Jolebord

Share

Valle Radio inviterte medarbeidarar til jolebord i dag. Det er ein tradisjon at vi samlast på Valle Motell etter familiejolebordet. Så et vi og kosar oss og snakkar om laust og fast som vi har opplevd i radio og elles. I kveld var vi 14 personar, og det er som det pleier å vere.

Eg starta halv eitt frå Mandal og skulle vere i Valle klokka fire. Ved kysten er det ikkje snø, men i bakkan opp frå Skarpengland såg eg jo at det var snø i kanten og så vart det meir og meir oppover. På Evje var det bensin til 12.20, så eg fylte tanken, ikkje ofte ein ser 12-talet på bensinpumpene no for tida. Så stoppa eg på Byglandsfjord og fekk ein hyggeleg prat med Reidar Tveito, då gjekk det på aktuelle saker om Setesdalswiki. Eg fortalde at eg hadde planar om å skrive ein artikkel om Hovatn Aust vindkraftverk seinare i dag, det har eg no gjort, og Reidar hadde bilete frå dette heieområdet som han la inn i artikkelen. Vi har og fått att kartfunksjonen, så Helge la inn kart i artikkelen. No kan den vere ein grei start for å gjere seg kjent med temaet. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovatn_Aust_vindkraftverk

Og så inviterte eg Reidar til å vere med i programmet tysdagskvelden. Då vil vi ta den samtalen som vi hadde planlagt onsdag for halvanna veke sidan, då sendinga vart avlyst. Då skal vi snakke om Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3, heftet Reidar gav ut i haust om fjellturar i Øvre Setesdal. Det kan vere ei fin jolegåve til turglade folk, for folk som meg, som ikkje er så turglade fungerer heftet og godt, for eg får sjå litt av det eg går glipp av.

Eg måtte vidare, og føret vart ikkje betre, så klokka var mest ti over halv fire då eg stoppa på Besteland for å plukke opp Niklos. Så gjekk det strake vegen til Valle Motell, der dei fleste andre sat og venta på oss. Snart kunne vi forsyne oss av ribbe og pinnekjøt og alt kva ein kan tenke seg av tilbehør, både varmt og kaldt. Magen vert imidlertid mett før augo, men i dag klarte eg å begrense meg noko, heldigvis, sjølv om eg framleis er mett.

Etter kvart kom vi over i prate-fase, og då gjekk praten om arbeidet i Valle Radio. Justeringar, ønske, kommentarar vi hadde fått, litt av kvart kom på bordet og vart delt med dei andre. Ørnulf hadde ei lita orientering og kunne fortelje at det er planen å få bygd eit lagerrom på den verandaen som er utanfor inngangsdøra, slik at eit lager kan bli frigjort til anna bruk. Særleg ved påskesendingane er det noko trongt. Planen er og å få nye møbler og å fikse på studio. Ein av datamaskinane har gått sidan vi starta for 13-14 år sidan, så det er vel planen å erstatte den og. Så vil vi få minst eitt vindu til som kan opnast, og kan hende vil vi og få varmepumpe til bruk når sola steiker og ein treng air condition.

Så ønskte vi kvarandre god jol og takka for eit semester som har vore innhaldsrikt og variert.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *