Koseleg biltur med Niklos

Share

Fredag går turen frå Valle til Mandal, og i dag hadde eg gleda av å ha med Niklos K. Besteland til Evje. Den turen gjekk fort, slik det som regel gjer i godt lag. Praten går og ein tenkjer ikkje så mykje over turen, som forresten er blitt svært mykje lettare å køyre etter at den nye strekningen sør for Langeid opna. Når ein tenkjer på at det bare er vel fem år sidan den utbygginga starta, så har det vore ein god periode for ferdsla i Setesdal, svingane frå Langeid til Ose ville jo ingen ende ta for nokre år sidan.

Praten gjekk om mangt og mykje, Niklos hadde laga ferdig programmet til tysdagens Postludium og fortalde at årets Adventsprogram ikkje er blåkopi av fjorårets, han har funne fram nye ting attåt noko av det han har spelt tidlegare år. Men ingen kan vere overraska over at det er ulike framføringar av Nun komm, der Heiden Heiland, Martin Luther si mektige adventssalme som er ei tysk omsetjing av Veni redemptor gentium. I norsk språkdrakt vert det Folkefrelsar til oss kom, omsett av Bernt Støylen i 1905. For Niklos er dette sjølve adventssalma.

Eg nemnde for han den adventssalma eg hadde brukt i sist Postludium, Otto Olsons komposisjon over Bereden väg för Herran og korversjonen som eg og nytta. Han kunne då fortelje at det koret var mykje brukt i svensk radio før, men no var det mindre og mindre.

Og så snakka vi om folkemusikkprogrammet med Hallvard T. Bjørgum tysdagskvelden. Han hadde ikkje fått med seg starten, men siste delen hadde vore interessant. Eg kommenterte då at eg hadde skrive artikkel om Olav Heggland på Setesdalswiki, og då fortalde Niklos at han hugsa at Hegglanden hadde vore på besøk heime hjå dei då han var liten, så liten at han sat på fanget til mora. Men han kunne ikkje minnast kva som vart spelt. Siste gongen han møtte den store spelemannen var på ein busstur til Evje like før han døydde i 1974, då hadde dei prata saman på bussen nedover frå Skomedal og oppover att. Men han hugsa ikkje nøyaktig kva hus Olav Heggland budde i, så han hadde vanskeleg for å vise meg det då vi kom til Skomedal. Vi funderte litt på det medan ferda gjekk vidare sørover, og snart var vi på Evje. Der fekk vi oss ein kopp kaffe på Pernille, og eg fekk programmet for tysdagens program. Etter kvart vil du finne det på Setesdalswiki, men det vert ikkje før i morgon, for no tek eg kvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *