Godt nytt år

Share

Så er vi komne til siste dagen i 2011. Året som ligg bak oss baud på mange opplevingar både i og utanfor Valle Radio. Ein del av dei kunne du følgje gjennom å lese denne bloggen. Mange av månadene har det vore daglege artiklar, men no i desember skranta det litt. Julesnufsinga vart så pass kraftig at inspirasjonen til å skrive forsvann i hostekuler og febertokter.

Bloggen tek jo utgangspunkt i programma i Valle Radio, men eg supplerer med anna stoff rett som det er, og Setesdalswiki har jo kome sterkt inn i biletet etter kvart. Eg ser på den nettstaden som ei utviding av Valle Radio sitt høve til å kommunisere med lesarane ved at dei fleste sendingane har fått si eiga nettside på Setesdalswiki. Der kan ein lese om programmet, mange av dei som er med, har artiklar på Setesdalswiki, og diskusjonssidene kan brukast om folk har kommentarar. Det siste har rett nok ikkje skjedd til no, men høvet er der.

I løpet av året har bloggen hatt nærare 20.000 besøk, og ofte ser den som er på besøk på mange sider, så talet på sidevisningar er over 40.000. Det er ikkje så mykje samanlikna med populære bloggar, men sjølv om eg likar når tala går oppover, har Valle Radio sin blogg funne ei form eg opplever det høveleg å halde seg til. I år har eg skrive 305 blogginnlegg om eg reknar med denne, det er ikkje ganske ein gong dagleg i snitt, men vel 84% av dagane i 2011 kom det eit innlegg på bloggen.

Om eg skulle ha noko nyttårsønske i år, måtte det kanskje vere at eg kunne skrive gjennomsnittleg ein gong til dagen. Om ein skulle gå gjennom alle innlegga frå siste året, ville eit sjå at tema for innlegga varierer ganske mykje. Det er jo naturleg, for programma i Valle Radio er jo også ganske varierte. Og sjølv om ein ikkje skriv om alt, er det mange tema ein kan bruke. Om ein skulle sortere dei i løpet av eitt år og legge artiklar som handlar om same tema i kvar si bunke, ville det nok bli ganske mange bunker. Eg har ikkje prøvd på det, eg har ikkje skrive ut artiklane på papir, slik ein gjorde med stoff på Internett då Internettet var nytt. No ligg dei 2781 artiklane bare på Internett.

Takk til alle som har lest det eg har skrive i 2011. Godt nytt år.

Jolesnufsing

Share

Årets jolesnufsing skuldast ikkje gråt over manglande gåver, men at nasen gjekk tett. Ikkje så rart kan hende, for minst ein av jolegjestene våre var rimeleg sylta, og då vil det fort smitte til andre. Hos meg slo det ut for fullt andre joledag, og då var Vekk i morgen-øskja nesten tom, så eg får vel bare ta det som kjem.

Eg kunne jo ha snufsa litt då den stasjonære PC-en min sa takk for seg. Men Helge var heime og klarte å berge det som eg hadde lagra på han, no for tida er det jo ikkje mykje ein lagrar på eigen PC, så det var ingen grunn til å snufse av det heller. I staden bestilte eg ny frå Komplett, og hadde eg fylgt med på tekstmeldinga som kom jolaftans morgon, kunne eg no ha hatt han i hus, men plinget forsvann mellom jolemusikk og jolesnufsing, så eg får ta turen til postkontoret i morgon. I grunnen var det like greitt, så kunne ein gjere noko anna i jola.

Når jolesnufsinga slår til, vert det nokre timar ein lurer seg til å sove, både før og etter middag. Eg trur i grunnen dei andre i huset synest det er like greitt, ein snufsande far er ikkje mykje selskap i. Så vart det ei bok i staden for puslespel og Rummikubb, eg trur nok det er første jola på mange år at ikke Rummikubb har vore på bordet. Romjola kan framleis brukast til puslespel om eg kjenner kona rett, og det burde eg jo gjere etter å ha levd saman med henne og nytt godt av omsorg frå henne i over 40 år.

I Mandal har jola vore mykje stillare enn dei fleste andre stader i landet, om ein skal tru NRK og TV2. Spesielt på Vestlandet har det jo vore ille denne helga, ikkje bare ute ved Stad, men langt inn i fjordane. Her har vi hatt straum heile jolehelga, så langt eg har kunna observere i mellom snufsa. Rett nok var han borte eit par timar frå 00-02 ei natt, men det var kunngjort i avisa, så når ein har batteri på datamaskinen, kan ein til og med skrive litt om det er straumlaust. Lagringa laut imidlertid vente til straumen kom att og internettboksen igjen kunne sende signal.

Gledeleg jol, anten du snufsar eller ei.

Julegave og Setesdalswiki

Share

Mange av oss har nok undra på kva ein skal gje til julegave dette året. Dei siste vekene før jul kom to bøker som godt kunne brukast til julegave, eg tenkjer på 17. mai-boka og boka med bileta til August Abrahamsen. Bøkene til Reidar Tveito om Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra høver godt til folk som anten planlegg tur til fjells til sommaren eller folk som lik meg ikkje har tenkt seg på tur, men godt kan tenke seg å lese om andre sine turar.

No er julekvelden over og mange har nok fått bøker i julegave. Det har eg og. Ei bok av John Hardang om historien bak songar og salmer er noko eg alltid set pris på, den kan vere høveleg som grunnlag for minst ein sangkveld i Valle Radio etter nyttår. Å supplere med historia bak songane kan vere interessant mange gonger.

Men årets julegåve fekk eg av Helge, son min, som og er med i arbeidet med Setesdalswiki. Han styrer det datatekniske, eg skriv artiklar. Han hadde funne to t-skjorter som han hadde trykt på logoen til Setesdalswiki. Eg vart rimeleg overraska over den julegaven, kunne knapt seie noko ei lang stund etter at eg hadde pakka ut den mjuke pakken.

Historia bak denne julegaven var altså at han hadde fått laga logo på ein film som han printa ut før han kom heim til jul og så hadde han fått hjelp av Reidun til å stryke logoen på t-skjortene. Det var jo ein julegave som passa godt, i desember har Setesdalswiki vakse ganske godt og har no snart 2200 artiklar. Besøkstalet ligg over 200 pr. dag fleire dagar i desember, til no er gjennomsnittsbesøket om lag 170 pr. dag denne månaden.

I desember laga eg ein julekalender der tanken var å ha eit nytt bilete kvar dag frå 1. desember til julaftan. Eg fekk bruke bilete som folk delte med seg på Facebook, alle bileta var frå Setesdal, og dei fleste var relatert til desember. Takk til alle som gav Setesdalswiki ein bilet-julegave. Nokre handla om hendingar i desember, nokre var naturbilete. Målet mitt var og at eg skulle skrive artiklar relatert til bileta. Det har eg ikkje klart enno. Men vonleg kjem dei artiklane som manglar med tida.

I samband med felles kommunestyremøte for alle kommunestyra i Setesdal 15. desember, der eg fekk presentere Setesdalswiki, fekk eg inn 20 biografiar om kommunestyrerepresentantar. Eg har att to å skrive før eg er ferdig med alle eg fekk inn. Med ei slik Setesdalswiki-uniform bør inspirasjonen til å skrive ikkje verte dårlegare i dagane som kjem.

Lisle jolekvelden

Share

Programmet i Valle Radio 23. desember 2011 var Ørnulf Hasla, Bjørgulv T. Berg og Øyvind Jacob ansvarlege for. Teknikar var Jørund Georg Jore og sendinga gjekk til heile Setesdal.

17.00: Direkte sending frå sentrum: Trekking av Valle sentrumsforeining sitt Jolelotteri
18.00: Program i opptak
18.00- 18.50 Joletankar v/ Torleif B. Harstad, Håvard Viki og Bjørgulv T. Berg
18.50- 19.55 Bjørgulv T. Berg og Ørnulf Hasla i jolesamtale til mange verdsdelar
19.55- 21.15 Tradisjonar frå Myanmar. Htoo Thaw David fortel
21.15- 21.40 Samtale med boknemda for den nye 17. mai-boka
21.40- 22.00 Sigurd Haugsjerd i samtale om året som gjekk
22.00- 22.45 Birgit Harstad om joletradisjonar i Valle
22.45- 23.05 Harald Tveiten kåserer
23.05- 23.40 Ordførar Tarald Myrum ynskjer god jol i samtale med Bjørgulv og Ørnulf

Alt som vart sendt denne kvelden var opptak, der var ikkje folk i studio til å ta imot tlf. Ein kunne høyre Valle Radio på Valle Radio si heimeside http://www.valleradio.com

Eg var oppteken med andre gjeremål og fekk bare med meg litt av sendinga, frå rundt klokka 22. Diverre fall ho ut etter ei stund og eg klarte ikkje å få kople meg på att.

August Abrahamsen

Share

I går kveld inviterte eg Leonhard Jansen i studio i Valle Radio for å fortelje om August Abrahamsen. Setesdalsmuseet har vore saman med Det Digitale Agder og Vest-Agder Museet om å gje ut ei bok med bilete som denne fotografen, læraren, redaktøren av Fædrelandsvennen og turistforeningssekretæren tok for over hundre år sidan.

Det vart ein triveleg time der Leonhard si strålande evne til å fortelje kom til sin rett og eg kunne gle meg over informasjon om noko eg ikkje visste særleg om frå før. Museet hadde fått overta fleire hundre glassplater etter oldebarnet til August Abrahamsen, som Kjellaug Dale hadde møtt i Oslo og blitt ven med og som difor kom på besøk til Setesdal. Så hadde Vest Agder Museet fått tilsvarande samling glassplater som eigentleg var sette på gata for å kastast etter eit dødsbo. I tillegg fanst det eit kartotek som synte kva som skulle vere i samlinga, og ved å slå saman dei to, var samlinga mest komplett.

Museet skal formidle det dei har i samlingane sine, og denne gongen høvde det å lage ei bok. Og det er ikkje ei bok av pocketboktypen dei har laga, ho er stor og velutstyrt med ekstra tjukt papir, shirtingbind, som er ein type innbinding som ikkje lagast i Norge lenger. Dei måtte til Litauen for å trykke boka. Men god sponsing har gjort at prisen likevel er blitt like under 400 kroner, eg skulle nok tru at det er ei jolegåve som kunne høve både lommebok og historieinteresse hos mange.

At det skulle høve til jolegåve var og noko av grunnen til at eg inviterte Leonhard denne tysdagskvelden. Det var siste tysdagssendinga før jol og om han skulle få reklamere for boka som jolegåve, måtte det gjerast denne kvelden. I sendinga lisle jolekvelden er det 17. maiboka som skal ha fokus.

Leonhard fortald om korleis August Abrahamsen reiste i Setesdal med sitt tunge fotoutstyr, han måtte ha hesteskyss for å få med seg alt når han skulle på tur. Det som er spesielt med bileta hans er at han stiller opp folk i landskapet, han kallar dei staffasje. Det er både dottera og kona, men og lokale personar han møter på turane. Av og til rekk dei å springe heim og få på seg finklede, ein kan undre seg over kor fint folk er kledde på mange av bileta. Så finn han gode vinklar for å få gode bilete og får folka til å halde seg i ro i fleire sekund. Det var ikkje digitale foto for så lang tid sidan, så han måtta pakke glassplata ned og ta ho med til Kristiansand for framkalling.

Ved å bruke så stor glassplate fekk han veldig skarpe og gode motiv som den dag i dag er av sjeldan kvalitet. Dei fleste bileta har ikkje vore trykte før, på den tida hadde ikkje avisene særleg mange bilete. Så denne boka gjev for fyrste gong folk høve til å sjå det han har fotografert og slik teke vare på for ettertida. Eg seier: Løp og kjøp! Det er ei oppleving å sitje og bla i boka og sjå dei mange kjende motiva slik dei tok seg ut for over hundre år sidan. Fjella er dei same, men det er elles kome mange endringar til i bygdom, som Ivar Aasen seier i sangen: Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå.

Pinnekjøt

Share

I går skreiv eg om matkultur og fortalde at vi skulle ha pinnekjøt til avslutninga. Eg var jo noko spent, så eg sette på vatn med det same eg kom på jobb i dag. Men pinnane måtte eg vente på til butikken opna. Då fekk eg både pinnar og poteter.

Dette var jo eit joleavslutningsprosjekt som var initiert av elevar som ville lære om norsk tradisjonsmat. Difor måtte dei involvertast i arbeidet, ellers ville læringa vere lita. Så dei slo vatnet av kjøtet og fekk det i gryta over pinnane. Det var eit problem at vi ikkje hadde grytelokk som passa, så etter ein halv time var vatnet borte, men heldigvis oppdaga vi det, og då var det ein av elevane som gjekk øvst opp i Leite og fann grytelokk heime, så vi vart berga, og då gjekk kokinga strålande.

Så var det tid for å lage stappe. Kålrabi vart skrelt og kokt, det same vart gulrøter, og så blanda vi det saman. Stampinga gjekk ikkje så lett som om vi hadde hatt maskin, men fem damer visste råd: Vi er maskin til saman, sa dei. Og så miksa eg litt over komfyren med ein pakke fløte og noko kraft frå kokinga av grønsaker og poteter, og snart var det ei fest-kålrabi-gulrot-stappe. Medan vi heldt på med det, kokte kjøtet og potetene. Vi fekk til og med tid til ein skuletime med jolesongar. Øystein ved pianoet og vi andre med sangstemmen. Adventstidas øving var vel anvendt, for songen ljoma i mellom veggene i det gamle kommunehuset i Valle.

Medan maten kokte, vart bordet dekka. Juledukar, juleserviettar og servise og bestikk, alt kom på plass. Eg lærte dei og å få serviettane til å stå i glas, den slengen på handa ein må ha for å få ein luftig serviett i glaset hadde eg ikkje gløymt, sjølv om det er mange år sidan eg no hadde brukt den. Litt trening gjer meister, og Øystein prøvde seg og på å få det til.

Klokka 11 kom Guro og Jorunn og Lisbeth på biblioteket og vi kunne setje oss til bords. Elise Marie hadde sagt ho vart litt sein, så eg kalla på henne med walkie talkie, elevane har vore med på saueleiting og brukt sankeradio, så for dei var det ein morosam gimmick.

Så ønska eg velkomen til bords, vona maten ville smake og stemte i med O du som metter. Snart vart det stille ved bordet, maten smakte både norske, burmesiske og litauiske munnar og eg fekk mykje kyt for jobben. Kan hende vert det pinnekjøt i burmesiske heimar i jolehelga.

Vel uti måltidet slo Elise Marie på glasset og heldt ein tale med gode ord til oss som held til på vaksenopplæringa. I tillegg overleverte ho ei gåve til Øystein, som fylte 60 i haust. Boka med bileta av August Abrahamsen høvde godt, sa han, han var så gammal at han hugsa turane med Setesdalsbanen til Byglandsfjord og buss vidare til Rysstad.

Så var det iskake til dessert, og alle var samde om at det hadde vore eit godt måltid. Haustsemesteret er ferdig, og joleferien kan ta til.

Elevane veit godt at etter eit stort måltid er det mykje oppvask. Dei sytte for at alt var ryddig og fint før dei gjekk heim, noko som gav eit par av dei ein ekstra lang dag i dag.

Klokka halv åtte kan du høyre Leonhard Jansen fortelje om boka som Øystein fekk. Slå på Valle Radio, så får du det rett inn i stova.

Matkultur

Share

Sjølv om vi likar best den maten vi kan kalle kvardagsmat, er det alltid moro med litt forandring, og i morgon skal elevane på Valle Vaksenopplæring prøve pinnekjøt for første gong. Det er joleavslutning og det kom ønske om at ein denne gongen kunne prøve å få til norsk tradisjonell jolemat og at elevane frå Burma hadde lyst til å lære å lage det og å smake det.

No har vi ulike tradisjonar når det gjeld jolemat, så vi måtte gå gjennom og lære noko om kva nordmenn likar å ete til jol. Dermed enda vi opp med pinnekjøt, det er av sau og då er det ikkje problem for dei som av ulike grunnar ikkje et svinekjøt. Kalkun vart vurdert for krevjande å få til, medan eg tok på meg å syne elevane korleis ein lagar pinnekjøt.

Så i dag var eg ein tur på butikken og fekk pinnekjøt og kålrabi, og når eg skriv dette, har pinnekjøtet lege i vatn nærare 12 timar. Når det ligg over natta, vil det ha 18 timars utvatning, og på pakken stod det at det var ok frå 12 og oppover, så eg reknar med at det fungerer greitt. Når vi startar i morgon, vert det å få pinnekjøtet på kok og så må vi lage kålrotstappe og koke poteter. Det skulle vel vere alt på kjøkken utanom å dekke bordet. Eg vonar at det vert tid til litt jolesong og, elevane likar godt å synge norske jolesongar, så vi må prøve å få plass til nokre songar både medan vi lagar maten og kanskje også ved bordet.

Om alt går etter planen, skulle maten vere ferdig ved 11-tida. Så vil dei få seg ein smakebit. Spørsmålet vi lurer på er om alle klarer å la vere å ta med seg ris og annan asiamat i morgon, og verkeleg vågar å satse på norsk mat denne dagen. For kvardagsmaten er liksom det sikre og kjende.

Den som lever, får sjå. Eg må hugse på å kjøpe poteter og pinnar i morgon tidleg, det høyrer og med. Og så trur eg at vi kan ha is til dessert. Høyrest det ikkje godt ut?

Program for tysdag 20. desember 2011

Share

Tysdag 20. desember 2011

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Julesangkveld
19.30 Førjulsmagasin
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 God jul og takk for 2011

*Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com
*Fylg oss på Facebook http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio
*Les om programmet på Setesdalswiki http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Det vert ikkje sending onsdag 21. desember, men fredag 23. desember er det tradisjonell lisle joleptan-sending frå Valle sentrum med Bjørgulv T. Berg og Øyvind Jacob.

Deilig er jorden

Share

Deilig er jorden er ein song som B.S. Ingemann skreiv i 1850. Songen vart gjendikta til nynorsk av Gunnar Torgeirsson Rysstad og utgitt i Syn og Segn i 1900. Sidan kom den inn i Nynorsk salmebok. Norsk-amerikanaren F. Melius Christiansen skreiv eit korrarrangement til den. Engelsk tittel er «Fairest Lord Jesus eller Beautiful Savior».

På Valle Vaksenopplæring nyttar vi ein del song for å øve lesetrening for elevar. Dei må jo då lese fort for å fylgje med. No i tida før jol er det naturleg å nytte jolesongar. Dermed dukka den opp i vårt repertoar, og då sa ein av elevane at dei hadde den sangen i Burma og. Det hadde eg vanskeleg for å tru, men han hadde sangen i ei notebok, så han skulle ta den med.

Eit par dagar seinare kom han med den. Burmesiske bokstavar gjorde at eg ikkje kunne lese teksten, men notene var dei same, og melodien kom fram frå pianotangentane. Eg kunne ikkje anna enn å under meg over korleis ei dansk salme hadde funne vegen til Burma, men songen sine vegar er mangslungne.

Pilgrimssang vert han kalla og vert og nytta i gravferder, men her i landet er han jo mest kjent som jolesong. Og så har han funne vegen rundt jorda via den engelske omsetjinga.

Tusen takk!

Share

I går passerte Setesdalswiki 2100 artiklar. Eg var på Hovden i går og i dag for å fylgje møte i Setesdal Regionråd, og der var det generalforsamling for dei IKS-selskapa som kommunane i Setesdal har oppretta. Då var det lagleg å skrive om dei, og eg fekk høve til å vere med på generalforsamlingane i dei ulike selskapa.

Visste du kva for IKS ein har i Setesdal? Eg hadde heller ikkje heile oversikten, men gårsdagen hjelpte meg, så no kan eg skrive om det. Setesdalsmuseet er eigd av Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Iveland og Aust-Agder fylkeskommune. Setesdalsmuseet Eigedom er eit eigarselskap for eigedomane som kommunane hadde før samanslåinga. Så er Setesdal Miljø og Gjenvinning eit IKS-selskap, det same er Setesdal Brannvesen og Setesdal Revisjonsdistrikt. Du finn lenker til alle selskapa på http://www.setesdalswiki.no/wiki/14._desember_2011

I dag heldt møtet fram på Hovdestøylen med felles møte for alle kommunestyra i Setesdal. Der fekk eg ordet og fortalde litt om Setesdalswiki og leverte ut skjema som folk kunne skrive om seg sjølv på. Då eg var ferdig med å presentere Setesdalswiki, fekk eg stor applaus for dugnadsarbeidet og overrekt ei gåve frå Setesdal Regionråd. Eg vart mest sett litt ut, for sjølv om eg godt kunne ha tenkt meg å få ei slik regionrådsnål som Hasla lagar, du veit den med dei stiliserte krullane som og står på bautaene langs Riksveg 9, hadde eg ikkje tenkt tanken i det heile tatt. Dei krullane har gjeve inspirasjonen til den nye logoen som vi har fått på Setesdalswiki, med eit tre laga av krullar og med setesdalsfargar. Så både den og fatet frå Glashytta gjorde meg umåteleg takksam.

Eg fekk inn 20 skjema, nokre av dei har eg alt skrive om, dei som står att, får eg heller skrive om i helga eller i neste veke, om ikkje noko kjem i vegen. Då går det fort mot 2200 artiklar. Hyggeleg å prate med folk desse dagane på Hovden, slike møte bind saman folk på tvers av kommunegrensene.