Setesdalswiki på Valle skule

Share

I dag hadde eg gleda av å vere med ei gruppe elevar på Valle skule og fortelje om Setesdalswiki. Eg fortalde om nettvett og om korleis det er lurt å starte å skrive, og etter ein time der eg hadde demonstrert med projektor på tavla korleis ein kunne gjere, var det tid for elevane å prøve seg.

Då måtte dei registrere seg, og etter litt startkrøll var alle registrerte som brukarar, så i dag fekk vi fire nye brukarar, og alle fekk gjort ein redigering. Seinare skal eg kanskje tilbake til skulen for å syne fleire elevar korleis prosjektet fungerer, det er ikkje så dumt at unge folk lærer om det.

Å skrive leksikalsk er ikkje det same som å skrive ein vanleg stil. Ein leksikalsk artikkel er oppteken av å få fram fakta, og det er spesielle krav til form i eit leksikon. Til dømes skal ein artikkel starte med oppslagsordet, det skal og vere kjeldetilvising. Slike formelle ting er ikkje like lette å få med seg, så det tek som oftast noko tid før ein lærer det skikkeleg.

I går hadde eg kontakt pr. brev med ein som hadde prøvd seg som skribent på Wikipedia og blitt blokkert, han fylgde ikkje dei mange krava som tross alt er der, sjølv om slagordet er at alle kan skrive på wikipedia. Eg seier til folk at det beste dei kan gjere er å prøve seg fram på ein forsikig måte, gjerne med å rette ein ordfeil dei finn, for slik å få ei føling med korleis det verkar.

Sjølv om eg i dag var på Valle skule og fortalde nokre elevar om korleis det verkar, kan ein ikkje rekne med at det kjem så mange redigeringar frå elevar. Dei prøver det som ei skriveøving i klassen, men når timen er over, er det andre interesser som står i fokus. Men eg opplevde dei som interesserte og positive, det var ein hyggeleg time. Og framleis har eg ikkje funne kjelde til å skrive ein artikkel om Valle skule, vi får sjå kor lang tid det tek før eg finn nok stoff til å kunne skrive ein artikkel om skulen, eller om nokon andre let seg inspirere.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *