Linda tek kaka

Share

Det er ikkje lett å slå Linda Eide i laurdagskveldsunderhaldning. Eg droppa Idrettsgalla, men Norske Attraksjonar må ein få med seg om det høver slik, og slik høvde det i kveld. Med den lett kjennelege Norgesrullen, eg las forresten at ho knekte eit par ribbein då ho rulla utfor stupetårnet i Haugesund. At det er mogleg å vere så galen som ho er i program etter program, det kan ein undrast på, god underhaldning vert det i alle fall.

Eit einaste hus i Ålesund som ikkje gjekk med i bybrannen, det kunne jo vere eit mysterium, var det Vår Herre som sparte huset eller var det vatnet som naboane auste over det? Det vil nok for dei fleste av oss vere eit spørsmål om tru, og Linda held det ope for det. Men at huset trong maling om det skulle overleve særleg lenger, det var nok ikkje eit spørsmål om tru, og ein skulle tru at sindige sunnmøringar ville verne om det einaste huset som ikkje gjekk med i bybrannen. Det hadde dei tydelegvis ikkje gjort så langt.

Ho ferdast med lange steg, Linda. Turen til Høyanger for å sjå den attraksjonen som monumentet over han som balanserte på stolar var vel verd å ha med i programmet, ikkje minst fordi ho engasjerte så mange sogningar til å bli med i turn-øvingane både å rulle og å stå på hendene. Skigåing i Bergen var og morosamt å få med seg, der ho hadde pause på Bryggen med kakao i brøytekanten.

Men det var nok besøket i Karasjok som var den ultimate attraksjonen. Ikkje bare fordi ho sette seg i kjøleromet i bikini for å prøve på kroppen kor kaldt det var å prøve det livet dei hadde då dei nesten tangerte kulderekorden på -50,4 for nokre år sidan, og ho fekk ein frysande joik medan ho sat der, men og for den folkelege måten ho møtte kvinna som hadde notert temperaturar i ei årrekke og hadde dei samla på kalenderen og kunne syne dei fram for oss alle. Mange kjende seg att i det prosjektet, almanakken har for mange vore staden der ein har notert ned temperaturmålingar rundt om i landet.

Då høvde det godt at Linda delte ei marsipankake med folka som var med henne i Karasjok. For Linda tek kaka i folkeleg underhaldning.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *