtime i Valle Radio. Kommunen set opp ei liste over kven som skal kome, det er som regel leiarar på ulike sektorar i kommunen. Sjølv hadde eg med meg Magnhild Hovet, styraren i Valle Barnehage. Då klarte eg til og med å få ein artikkel om henne på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Magnhild_Hovet

Når vi programleiarar i Valle Radio får høve til å snakke med leiarar av ei av avdelingane i Valle kommune, opplever eg det som interessant at leiaren fortel noko om avdelinga vedkomande leiar. Eg trudde og at det var noko av grunnen til at oppgåva rullerer mellom leiarane i kommunen. Men i kveld tok dansehelg og andre kulturarrangement tida, og så langt eg fekk med meg, var det ikkje noko særleg om Hylestad barnehage i programmet. Nå fekk eg ein telefon i starten av programmet, så Liv og Ronny kunne ha snakka litt om barnehagen då, men det kan ikkje ha vore mykje.

Dette seier eg ikkje som kritikk mot dei som var i studio, men som ein refleksjon over programmet. Eg opplever det svært positivt at leiarane i kommunen stiller opp og slik er med på dugnaden som Valle Radio jo er, vi skaper noko saman til glede for folk i bygdene her i Øvre Setesdal. Men mange gonger utnyttar vi ikkje situasjonen når han ligg der. I dette tilfellet var Liv ny styrar i Hylestad barnehage, i mitt tilfelle var Magnhild ny styrar i Valle barnehage. Begge har arbeidd i mange år i barnehagen dei no styrer, og eg var ikkje flink nok til å snakke med Magnhild om aktuelle og relevante utfordringar då eg hadde henne med meg i studio, og høvet til å snakke om tilsvarande med Liv for Hylestad barnehage trur eg vart borte i kulturaktivitetane. Kan hende burde vi gje dei høve til å møtast i studio ein gong for å snakke om dei respektive barnehagane og gje oss lyttarar meir innsikt i eit viktig område av drifta til Valle kommune.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *