Nokre lange linjer

Share

I dag har eg fylgd nokre lange linjer. Det meste av det eg har skrive på Internettet i dag, har hamna på Wikipedia, ikkje på Setesdalswiki. Det skuldast at eg i dag tidleg kom til å gjere litt der for å godkjenne noko som var skrive av folk som ikkje skriv så ofte på wikipeida. Både wikipedia og setesdalswiki har ordningar for at det som blir lagt inn, skal vere kontrollert og godkjent.

I dette arbeidet kom eg over ein setning i artikkelen om NILA – Norsk institutt for luftforskning, der det stod om Birkenesobservatoriet. Eg vart litt forviten, eg hadde aldri høyrt om det, så eg rota litt rundt og las litt her og der, og plutseleg var det stoff nok til ein liten artikkel på wikipedia. Du kan lese han her: http://no.wikipedia.org/wiki/Birkenesobservatoriet

Det syner seg at litt nord for Birkeland ligg ein målestasjon som i 40 år har målt sur nedbør og andre ureiningar i lufta vår og at Birkenes ligg lagleg til for vinden frå sør og vest, slik at målingane har lagt grunnlag for avtalar om redusering av utslepp i andre land. Stasjonen på Birkeland er den einaste i Sør-Norge og kan hende den eldste i Europa, starten var i 1971, så den er 40 år gammal.

Så kom avisa, og med den eit minneord om Arne Rudvin, nordmannen som var biskop i Pakistan i over 30 år. Eg møtte han aldri, men eg hadde høyrt om han i ulike samanhengar og tenkte at ein nordmann som har vore biskop i Pakistan burde jo få ein artikkel på wikipedia, så eg fann litt informasjon om han i Norsk Misjonsleksikon og kombinerte det med minneordet og laga ein liten artikkel. http://no.wikipedia.org/wiki/Arne_Rudvin

Det vart nokre røde lenker i den artikkelen, så eg leita på engelsk wikipedia og fann litt stoff om den eine byen som Arne Rudvin og kona Päivi arbeidde i, Dera Ismail Khan, nok til å kunne skrive nokre linjer og legge inn eit kart som syner kor byen ligg. http://no.wikipedia.org/wiki/Dera_Ismail_Khan

Frå Birkenes via ein misjonær som budde i Hemsedal til ein by i Pakistan, det var altså dei lange linjene i dagens skriving for meg på Internett. I morgon får eg kome meg tilbake til Setesdalwiki og få gjort noko der.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *