Tusen takk!

Share

I går passerte Setesdalswiki 2100 artiklar. Eg var på Hovden i går og i dag for å fylgje møte i Setesdal Regionråd, og der var det generalforsamling for dei IKS-selskapa som kommunane i Setesdal har oppretta. Då var det lagleg å skrive om dei, og eg fekk høve til å vere med på generalforsamlingane i dei ulike selskapa.

Visste du kva for IKS ein har i Setesdal? Eg hadde heller ikkje heile oversikten, men gårsdagen hjelpte meg, så no kan eg skrive om det. Setesdalsmuseet er eigd av Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Iveland og Aust-Agder fylkeskommune. Setesdalsmuseet Eigedom er eit eigarselskap for eigedomane som kommunane hadde før samanslåinga. Så er Setesdal Miljø og Gjenvinning eit IKS-selskap, det same er Setesdal Brannvesen og Setesdal Revisjonsdistrikt. Du finn lenker til alle selskapa på http://www.setesdalswiki.no/wiki/14._desember_2011

I dag heldt møtet fram på Hovdestøylen med felles møte for alle kommunestyra i Setesdal. Der fekk eg ordet og fortalde litt om Setesdalswiki og leverte ut skjema som folk kunne skrive om seg sjølv på. Då eg var ferdig med å presentere Setesdalswiki, fekk eg stor applaus for dugnadsarbeidet og overrekt ei gåve frå Setesdal Regionråd. Eg vart mest sett litt ut, for sjølv om eg godt kunne ha tenkt meg å få ei slik regionrådsnål som Hasla lagar, du veit den med dei stiliserte krullane som og står på bautaene langs Riksveg 9, hadde eg ikkje tenkt tanken i det heile tatt. Dei krullane har gjeve inspirasjonen til den nye logoen som vi har fått på Setesdalswiki, med eit tre laga av krullar og med setesdalsfargar. Så både den og fatet frå Glashytta gjorde meg umåteleg takksam.

Eg fekk inn 20 skjema, nokre av dei har eg alt skrive om, dei som står att, får eg heller skrive om i helga eller i neste veke, om ikkje noko kjem i vegen. Då går det fort mot 2200 artiklar. Hyggeleg å prate med folk desse dagane på Hovden, slike møte bind saman folk på tvers av kommunegrensene.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *