Fredsprisvinnarar

Share

Eg vart sitjande og sjå på utdelinga av Nobels fredspris til tre sterke kvinner i dag. Ein kunne ikkje anna enn å la seg fascinere av dei, kvar med sitt uttrykk stod dei fram som sterke og uredde. Den yngste av dei, Tawakel Karman frå Jemen, såg ikkje ut til å vere særleg tynga av stundas alvor, ho heldt den lengste talen og var tydeleg på at kvinner kjemper ein kamp for fridom og fred for både kvinner og menn og barn. Her kan du lese meir om henne:
http://no.wikipedia.org/wiki/Tawakkul_Karman

Heller ikkje Leymah Gbowee er så gamal, ho er fødd i 1972 og altså ikkje 40 år ennå. I 2002 organiserte ho Women of Liberia Mass Action for Peace. Fredsrørsla starta med lokale kvinner som ba og song på fiskemarkedet. Ho organiserte både kristne og muslimske kvinnene i Monrovia i Liberia til å be for fred og å halde ikkjevaldsprotestar. Vi merka godt på talen hennar at Martin Luther King var eit førebilete. Her finn du meir om henne: http://no.wikipedia.org/wiki/Leymah_Gbowee

Den eldste av vinnarane var den som talte først. Ellen Johnson Sirleaf er fødd i 1938 og er altså 73 år, president i Liberia og nettopp vald til president for seks nye år i landet. Ho har tysk blod i årene sine, Ho er Afrikas første, demokratisk valgte, kvinnelege statsoverhovud, økonom av utdanning frå Harvard University og har vore finansminister i landet. Engasjementet hennar var ikkje mindre enn det dei to første gav uttrykk for, gleda hjå alle var smittande og eg sat med tårer i augo og tok del i det. Les meir om henne her: http://no.wikipedia.org/wiki/Ellen_Johnson_Sirleaf

Eg tenkte at verda har endra seg mykje dei siste åra. Sosiale medier er verksame på ein måte som ingen tenkte var mogleg for få år tilbake, og sjølv er eg ein del av dette. Kva gjorde vi før Internett og mobiltelefonar? Eg er så gammal at eg hugsar det. Men Internett og sosiale medier har vore medverkande til at tapre kvinner stod opp mot det som kunne kjennast som ei umogeleg overmakt, modige, ja heltemodige kravde dei sin rett for seg og sine folk. Og vann fram.

Gratulerer til alle saman.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *