Matkultur

Share

Sjølv om vi likar best den maten vi kan kalle kvardagsmat, er det alltid moro med litt forandring, og i morgon skal elevane på Valle Vaksenopplæring prøve pinnekjøt for første gong. Det er joleavslutning og det kom ønske om at ein denne gongen kunne prøve å få til norsk tradisjonell jolemat og at elevane frå Burma hadde lyst til å lære å lage det og å smake det.

No har vi ulike tradisjonar når det gjeld jolemat, så vi måtte gå gjennom og lære noko om kva nordmenn likar å ete til jol. Dermed enda vi opp med pinnekjøt, det er av sau og då er det ikkje problem for dei som av ulike grunnar ikkje et svinekjøt. Kalkun vart vurdert for krevjande å få til, medan eg tok på meg å syne elevane korleis ein lagar pinnekjøt.

Så i dag var eg ein tur på butikken og fekk pinnekjøt og kålrabi, og når eg skriv dette, har pinnekjøtet lege i vatn nærare 12 timar. Når det ligg over natta, vil det ha 18 timars utvatning, og på pakken stod det at det var ok frå 12 og oppover, så eg reknar med at det fungerer greitt. Når vi startar i morgon, vert det å få pinnekjøtet på kok og så må vi lage kålrotstappe og koke poteter. Det skulle vel vere alt på kjøkken utanom å dekke bordet. Eg vonar at det vert tid til litt jolesong og, elevane likar godt å synge norske jolesongar, så vi må prøve å få plass til nokre songar både medan vi lagar maten og kanskje også ved bordet.

Om alt går etter planen, skulle maten vere ferdig ved 11-tida. Så vil dei få seg ein smakebit. Spørsmålet vi lurer på er om alle klarer å la vere å ta med seg ris og annan asiamat i morgon, og verkeleg vågar å satse på norsk mat denne dagen. For kvardagsmaten er liksom det sikre og kjende.

Den som lever, får sjå. Eg må hugse på å kjøpe poteter og pinnar i morgon tidleg, det høyrer og med. Og så trur eg at vi kan ha is til dessert. Høyrest det ikkje godt ut?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *