Inga sending i morgon heller

Share

Eg droppar sendinga i morgon tysdag 6. desember og sende annonse til Setesdølen om det. I dag tidleg var det ikkje lyd på frekvensane våre, og det veret som har vore i dag, har vel ikkje akkurat gjeve grunnlag for å reparere antenna i Trydal. Så då vert det ein tysdag utan sending også denne veka.

Når ein tenkjer over det, har vi jo likevel hatt stor regularitet i sendingane, det er ikkje så ofte at vi må avlyse. Så får vi håpe at det vert fiksa i løpet av veka om veret vert høveleg og at vi får spelt litt jolemusikk neste veke. Sesongen for slik musikk er kort, og det er mykje å ta av, så vi kunne nok brukt alle fire tysdagssendingane til sangkveldar med jolemusikk. Oslo Gospel Choir og Maria Haukås Mittet har ei plate som heiter Lys imot mørketida, og den kunne vore høveleg å spelt både gamle og nye jolesongar frå. Mellom andre har dei ein som heiter Gjeterfolk i våre lier. Om det vert sending neste tysdag, trur eg nok eg kjem til å spele den og fleire med frå den plata.

Julehøgtida stemmer komponistar og tekstforfattarar til å skrive songar og i vår tid, men dei fleste av desse er det nok ikkje råd å syngje i gang rundt joletreet. Men det minkar vel med juletregang og i våre dagar, så dei gamle songane kan nok gjere si nytte ein generasjon til.

Torsdagskvelden kjem konserten Jul i Sør til Valle kyrkje. Kim André Rysstad, Maria Arredondo og Torstein Sødal skal gje oss mellom anna Et lite barn så lystelig. Eg høyrde den på Spotify og det var ein flott versjon, men sanneleg er ikkje den 20 år gamle innspelinga med Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum og Eilert Hægeland heller å forakte.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *