Jan Pieterszoon Sweelinck

Share

Som vanleg finn Niklos K. Besteland nydeleg musikk til sine program. I kveld kunne han og starte markeringa av eit 450 årsjubileum for komponisten han presenterte: Jan Pieterszoon Sweelinck. Fødd i 1562, det kan vere grunn til å høyre meir av han, i alle fall for oss som likar eldre musikk, han var jo fødd meir enn hundre år før Johann Sebastian Bach (f. 1685) og var på mange måtar ein grunnleggjar av den nordeuropeiske orgelkunsten.

Han var fødd i Deventer og kom i unge år til Amsterdam der han vart organist ved Oude Kerk 18 år gammal. Han var elev av Roman Zerlino i Venezia og Girolamo Frescobaldi i Roma. I 41 år var han organist i Amsterdam. Der hadde han mange elevar, mellom andre Samuel Scheidt, Matthias Weckmann, Heinrich Scheidemann og Melchior Schildt. Den siste av desse vart organist ved hoffet til Christian IV.

Då han døydde 16. oktober 1621, etterlet han seg ein stor produksjon av orgelverk og 254 korverk.

Du kan lese meir om han og finne noter og anna ved å gå på wikipedia si side om Sweelinck, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Jan_Pieterszoon_Sweelinck

Dette var programmet Niklos presenterte:

#Koralvariasjonar over «Allein Gott in der Høh sei Ehr» spelt av organist Bert Matter på orgelet i St. Walburgiskerk i [http://no.wikipedia.org/wiki/Zutphen Zutphen]
#Tre verk for fem-stemmig kor frå samlinga «Cantiones Sacrae» framført av N.C.R.V Vocaal Ensemble i Hilversum dirigert av Marinus Voorberg og med [http://no.wikipedia.org/wiki/Gustav_Leonhardt Gustav Leonhardt] ved orgelet:
##Ab oriente venerunt magi
##O Domine Jesu Christe
##De Profundis clamavi ad te Domine
#Fantasia i g-moll spelt av organist Bert Matter på orgelet i St. Walburgiskerk

Program 31. januar 2012

Share

Siste kvelden i januar var tradisjonelt kvelden då vi gjorde sjølvmeldinga ferdig. No er det slutt med slikt, så i staden kan ein slappe av og høyre på Valle Radio. Denne veka er det ikkje onsdagsprogram, for vi skal ha sending til heile dalen fredagskvelden. Men tysdagsprogrammet går som normalt. Du finn meir om tysdagsprogrammet her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_tysdag_31._januar_2012

Legg merke til at det er Country Gospel Timen denne kvelden og at ENNY HELENE SYNNØVE skal synge fleire songar. Dei kan du møte lys levande i Bykle samfunnshus onsdagskvelden klokka 19.

Tysdag 31. januar

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Country Gospel Timen
19.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
19.50 Minneord
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Musikk av Sweelinck
21.00 Kyrkjebakken

Ikkje sending onsdag 1. februar, sending til heile dalen fredag 3. februar

Høyr Valle Radio på Internett: http://www.valleradio.com
Fylg oss på Facebook: http://www.facebook.com/Valle Radio
Les på bloggen:http://valleradio.blogs.no
Les på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no

Setesdalswiki runda 2300

Share

I kveld runda Setesdalswiki 2300 artiklar. Det var journalisten Knut Olav Tveit i Mandagmorgen som var artikkelen, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Knut_Olav_Tveit

Eg oppdaga han ganske så tilfeldig og er glad for respons og hjelp til å skrive artikkelen, og plutseleg var det 2300. Dei hundre artiklane frå 2200 til 2300 har kome på tre veker, det er grunn til å glede seg over at utviklinga går rette vegen. Også besøkstalet har gått oppover i det siste. Snittet for januar er på 180 dagleg.

Eg hadde to dagar som eg ville sitje på biblioteket på Rysstad og i Valle. Det var ikkje mange som spurde om Setesdalswiki dei to dagane, men det får våge seg, det var hyggelege timar på biblioteket, sjølv om datamaskinane der ikkje var særleg eigna til redigering på nettstad. Dei gjekk i stein, både på Rysstad og i Valle, når ein skulle lagre, så var det bare å starte om att. Det er jo noko slitsamt. Bare korte fiksingar kunne maskinen godta.

Eg skreiv like godt eit brev til Setesdal IKT om problemet og om at ein burde få trådlaust internett inne på biblioteket, slik at ein kunne nytte eigen laptop der. Så får vi sjå om dei finn ei løysing på problema.

No startar vi på eitt nytt hundretal av artiklar på Setesdalswiki, det spørst om ein klarer det på under ein månad, som tidlegare har vore tida for eit hundre artiklar. Om fleire vert med i skrivinga, kan det nok gå, og vonleg vil fleire melde seg på etter kvart.

Oppsummering etter kommunestyremøte

Share

Eg trur Ole Birger Lien hadde større forventningar til det nye innslaget som han hadde etter kommunestyremøteoverføringa i Valle Radio enn det som kom til syne i kveld. Om lag fire minutt brukte han i samtale med Tarald Myrum, Steinar Kyrvestad og Toralv Andersen. Heile møtet har ei side på Setesdalswiki, der kan du sjå både spørsmål og kven som hadde ordet i møtet: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_25._januar_2012 Om siste delen står det:

Oppsummeringa starta klokka 20:40.
Tarald Myrum, Steinar Kyrvestad og Toralv Andersen var med i samtalen, som fyrst tok opp det nye oppvekst- og kulturutvalet i Valle. Tarald Myrum meinte at i større kommunar med mange tilsette, kan idear brynast. Politikarane kjem nærare desse sakene med eit eige utval.

Toralf Andersen, som ville ha full forvaltningsrevisjon, meinte at kommunen i siste periode hadde surfa noko lettvint i sakene. Ein revisjon vil vere eit gode for alle partar, meinte han, og rekna med at saka kom tilbake til kommunestyret når kontrollutvalet hadde handsama henne. Arbeiderpartiet har ikkje medlemmer i kontrollutvalet i Valle.
Sendinga var slutt 20:45.

For å få høyre desse fire minutta, venta folk i over ein time. Kommunestyremøtet vart lukka, for det skulle handsamast ei sak om utbygging av fiber i kommunen, og det var visst hemmeleg. Så var det musikk, deretter ein lang pause utan noko, truleg fordi teknikar Inga Flateland ikkje fekk kome inn i radioen og byte plate, så kom musikken att då møtet vart opna, men då var det protokollarbeid, og det pleier dei ikkje overføre på radioen.

Innslaget var ei nyskaping og må nok gå seg til. Det verka som om politikarane ikkje var så veldig klare til å gå i strupen på kvarandre med mikrofon like etter møtet, Ole Birger hadde kanskje trudd at han kunne få nokre spreke kommentarar. Då trur eg nok han måtte hatt med ei av damene i kommunestyret. No tok han med tre menn til kommentarane, og det sjølv om det er om lag halvparten av kvart kjønn i forsamlinga denne perioden.

Så får vi sjå korleis det vert neste gong.

Oppmuntring i kvardagen

Share

I dag sat eg på Valle folkebibliotek for å vere tilgjengeleg om folk ville vite noko om Setesdalswiki. I går var eg på Rysstad, i dag var eg i Valle. På Rysstad resulterte det i ein artikkel om Ingrid Tveit, som var innom, i Valle var det ingen innom som var interessert, så eg fekk sitje og skrive i fred.

I fred er forresten ikkje rett, for også i Valle er datamaskinen på biblioteket ikke til å lite på når ein skal skrive på Setesdalswiki. Om dosen blir for stor, låser maskinen seg og alt er fånyttes. Det skjedde nokre gonger i Valle også, så eg gav meg etter halvannan time og gjekk opp i klasseromet. Om nokon spurde, skulle Listbeth sende dei opp. Men ingen spurde, og maskinen oppe verka problemfritt.

Likevel var det ikkje før no i kveld i radioen at eg fekk skrive inn alle overskriftene i Setesdølen. Då eg skulle hente bilete av førstesida, som Setesdølen pleier å legge ut den dagen avisa kjem ut, var det ikkje noko bilete der, så eg måtte bare avslutte med å legge lenke på facebook utan bilete. Det er ikkje så fengande, men eg gjorde det no likevel.

Medan eg sat på biblioteket, kom Astrid Kyte innom. Ho hadde med blom og ville takke for det gode samarbeidet ho som skulebibliotekar har med folkebiblioteket og særleg fordi Lisbeth låner ut Jan Torjus tre timar kvar måndag til å arbeide på skulebiblioteket. Han er ein effektiv medhjelpar som er svært verdfull for arbeidet på begge biblioteka, og han fekk ein oppsats med blom og stearinlys, symbolet på at han lyser opp kvardagen for skulebibliotekaren.

Det var ei hyggeleg overrasking for begge dei to som no held orden i avdelinga i Valle og det var tydeleg å sjå at dei sette pris på ei slik oppmuntring i kvardagen.

Medan eg skriv dette, dukkar det opp eit eitt-tal på facebooksida mi, som ligg i ei anna fane på skjermen min. Facebook vert kalla sosiale medier, mellom anna fordi folk held kontakt med kvarandre, og to av dei som er gode til å trykke liker, og som dermed lagar slike eitt-tal på mine meldingar, er Ørnulf Hasla og Signe Sollien Haugå. Takk til dykk for oppmuntring i kvardagen. Det minner meg om at eg bør prøve å gje slik oppmuntring sjølv, det er ei stadig utfordring.

Program for veke 4, 2012

Share

I morgon og onsdag går dei siste programma i januar. Vonleg vert tysdagsprogrammet ikkje råka av uhell denne gongen, då vil de få det som står nedanfor:

Tysdag 24. januar
Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld. Birgit Dale vert med i starten
19.30 Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv landet rundt
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 25. januar
Teknikar: Inga Flateland
18.00 Kommunestyremøte
Etter møtet:
Oppsummering ved Ole Birger Lien

Onsdag startar altså Ole Birger Lien det han har kalla oppsummering etter kommunestyremøtet. Tanken er å samle gruppeleiarar for ein prat om saker og om møtet. No er det vanleg at møtet ikkje vert avslutta når musikken kjem, for protokollen skal skrivast ut lesast opp og godkjennast før møtet er avslutta. Korleis det tidsmessig vert ordna får ein funne ut onsdagskvelden.

Høyr Valle Radio på Internett: http://www.valleradio.com
Fylg oss på Facebook: http://www.facebook.com/Valle Radio
Les på bloggen:http://valleradio.blogs.no
Les på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no

Gamle aviser

Share

Etter å ha samla på gamle nummer av Setesdølen i tjue år, minst, hadde Valle kommune ryddesjau denne veka og valde å kassere heile arkivet. Men i staden for å køyre det til Syrtveit, kom det ein telefon til meg om eg ville bruke det til Setesdalswiki, så eg sa takk. Difor henta eg fredag ein haug med tidskriftboksar fulle av gamle aviser og tok med meg til Mandal. Resten skal heg hente på måndag. Mend korleis eg skal arkivere det, vert eit problem. Men det får eg løyse uover vinteren. Tusen takk til Elise Marie Kringen, som tok telefonen til meg, og til Valle kommune, som har samla aviser i så mange år for at dei kunne kome Setesdalswiki til nytte.

Etter kvart er no overskriftene i alle avisene frå 2010 og 2011 på plass på Setesdalswiki. Og så er det einskilde nummer av aviser tilbake til 2005. Eg såg på tidsskriftboksane som eg tok med meg til Mandal årstal tilbake til 1988, så det er ei stor gullgruve å grave i for å få dekt alt det som avisa har skrive gjennom 20 år. Men det vil ta tid å taste inn gamle avisoverskrifter frå så mange år tilbake, så det vil nok gå fleire år før dei er på plass. No går det mot 2300 artiklar, så nettleksikonet om regionen vår veks smått om senn, Besøkstalet går og oppover, fredag var det 160, og snittet til no i januar ligg på over 170, så det er mykje, samanlikna med kva det var for eit år sidan, til dømes, i mars i fjor var det på 44.

I dag hadde Knut Olav Uppstad skrive inn det meste av overskriftene i Setesdølen før eg sette meg til datamaskinen. Det var ei verdifull hjelp som eg er svært takksam for. Eg skulle jo ønske at fleire blei med i denne dugnaden til beste for Setesdal. Det er plass til mange medhjelparar for at leksikonet skal vekse vidare.

I dag fekk eg også ei hyggeleg helsing frå dagleg leiar i Aust-Agder Turistforening. Eg hadde skrive ein artikkel om Tjørnbrotbu, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tj%C3%B8rnbrotbu og brukte eit bilete frå Turistforeninga si side. Så spurde eg om lov til å bruke biletet og la ved lenke, og då fekk eg dette svaret:
Hei Harald.
Det er helt iorden! Flott artikkel!
Med vennlig hilsen
Dag N. Fagermyr
Daglig leder

Andre gode hjelparar har og skaffa bilete, og det set eg svært stor pris på.

Nynorsk eller bokmål

Share

Ein kan skjøne at det er nye tider i Bykle når Arbeiderpartifolk no går inn for å gjere kommunen språknøytral. Dag Hovden frontar saka og ordførar Jon Rolf Næss er ikkje uvillig, les eg på nrk.no http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.7961243

Eg gjorde ei opptelling for ei tid tilbake. Den synte at kystkommunane i Aust-Agder var bokmålskommunar, ikkje så unaturleg, når ein tenkjer på at deira næraste nabo i sør er Danmark. Men når ein kjem innanfor den stripa, er kommunane nøytrale og når ein kjem lenger inn, er det nynorsk som rår.

Eg skjønar at dette biletet held på å slå sprekker og synest det er trist. Eg skriv Setesdalswiki, det meste av det eg skriv der, er på nynorsk, men prosjektet er ope for tekstar på begge målføra, i pakt med at ein av kommunane i Setesdal Regionråd er språknøytral. Det høver likevel best å skrive nynorsk i dei fleste artiklane.

Tidlegare las eg at hotella på Hovden ville marknadsføre seg på nynorsk. Dei meinte det var ein styrke fordi det formidla eit særpreg for Hovden som reisemål. Kor lenge eit slikt standpunkt står om kommunen vert språknøytral, kan ein nok tenkje sitt om. Det språknøytrale standpunktet vil nok i praksis føre til at fleire og fleire brev og tekstar kjem på bokmål, sjølv om rådmann Tallak Hoslemo vil vere eit tydeleg føredøme og halde på nynorsken.

Sjølv kom eg til Setesdal frå ein bokmålskommune der eg hadde skrive bokmål i 15 år. Kravet om å skrive nynorsk var noko ein lett tilpassa seg, og folk i fellesskapet på kommunehuset var ikkje vanskelege å spørje om det var noko eg lurte på. Det gjekk mellom anna litt tid før eg tilpassa meg -e-endingane i verba, eg hadde vore van med å skrive nynorsk som a-mål. Men det var bare ein overgang, og valda ikkje særleg mange problem. Yngre folk som kjem til Setesdal burde klare det same. Om dei ikkje klarar det, då legg ein lista lågt, som Leiv Rygg seier i ein kommentar.

Språket i fjellbygdene er eit særmerke, og skal ein skrive det språket som ligg nærast talemålet, bør ein skrive nynorsk. Også på rådhuset i Bykle.

Ein liten kommentar

Share

I kveld var det Ronny som hadde sendinga i Valle Radio, men eg fekk bare høyre den aktuelle timen, så fekk eg besøk, og då er det vanskeleg å ha radioen på om ein skal kunne føre ein samtale.

Først hadde Ronny ein telefonprat med Torleiv Løyland om skiløyper og sikre vatn. Deretter hadde han Torunn Charlotte Lund på tråden for å snakke om Ungdommens Kulturmønstring, UKM. Fristen er 20. januar, og ein må melde seg inn på Internett. Ho var og oppteken av at det kunne vere lurt å kjøpe billettar til Pilegrimen, for det har vore stor interesse for denne framsyninga. Velkomstsenteret har billettane. 200 kroner kostar dei.

Så kom Lars Liset i studio. Han er ein munter mann og har kommentar til det meste. Han er sterkt engasjert vaksenleiar i Valle Ungdomsklubb og fortalde levande om det. Ei gruppe frå klubben skal stå for den lokale rigginga av Ungdommens Kulturmønstring, og i februar planlegg dei ei helg i Brokke Alpinsenter saman med Bygland Ungdomsklubb.

Siste tema dei var innom, var geocaching. Ronny meinte at ein kunne legge ut ei liste over cachane på Facebooksida til Valle Radio, men vi har alt ei side om geocaching på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Geocaching så eg meiner nok at den kan liggje der. Uansett ville han ha det som tema i eit eige program med Lars, så det kjem dei nok tilbake til.

Her er sida for kveldens sending i Valle Radio: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_18._januar_2012

Om du høyrde sendinga og kan supplere informasjonen, hadde det vore fint.

Irriterande tal

Share

I kveld ville ikkje boksen i Bykle kommunisere med oss i Valle, i alle fall ikkje så lenge. Så då eg hadde kopla opp, gjekk det ei stund, så kopla den frå og tok til å lese tal. Ørnulf ringde og fortalde om det om lag klokka 18.30. Då hadde eg nettopp restarta, og så sa vi at vi fekk prøve litt til. Men det var fånyttes, eit kvarter seinare var kveldens sending ferdig og p4 kopla inn att.

For det var ikkje sendaren det var noko galt med, det var boksen som koplar saman Valle og Bykle. Den får slike anfall om det har vore straumbrot i Bykle, fekk eg høyre. VI burde nok fått oss ein UPS, trur eg dei kallar det, ein slik boks som hindrar at systemet går ned når straumen går. Det har jo vore ein del diskusjon om dette på høgaste hald, statsråden krev at mobiltelefonmastene skal ha straum i fleire timar etter at straumen er borte. Vi burde nok hatt noko slikt, vi og. For det er jo irriterande å leggje arbeid ned i programmet for ein kveld og så ikkje få gjennomføre det. Eg kunne jo heller teke ein tur til KVS Bygland og høyrt Tanzaniamisjonærar tale der i kveld.

Men slik var no situasjonen i kveld, så eg får heller vere glad at Niklos ikkje skulle vere her i kveld. Då hadde han fått ein bomtur, og jo fleire som får bomtur, jo meir irriterande er det.

Etter det Ørnulf sa, skulle Jørund innom radioen i Bykle i morgon og sjå på problemet. Så får vi håpe at ikkje det same skjer i morgon når Ronny Stavsholt skal ha sending.

Mitt program finn du på Setesdalswiki, i alle fall det eg hadde skrive inn før det vart avlyst: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_tysdag_17._januar_2012

Ronny sitt program finn du og der, så langt som det stod i Setesdølen, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_18._januar_2012
I løpet av sendinga i morgon vil det nok kome meir der, for eg prøver å skrive inn det som skjer når eg høyrer på sendinga.