Oppmuntring i kvardagen

Share

I dag sat eg på Valle folkebibliotek for å vere tilgjengeleg om folk ville vite noko om Setesdalswiki. I går var eg på Rysstad, i dag var eg i Valle. På Rysstad resulterte det i ein artikkel om Ingrid Tveit, som var innom, i Valle var det ingen innom som var interessert, så eg fekk sitje og skrive i fred.

I fred er forresten ikkje rett, for også i Valle er datamaskinen på biblioteket ikke til å lite på når ein skal skrive på Setesdalswiki. Om dosen blir for stor, låser maskinen seg og alt er fånyttes. Det skjedde nokre gonger i Valle også, så eg gav meg etter halvannan time og gjekk opp i klasseromet. Om nokon spurde, skulle Listbeth sende dei opp. Men ingen spurde, og maskinen oppe verka problemfritt.

Likevel var det ikkje før no i kveld i radioen at eg fekk skrive inn alle overskriftene i Setesdølen. Då eg skulle hente bilete av førstesida, som Setesdølen pleier å legge ut den dagen avisa kjem ut, var det ikkje noko bilete der, så eg måtte bare avslutte med å legge lenke på facebook utan bilete. Det er ikkje så fengande, men eg gjorde det no likevel.

Medan eg sat på biblioteket, kom Astrid Kyte innom. Ho hadde med blom og ville takke for det gode samarbeidet ho som skulebibliotekar har med folkebiblioteket og særleg fordi Lisbeth låner ut Jan Torjus tre timar kvar måndag til å arbeide på skulebiblioteket. Han er ein effektiv medhjelpar som er svært verdfull for arbeidet på begge biblioteka, og han fekk ein oppsats med blom og stearinlys, symbolet på at han lyser opp kvardagen for skulebibliotekaren.

Det var ei hyggeleg overrasking for begge dei to som no held orden i avdelinga i Valle og det var tydeleg å sjå at dei sette pris på ei slik oppmuntring i kvardagen.

Medan eg skriv dette, dukkar det opp eit eitt-tal på facebooksida mi, som ligg i ei anna fane på skjermen min. Facebook vert kalla sosiale medier, mellom anna fordi folk held kontakt med kvarandre, og to av dei som er gode til å trykke liker, og som dermed lagar slike eitt-tal på mine meldingar, er Ørnulf Hasla og Signe Sollien Haugå. Takk til dykk for oppmuntring i kvardagen. Det minner meg om at eg bør prøve å gje slik oppmuntring sjølv, det er ei stadig utfordring.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *