Den gode samtalen

Share

I nyttårstalen sin i går kveld tok Kong Harald opp temaet som er dagens overskrift. Du finn heile talen her: http://www.kongehuset.no/c26939/nyhet/vis.html?tid=96027

Jeg tror på samtalen mellom mennesker. Jeg tror det å møtes i all enkelhet til samtale har stor iboende kraft, sa Kongen og fortalte om korleis Dronninga og Kronprinsessa hadde vore med på prosjektet der muslimar inviterer nordmenn til ein kopp te og der ein har høve til å få ein samtale som kan fjerne fordommar.

Han viste og til samtalane som politiet på Manglerud hadde sett i gang med unge som kom i dårleg miljø. Samtalane endra livsløp for mange.

Endelig kom han inn på samtalar i det offentlige rom: Jeg mener vi undervurderer hverandre hvis vi tror at den offentlige samtalen alltid må være hardtslående, spissformulert og underholdende. Avisene har hatt eit problem med at folk som kommenterer artiklar, lett vert lite vennleg og lite sakleg. Difor har mange aviser slutta å la folk skrive under psevdonym, Nå høyrde eg at og www.moisund.com skulle slutte med det, så det er ikkje bare dei store avisene som har merka problema.

Eg måtte tenke på dei mange samtalane eg har hatt i Valle Radio med folk som har hatt noko på hjarta. Vi får ikkje til den gode samtalen om vi slår kvarandre i hovudet med sterke synspunkt. Men eg har ofte erfart at om ein lyttar til kva den andre har å seie, så får ein ofte nye tankar og impulsar sjølv.

Difor skulle eg ønske at vi kunne ta vare på Kong Harald sine ord om samtalen mellom menneske. Den har stor kraft i seg. Om ein maktar å ta vare på den lyttande og vennlege samtalen, vil ein sjølv få eit rikare liv og ein vil ikkje øydeleggje dagen for ein samtalepartnar heller. Begge deler skulle vel vere å trakte etter.

Med åra har eg ofte erfart at eg kunne bere på tankar om eit eller anna, og så kunne eg kome til å få ein samtale med nokon om det og då synte det seg sider eg ikkje hadde sett og tankar eg ikkje hadde tenkt. Bare ved at nokre personar snakka saman. Den krafta forsvinn nok ikkje i det nye året, det er eg heilt sikker på.

Framleis godt nytt år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *