Problemløysing på fleire måtar

Share

Kvelden i kveld vart litt annleis enn eg hadde tenkt og skrive opp på Setesdalswiki. I ettermiddag laga det seg til på ein grei måte, for Bjørgulv T. Berg hadde gjort eit opptak med Elise Marie Kringen, for ho var bortreist i dag. Han hadde gjort eit opptak med Jon Hovet om Kveasåne kraftverk før jol, men så vart det ikkje plass til det lisle jolekvelden. Difor var det hyggeleg å kunne få det med i kveld.

Så ringte Ulf Kjelleberg og lurte på om vi hadde plass til eit innslag om eit prosjekt som Valle IL lanserer for å prøve å samle inn penger til ein komande kunstgrasbane. Fyrst skal dei utvide møykjeromet, det er stor aktivitet der og dei treng meir plass. Deretter planlegg dei å få laga ein kunstgrasbane, det vil vere ein ny rikdom for bygda. Då han kom i studio, fortalde han at dei skulle starte med sal av toalettpapir og tørkepapir. 64 rullar toalettpapir til 250 kroner eller 15 rullar tørkepapir til 175 kroner, dersom ein kjøper det, så leverer Valle IL på døra, både lettvint og med inntekt til klubben.

Jan Wojtaszek har arbeidd med problemløysing i Brokke Alpinsenter sidan i sommar, då dei starta å støype fundament til mastene til den nye stolheisen. Så kom monteringa av 13 master, to stasjonar og alt det andre som må til for at ein stolheis skal fungere. Til helga opnar dei stolheisen, som kan ta 1100 personar i timen, like mange som var i Kilden i kveld. Ein heil buss med valldølar drog nedover for å vere med på kveldens Folkeleg Kraft, og eg hadde ein kort prat med Tina Høgevold før konserten starta. I Open sending seinare på kvelden fekk vi rapport frå Kjellaug Rysstad, som hadde vore der, og som var full av lovord.

Siste innslag i kveldens aktuelle time var ein prat med Grete Fossen, som har fornya butikken til Hasla i Valle sentrum, men som ikkje er heilt ferdig, for dei venter på nokre hyller. Før har butikken vore trekvit, men etter kvart tok det mykje lys, så det problemet vart løyst ved at dei malte veggene kvite.

I Haralds time kunne eg så fylle på med informasjon om hendingar i komande veke, før vi fekk sendt intervjuet med Jon Hovet. Deretter var det plass til litt informasjon om Setesdalswiki før Ånund K. fekk siste ordet med ein halv time med good «n old country. Han løyste problema mine med å fylle sendetida i kveld, og så kunne eg overlate ansvaret til Jorunn og Kåre, som hadde opi sending.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *