Vekk med kjettingane!

Share

Torsdagskvelden var eg på eit møte på Sølvgarden på Rysstad. Det var eit temamøte om Reiseliv og destinasjonsbygging og halde av Valle Næringslag klokka 18 til 22. Problemstillinga var Korleis dra nytte av å liggje mellom dei to store, Evje om sommaren og Hovden vinterstid?

Eit av emna som kom opp var Brokke-Suleskarvegen. Då fortalde ordførar Tarald Myrum at det var på hengande håret ein fekk byggje vegen, og eitt av krava frå grunneigarane for å gje fri grunn var at avkjørslene måtte stengjast med kjetting.

Eg kom til Valle i 1991, det var vel om våren det året at vegen vart opna, og alt første året drog eg over til Ålgård for å besøke familie. Alt då la eg merke til kjettingane, og då familien kom året etter og vi ville på tur på fjellet for å sjå etter molter, var det uråd å finne parkeringsplass, så eg sette av Sigmund og Reidun og køyrde sjølv ein tur for å finne ein stad å parkere, og så kom eg attende og henta dei etter eit par timar. Eg er nok ikkje den einaste som har gjort det på den måten, kjettingane har vore ei effektiv stengsle for folk som ville ut i naturen på fjellet.

No har det gått 20 år og i løpet av desse åra er det bygd opp eit stort hyttemiljø i Brokke. Hytteeigarane undrar seg og på kvifor det skal vere så vanskeleg å få parkert på heia for å ta seg ein spasertur i fjellet. Thor Flognfeldt frå Høgskulen i Lillehammer var på møtet på Rysstad ikkje nådig mot folka som har sperra norsk natur for opplevingar, det er bare dei aller sprekaste av oss som kan oppleve norsk natur, sa han. I alle andre land legg dei til rette for at turstiar skal vere tilgjengelege for ferdsle og for folk med rørslehemming, men i Norge er stiane så smale at ein må sjå seg godt for om ein skal halde seg på føtene, og då vert naturopplevinga lita. Han synte til nasjonalparkar i mange land, alle har gode tilhøve for brukarar, som då nyttar desse og ikkje øydelegg der dei ikkje har høve til å gå. Og nasjonalparkar i andre land kan ha tusenvis av gjester dageleg utan at ein opplever å gå i kø, fortalde han og synte lysbilete frå mange besøk i ulike land og parkar.

Om ein skal få turistar til å stoppe ein dag ekstra, bør ein få vekk nokre kjettingar og ta i bruk parkeringsplassane på fjellet, så stoppar dei på butikkar, kafear og campingplassar ein dag ekstra, eller kan hende ei veke om det er tilrettelagt med varierte opplevingar i den flotte naturen vår i Setesdal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *