Oppsummering etter kommunestyremøte

Share

Eg trur Ole Birger Lien hadde større forventningar til det nye innslaget som han hadde etter kommunestyremøteoverføringa i Valle Radio enn det som kom til syne i kveld. Om lag fire minutt brukte han i samtale med Tarald Myrum, Steinar Kyrvestad og Toralv Andersen. Heile møtet har ei side på Setesdalswiki, der kan du sjå både spørsmål og kven som hadde ordet i møtet: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_25._januar_2012 Om siste delen står det:

Oppsummeringa starta klokka 20:40.
Tarald Myrum, Steinar Kyrvestad og Toralv Andersen var med i samtalen, som fyrst tok opp det nye oppvekst- og kulturutvalet i Valle. Tarald Myrum meinte at i større kommunar med mange tilsette, kan idear brynast. Politikarane kjem nærare desse sakene med eit eige utval.

Toralf Andersen, som ville ha full forvaltningsrevisjon, meinte at kommunen i siste periode hadde surfa noko lettvint i sakene. Ein revisjon vil vere eit gode for alle partar, meinte han, og rekna med at saka kom tilbake til kommunestyret når kontrollutvalet hadde handsama henne. Arbeiderpartiet har ikkje medlemmer i kontrollutvalet i Valle.
Sendinga var slutt 20:45.

For å få høyre desse fire minutta, venta folk i over ein time. Kommunestyremøtet vart lukka, for det skulle handsamast ei sak om utbygging av fiber i kommunen, og det var visst hemmeleg. Så var det musikk, deretter ein lang pause utan noko, truleg fordi teknikar Inga Flateland ikkje fekk kome inn i radioen og byte plate, så kom musikken att då møtet vart opna, men då var det protokollarbeid, og det pleier dei ikkje overføre på radioen.

Innslaget var ei nyskaping og må nok gå seg til. Det verka som om politikarane ikkje var så veldig klare til å gå i strupen på kvarandre med mikrofon like etter møtet, Ole Birger hadde kanskje trudd at han kunne få nokre spreke kommentarar. Då trur eg nok han måtte hatt med ei av damene i kommunestyret. No tok han med tre menn til kommentarane, og det sjølv om det er om lag halvparten av kvart kjønn i forsamlinga denne perioden.

Så får vi sjå korleis det vert neste gong.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *