Gode hjelparar

Share

På veg nedover fredag tok bilen min til å riste. Eg var komen til Flåstrondi og tenkte at dette blir problematisk, så eg stoppa på Kåvenes og stod ei stund og tenkte at det kanskje ville gje seg når eg starta opp att. Det gjorde det ikkje, men eg trilla meg ned til Hylestad Auto og lurte på om dei kunne finne ut kva det var.

Akkurat då var det ledig på verkstaden, så Vidar køyrde bilen inn, vippa han opp og trilla hjula rundt. Venstre framhjul trilla fint, bakhjulet og, høgre bakhjul var heller ikkje noko problem, men det høgre framhjulet stod heilt stille. -Dette kan eg ikkje fikse i dag, sa han, eg må få deler frå byen. -Har du leigebil? spurde eg. Det hadde han, og etter kvart fekk eg tre meg inn i ein WV med manuell giring og halde fram nedover til Mandal, der barnebarn venta på morfar.

I dag ringde eg verkstaden, men dei venta deler i dag, så eg måtte smørje meg med tolmod til i morgon.

I dag fekk eg ein annan telefon. Dei hadde ryddesjau på kommunehuset i Valle og lurte på om dei skulle kaste ei samling med Setesdølen for år tilbake, eller om eg kanskje ville ha dei. Eg skriv gamle Setesdølen inn på Setesdalswiki, så for mitt føremål er det ei skattkiste, så eg sa ja takk. -Det kan ha dei i svarte søppelsekker, sa eg. Elise Marie lo og sa dei alt låg i esker, og dei skulle setje dei til sides, slik at eg kunne kome og hente dei. -Eg kan ikkje kome før eg får bilen att. Akkurat no er han på verkstad. -Det er greitt, me skal ta vare på dei.

Gode hjelparar frå to ulike hald. Eg trong hjelp med bilen, og Vidar stilte opp. Setesdalswiki trong hjelp for å vekse, og Valle kommune stilte opp med gamle nummer av Setesdølen, som er ein viktig del av grunnlaget for å skrive Setesdalswiki. Takk til gode hjelparar.