Pinnekjøt

Share

I går skreiv eg om matkultur og fortalde at vi skulle ha pinnekjøt til avslutninga. Eg var jo noko spent, så eg sette på vatn med det same eg kom på jobb i dag. Men pinnane måtte eg vente på til butikken opna. Då fekk eg både pinnar og poteter.

Dette var jo eit joleavslutningsprosjekt som var initiert av elevar som ville lære om norsk tradisjonsmat. Difor måtte dei involvertast i arbeidet, ellers ville læringa vere lita. Så dei slo vatnet av kjøtet og fekk det i gryta over pinnane. Det var eit problem at vi ikkje hadde grytelokk som passa, så etter ein halv time var vatnet borte, men heldigvis oppdaga vi det, og då var det ein av elevane som gjekk øvst opp i Leite og fann grytelokk heime, så vi vart berga, og då gjekk kokinga strålande.

Så var det tid for å lage stappe. Kålrabi vart skrelt og kokt, det same vart gulrøter, og så blanda vi det saman. Stampinga gjekk ikkje så lett som om vi hadde hatt maskin, men fem damer visste råd: Vi er maskin til saman, sa dei. Og så miksa eg litt over komfyren med ein pakke fløte og noko kraft frå kokinga av grønsaker og poteter, og snart var det ei fest-kålrabi-gulrot-stappe. Medan vi heldt på med det, kokte kjøtet og potetene. Vi fekk til og med tid til ein skuletime med jolesongar. Øystein ved pianoet og vi andre med sangstemmen. Adventstidas øving var vel anvendt, for songen ljoma i mellom veggene i det gamle kommunehuset i Valle.

Medan maten kokte, vart bordet dekka. Juledukar, juleserviettar og servise og bestikk, alt kom på plass. Eg lærte dei og å få serviettane til å stå i glas, den slengen på handa ein må ha for å få ein luftig serviett i glaset hadde eg ikkje gløymt, sjølv om det er mange år sidan eg no hadde brukt den. Litt trening gjer meister, og Øystein prøvde seg og på å få det til.

Klokka 11 kom Guro og Jorunn og Lisbeth på biblioteket og vi kunne setje oss til bords. Elise Marie hadde sagt ho vart litt sein, så eg kalla på henne med walkie talkie, elevane har vore med på saueleiting og brukt sankeradio, så for dei var det ein morosam gimmick.

Så ønska eg velkomen til bords, vona maten ville smake og stemte i med O du som metter. Snart vart det stille ved bordet, maten smakte både norske, burmesiske og litauiske munnar og eg fekk mykje kyt for jobben. Kan hende vert det pinnekjøt i burmesiske heimar i jolehelga.

Vel uti måltidet slo Elise Marie på glasset og heldt ein tale med gode ord til oss som held til på vaksenopplæringa. I tillegg overleverte ho ei gåve til Øystein, som fylte 60 i haust. Boka med bileta av August Abrahamsen høvde godt, sa han, han var så gammal at han hugsa turane med Setesdalsbanen til Byglandsfjord og buss vidare til Rysstad.

Så var det iskake til dessert, og alle var samde om at det hadde vore eit godt måltid. Haustsemesteret er ferdig, og joleferien kan ta til.

Elevane veit godt at etter eit stort måltid er det mykje oppvask. Dei sytte for at alt var ryddig og fint før dei gjekk heim, noko som gav eit par av dei ein ekstra lang dag i dag.

Klokka halv åtte kan du høyre Leonhard Jansen fortelje om boka som Øystein fekk. Slå på Valle Radio, så får du det rett inn i stova.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *