Topp 100 og Topp Tre

Share

Morgenbladet si liste «Morgenbladets Topp 100» danna grunnlag for programmet Topp Tre her i Valle Radio. Det er tre folkemusikkplater på lista, og Hallvard T. Bjørgum har anten spelt på eller produsert dei. Difor var det ei stor gleda då han hadde høve til å kome i raddioen i kveld og fortelje om platene og spele kutt frå dei. Å kome på lista er ein stor heder, her er Skjoldmøyslaget nr. 14, Meisterspel nr. 74 og Slinkombas nr. 84.

I sendinga starta vi med Meisterspel, ei plate med Hauk Buen. Plata var oppteken på Henie Onstad Kunstsenter i løpet av ei natt, og Hauk Buen fylte heile plata og vel så det. Frå denne plata spelte vi sporet «Nonsnatten».

Deretter var det Slinkombas. Den plata vart spelt inn i stova heime på Kåsland, og det var første innspelinga til Hallvard. Gruppa framstår som ein samspelgruppe, men alle spelte ikkje på noko av spora, det meste var tre på same tid. Frå denne plata høyrde vi «Gamle Gunleik», «Pysi sat i åren», ein bånsull der det og vart nytta ei gammal fløyte frå Berg. Til slutt fortalde Hallvard om namnet Slinkombas, ein dans frå Sirdal mellom krosslagde stokkar. Knut Jonson Heddi hadde skrive ned slåtten og dei notekyndige tolka notene hans. Så høyde vi slåtten «Slinkombas».

Dermed var vi komne fram til plata som kom høgast i kåringa. Det var Skjoldmøyslaget, som og var spelt inn på Henie Onstad Kunstsenter. Frå denne høyrde vi «Førespel» av Olav Heggland, og Hallvard fortalde om Olav Faremo, spelemannen som budde inni Setesdal Vesthei, men som sidan busette seg i Sirdal og møtte Strømsingen. Ein veit ikkje kor grava hans er, og bror hans, som og var spelemann, reiste til Amerika. Det er Knut Jonson Heddi som har teke vare på tradisjonen og ført han vidare til dei spelemennene som lærte av han. Vi spelte «Fillevern» før programmet vart avslutta med Skjoldmøyslaget i form etter Olav Heggland.

Gjennom den gode timen som programmet varte, fortalde Hallvard som alltid levande og interessant om soga til slåttar og spelemenn, og etter programmet visste i alle fall eg meir om bakgrunnen for plata. Så kom ho på 14. plass, medan «Leva Livet» med Åge Aleksandersen kom på 17. plass. Det likte Hallvard godt. Kåringa var ikkje av artist, men av kvalitet på album.

Her er lenke til Morgenbladets Topp 100: http://mbtopp100.no/norgeshistoriens-100-beste-plater/

«»

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *