Godt nytt år

Share

Så er vi komne til siste dagen i 2011. Året som ligg bak oss baud på mange opplevingar både i og utanfor Valle Radio. Ein del av dei kunne du følgje gjennom å lese denne bloggen. Mange av månadene har det vore daglege artiklar, men no i desember skranta det litt. Julesnufsinga vart så pass kraftig at inspirasjonen til å skrive forsvann i hostekuler og febertokter.

Bloggen tek jo utgangspunkt i programma i Valle Radio, men eg supplerer med anna stoff rett som det er, og Setesdalswiki har jo kome sterkt inn i biletet etter kvart. Eg ser på den nettstaden som ei utviding av Valle Radio sitt høve til å kommunisere med lesarane ved at dei fleste sendingane har fått si eiga nettside på Setesdalswiki. Der kan ein lese om programmet, mange av dei som er med, har artiklar på Setesdalswiki, og diskusjonssidene kan brukast om folk har kommentarar. Det siste har rett nok ikkje skjedd til no, men høvet er der.

I løpet av året har bloggen hatt nærare 20.000 besøk, og ofte ser den som er på besøk på mange sider, så talet på sidevisningar er over 40.000. Det er ikkje så mykje samanlikna med populære bloggar, men sjølv om eg likar når tala går oppover, har Valle Radio sin blogg funne ei form eg opplever det høveleg å halde seg til. I år har eg skrive 305 blogginnlegg om eg reknar med denne, det er ikkje ganske ein gong dagleg i snitt, men vel 84% av dagane i 2011 kom det eit innlegg på bloggen.

Om eg skulle ha noko nyttårsønske i år, måtte det kanskje vere at eg kunne skrive gjennomsnittleg ein gong til dagen. Om ein skulle gå gjennom alle innlegga frå siste året, ville eit sjå at tema for innlegga varierer ganske mykje. Det er jo naturleg, for programma i Valle Radio er jo også ganske varierte. Og sjølv om ein ikkje skriv om alt, er det mange tema ein kan bruke. Om ein skulle sortere dei i løpet av eitt år og legge artiklar som handlar om same tema i kvar si bunke, ville det nok bli ganske mange bunker. Eg har ikkje prøvd på det, eg har ikkje skrive ut artiklane på papir, slik ein gjorde med stoff på Internett då Internettet var nytt. No ligg dei 2781 artiklane bare på Internett.

Takk til alle som har lest det eg har skrive i 2011. Godt nytt år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *