Jolesnufsing

Share

Årets jolesnufsing skuldast ikkje gråt over manglande gåver, men at nasen gjekk tett. Ikkje så rart kan hende, for minst ein av jolegjestene våre var rimeleg sylta, og då vil det fort smitte til andre. Hos meg slo det ut for fullt andre joledag, og då var Vekk i morgen-øskja nesten tom, så eg får vel bare ta det som kjem.

Eg kunne jo ha snufsa litt då den stasjonære PC-en min sa takk for seg. Men Helge var heime og klarte å berge det som eg hadde lagra på han, no for tida er det jo ikkje mykje ein lagrar på eigen PC, så det var ingen grunn til å snufse av det heller. I staden bestilte eg ny frå Komplett, og hadde eg fylgt med på tekstmeldinga som kom jolaftans morgon, kunne eg no ha hatt han i hus, men plinget forsvann mellom jolemusikk og jolesnufsing, så eg får ta turen til postkontoret i morgon. I grunnen var det like greitt, så kunne ein gjere noko anna i jola.

Når jolesnufsinga slår til, vert det nokre timar ein lurer seg til å sove, både før og etter middag. Eg trur i grunnen dei andre i huset synest det er like greitt, ein snufsande far er ikkje mykje selskap i. Så vart det ei bok i staden for puslespel og Rummikubb, eg trur nok det er første jola på mange år at ikke Rummikubb har vore på bordet. Romjola kan framleis brukast til puslespel om eg kjenner kona rett, og det burde eg jo gjere etter å ha levd saman med henne og nytt godt av omsorg frå henne i over 40 år.

I Mandal har jola vore mykje stillare enn dei fleste andre stader i landet, om ein skal tru NRK og TV2. Spesielt på Vestlandet har det jo vore ille denne helga, ikkje bare ute ved Stad, men langt inn i fjordane. Her har vi hatt straum heile jolehelga, så langt eg har kunna observere i mellom snufsa. Rett nok var han borte eit par timar frå 00-02 ei natt, men det var kunngjort i avisa, så når ein har batteri på datamaskinen, kan ein til og med skrive litt om det er straumlaust. Lagringa laut imidlertid vente til straumen kom att og internettboksen igjen kunne sende signal.

Gledeleg jol, anten du snufsar eller ei.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *