I eit nytt land

Share

I går henta Astrid Nomeland og Anny Brokke burmesiske kvinner i Valle for å ta dei med på Nomeland bedehus til kvinnemøte. Eg var ikkje der, men eg fekk ei god forteljing frå dei burmesarane som var der, det hadde vore mat, utlodning, sang og andakt og dei hadde hatt det fint. Dei forstod nok ikkje alt, men det gjorde ikkje dei norske heller, for burmesarane song på sitt språk. Men den kristne fellesskapen treng ikkje alltid språk, ein merker han over språkgrensene. Og dei som har vore i Norge så lenge at dei har funne seg til rette i landet vårt og i mørketida, set pris på å møte andre kvinner til kristent fellesskap sjølv om språket ikkje alltid heng med.

Det er no kome tre nye burmesarar til Valle. Eg vil nok tru at det var ikkje den beste tida å kome frå Malaysia til Valle. Dei har vore i høgkommissæren for flyktningar i Malaysia si varetekt og venta på å få ein stad dei kunne bu. Så vart det Valle i desember.

No er situasjonen den at folk som kjem frå andre deler av verda, må ha legesjekk når dei kjem hit. Noko kan gjerast i Valle, men ofte må dei til sjukehuset for å få kontrollar som ikkje kan gjerast av kommunelegen. Det skjedde denne veka, og når ein er ny i landet, er det ikkje like lett å finne ut av korleis ting fungerer. Dei trudde drosjen skulle vente, men den hadde bare fått bestilling på tur til sjukehuset, så den tok med seg andre pasientar heimover før burmesarane var ferdige. Så kom dei ut og fann etter kvart ut at bilen dei hadde kome med, ikkje var å finne, og når ein ikkje kan språket, er det ikkje så lett å finne ut kva ein skal gjere. Med ein del telefonar heim til folk som kan språket deira og hjelp frå fleire hald fekk dei etter kvart bil, men sjåføren var utlending som aldri hadde vore i Valle før, så han ville helst ikkje lenger enn til Rysstad. Men etter kvart kom dei til Valle, der passasjerane i mørket ikkje visste kor dei budde og sjåføren heller ikkje hadde peiling. Etter nye telefonar kom dei til slutt fram til huset til ein annan burmesar og mor og far og ein to månader gammal baby kunne falle til ro etter ein lang dag, frå klokka 7.45 til klokka 21 på tur i eit ukjent land med ukjende folk.

Men eg meiner at no etter kvart er det på tide å få gatenamn og husnummer i Valle. Ovanståande skulle vel seie sitt om det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *