Sendaren oppe att

Share

Antenna i Trydal vart reparert i dag. Folk vassa i snø og kom seg opp på fjellet i Trydal der sendaren står på vestsida av Otra og fekk fiksa det som måtte ordnast, så i kveld kunne eg hatt sending, men ettersom eg hadde avlyst sendinga med annonse i avisa i går, let eg det vere.

Av den grunn hadde eg høve til å vere innom på Joker ved 17.30-tida, og då trefte eg Knut Olav Uppstad. Han var organist her i Valle då eg kom hit for 20 år sidan. No er han organist i Lørenskog i ei lita stilling, og så er han free-lance organist elles i Oslo-området. Det går lenge mellom kvar gong vi møtest, så eg ba han med opp på Valle Vaksenopplæring, så vi kunne snakke litt, og han hadde tid til det. Praten kom fort inn på Wikipedia og Setesdalswiki, for han hadde prøvd å skrive litt på Wikipedia. Etter at eg hadde synt han litt om Setesdalswiki, gjekk det ikkje lang tid i kveld før han prøvde seg heimefrå. Stor grunn til glede over ein ny skribent på Setesdalswiki.

Tidlegare i dag var eg innom Coop Valle for å høyre om dei hadde ladar til mobiltelefon. Eg har fått ny, og kunne ikkje bruke den gamle, og den som fylgde med telefonen, la eg att i Mandal, så når den nye telefonen no gjekk mot utlading, var gode råd dyre. Men sanneleg hadde dei ikkje det og hos Coop Valle, og medan eg hadde meg ei middagskvil, saug mobiltelefonen min ny kraft.

I føremiddag kom eg over ein adventskalender som ein av dei som skriv på Wikipedia lagar. Då tenkte eg at det kunne vere noko for Setesdalswiki, så eg kopierte konseptet og la ut ei side der målet var å få folk med for å få bilete frå Setesdal. Så la eg ut bilete av årets Jol i Setesdal på 1. desember og oppmoda folk om å vere med. Snart kom ein annan og la inn eit bilete av Hylestadportalane, og deretter kom det eit bilete som Jamie hadde teke av Setesdalssmør. I løpet av kvelden måtte eg difor skrive artiklar om både Hylestadportalane og Setesdalssmør. Så la eg sjølv inn plakaten frå Kong Hanes eftf. sin Beatles-konsert i Valle på 4. desember, og like etterpå fekk eg ein mail frå Helene Horverak, som hadde teke bilete av Byglandsfjorden og Horverak 4. desember. Det vart lagt på 5. desember. Og plutseleg var det fem bilete i denne julekalenderen. Det vert spennande å sjå kva som kjem dei neste dagane. Du kan gå inn og sjå kalenderen her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalswikis_julekalender_2011

I morgon, onsdag, er det sending att i Valle Radio. Ronny har ansvar for den.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *