August Abrahamsen

Share

I går kveld inviterte eg Leonhard Jansen i studio i Valle Radio for å fortelje om August Abrahamsen. Setesdalsmuseet har vore saman med Det Digitale Agder og Vest-Agder Museet om å gje ut ei bok med bilete som denne fotografen, læraren, redaktøren av Fædrelandsvennen og turistforeningssekretæren tok for over hundre år sidan.

Det vart ein triveleg time der Leonhard si strålande evne til å fortelje kom til sin rett og eg kunne gle meg over informasjon om noko eg ikkje visste særleg om frå før. Museet hadde fått overta fleire hundre glassplater etter oldebarnet til August Abrahamsen, som Kjellaug Dale hadde møtt i Oslo og blitt ven med og som difor kom på besøk til Setesdal. Så hadde Vest Agder Museet fått tilsvarande samling glassplater som eigentleg var sette på gata for å kastast etter eit dødsbo. I tillegg fanst det eit kartotek som synte kva som skulle vere i samlinga, og ved å slå saman dei to, var samlinga mest komplett.

Museet skal formidle det dei har i samlingane sine, og denne gongen høvde det å lage ei bok. Og det er ikkje ei bok av pocketboktypen dei har laga, ho er stor og velutstyrt med ekstra tjukt papir, shirtingbind, som er ein type innbinding som ikkje lagast i Norge lenger. Dei måtte til Litauen for å trykke boka. Men god sponsing har gjort at prisen likevel er blitt like under 400 kroner, eg skulle nok tru at det er ei jolegåve som kunne høve både lommebok og historieinteresse hos mange.

At det skulle høve til jolegåve var og noko av grunnen til at eg inviterte Leonhard denne tysdagskvelden. Det var siste tysdagssendinga før jol og om han skulle få reklamere for boka som jolegåve, måtte det gjerast denne kvelden. I sendinga lisle jolekvelden er det 17. maiboka som skal ha fokus.

Leonhard fortald om korleis August Abrahamsen reiste i Setesdal med sitt tunge fotoutstyr, han måtte ha hesteskyss for å få med seg alt når han skulle på tur. Det som er spesielt med bileta hans er at han stiller opp folk i landskapet, han kallar dei staffasje. Det er både dottera og kona, men og lokale personar han møter på turane. Av og til rekk dei å springe heim og få på seg finklede, ein kan undre seg over kor fint folk er kledde på mange av bileta. Så finn han gode vinklar for å få gode bilete og får folka til å halde seg i ro i fleire sekund. Det var ikkje digitale foto for så lang tid sidan, så han måtta pakke glassplata ned og ta ho med til Kristiansand for framkalling.

Ved å bruke så stor glassplate fekk han veldig skarpe og gode motiv som den dag i dag er av sjeldan kvalitet. Dei fleste bileta har ikkje vore trykte før, på den tida hadde ikkje avisene særleg mange bilete. Så denne boka gjev for fyrste gong folk høve til å sjå det han har fotografert og slik teke vare på for ettertida. Eg seier: Løp og kjøp! Det er ei oppleving å sitje og bla i boka og sjå dei mange kjende motiva slik dei tok seg ut for over hundre år sidan. Fjella er dei same, men det er elles kome mange endringar til i bygdom, som Ivar Aasen seier i sangen: Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *