Valle Radio 29. februar 2012

Share

Programmet i Valle Radio onsdag 29. februar 2012: Ansvarleg var Ørnulf Hasla, teknikar var Inga Flateland, og Torbjørg Hoftuft og Jorunn Lund Harstad var telefonvakter frå klokka 20.

Program

18.00 Aktuell time ved Ørnulf Hasla
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Rune Ingebretsen
20.00 Unescos verdsarv. Opptak frå eit møte på Sølvgarden
21.00 Opi sending. Ved Kåre Rike og Ronny Stavsholt

Onsdag telefon frå klokka 20: 379 37 577
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio
Bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
Epost: post@valleradio.com
Høyr Valle Radio på http://www.vallleradio.com (trykk på live streaming)

Eg veit ikkje om tema skotår var oppe i løpet av programmet, for eg fekk ikkje høyrt det. Men med to ungkarar i studio under opi sending kunne det vel vere duka for frieri direkte på lufta og kanskje nokre par hanskar som kunne skifte eigar. Dei var jo modige som stilte opp ein slik kveld.

Wikipedia som mediekanal

Share

I går hadde Norge besøk av statsministeren i Somalia. Abdiweli Mohamed Ali eller, som Wikipedias artikkel om han kallar han, http://no.wikipedia.org/wiki/Cabdiweli_Maxamed_Cali Eg fanga deg opp av ein eller annan grunn før helga og skreiv på Torget, som er Wikipedia si side der brukarane kan kommentere aktuelle ting. Eg meinte at dersom det var ein wikipedia-skribent som hadde høve til å gå på pressekonferansen, kunne vi få eit bilete av han, og ingen wikipedia-versjon hadde bilete, så om vi fekk eit bilete av han frå pressekonferansen, ville det bli brukt av mange.

Det synte seg at Hans Petter Fjeld hadde høve til å gå. Han tok kontakt med pressekontakten i Utanriksdepartementet, og dermed var det klart for å prøve seg som pressefotograf for første gongen. Resultatet ser du i artikkelen som eg lenka til ovanfor.

Når eg skriv om dette, er det fordi Wikipedia er ein viktig mediekanal. I løpet av ei veke har Wikipedia på bokmål om lag 4,5-5 millionar oppslag, og kvar dag er det ei rekke aviser som syner til Wikipedia som kjelde for stoff eller for å vise lesarane til meir informasjon. Bileta, som er frie til bruk for alle på faste villkår, er og mykje nytta både på nett og i trykte publikasjonar. Det er likevel ikkje sjølvsagt at ein bare kan seie ein kjem frå Wikipedia, og så få kalle seg pressefotograf. Dei som skriv har jo ikkje noko pressekort å syne frå arbeidsgjevaren sin, så det ein gjer, må gjerast i kraft av eigen dugleik og interesse. Difor var det ekstra hyggeleg at det fungerte denne gongen. Det syner at Norge framleis er eit ope samfunn, som vi jo likar å rekne landet som.

2400 artiklar

Share

I kveld runda vi 2400 artiklar på Setesdalswiki. Det var artikkelen om Olav Mosdøl som stod for det, han hadde konsert i Fjellgardane kyrkje i kveld og då tenkte eg at det var eit godt høve til å få på plass ein artikkel om denne produktive byklaren som slo seg ned i Kviteseid. Der arbeidde han som lærar på Kvitsund gymnas til han vart 62, sidan har det mest vore skriving han har vore oppteken med.

Gjennom dei vel 20 åra eg har budd i Setesdal har eg jo møtt han nokre gonger. Eg har intervjua han for Valle Radio, det skjedde heime i stova hans i Kviteseid, og han har jo og vore i Valle med ulike konsertar gjennom desse åra. Mange av dykk som les bloggen, hugsar kan hende tilbake til året då Jol i Setesdal hadde kassettvedlegg. Sylvdråpan-kassetten hans fekk ekstra stort opplag då den kom som vedlegg til joleheftet. Også den er spelt i Valle Radio. Konserten på Hovden i kveld var basert på CD-plata Det syng, som kom ut like før jol. Om eg skulle skrive artiklar om utgjevingane til Olav Mosdøl, ville det gå fort mot 2500 artiklar, for han har vore produktiv sidan han slutta som lærar i 1999.

Elles vil jo om lag 30 artiklar kvar månad vere datoartiklar på setesdalswiki. Dagens dato ligg på framsida, slik at du kan sjå kva som skjer i Setesdal i dag. Denne sundagen er det mange møte og gudstenester, dei som arrangerer, er flinke til å få det med i Setesdølen, og dermed prøver eg å få det med på Setesdalswiki. Men det som ikkje vert avertert i avisa, vil vere meir tilfeldig om det kjem med på dagens side på Setesdalswiki.

Eg ser jo at det kunne vore fint med oversiktsartiklar av typen «språkstriden i Bykle 2012». Det er det vanskelegare å få til, for då må ein gjere ein noko større jobb enn det eg maktar å få til. Ein må gå gjennom artiklane i Setesdølen og sakshandsaminga i Bykle, og skrive ein oversynsartikkel. Det burde vore ein slik artikkel, men om han kjem, er nok noko meir usikkert.

Inntil vidare får vi gle oss over at Setesdalswiki veks med om lag 100 artiklar kvar månad.

Research er viktig

Share

I dag fekk eg ei lenke til ein blogg som journalisten Jakob Arvola skriv. Den bloggen er ganske ulik det eg skriv, for han diktar og prøver ut tekstar i bloggen sin. Eg skriv for det meste om opplevingar eller meinigar, det er sjeldan eg skriv skjønnlitterære tekstar på bloggen, om ein då held unna dei kommunale jolebordsongane eg har teke med her.

Du kan lese Jakob Arvola sin tekst her, http://www.jakobarvola.com/2012/02/18/sov-na-thomas-ulrik/ Grunnen til at eg tek med teksten er at utgangspunktet er Valle i Setesdal i begynnelsen av mai 1978, i alle fall er det det han skriv øverst før forteljinga startar.

Når ein skal skrive ein skjønnlitterær tekst, er det jo viktig at ein har gjort research først, og eg stussa litt då hovudpersonen, som altså skal vere frå Valle, heiter Thomas Ulrik Kristiansen. Slik han vert framstilt, er han heller ikkje innflyttar, og då tenkte eg at han har ikkje gjort god nok research, for eit slikt namn kan ein vanskeleg tru nokon hadde i Valle i 1978. Rett nok kom eg ikkje til Valle før i 1991, men på desse åra har eg knapt møtt noko med -sen-namn, og dei få eg har møtt, vIar ikkje innfødde. Per Kristiansen, som var rektor i musikkskulen, kom frå Nord-Norge, og det var den einaste Kristiansen eg kom på. Thomas er ikkje heilt ukjent i Valle, men Ulrik er så langt eg kan vurdere det i strid med lokal namnetradisjon.  Valle heiter folk Pål, Hallvard, Torleiv, Bjørgulv og Kjetil, og etternamna er stort sett gardsnamn som Viki, Åkre, Rike, Lund, Kjelleberg, Homme og Dale.

Å skrive ein novelle-tekst i ein blogg gjev lesarane høve til å kommentere, og ein kommentar var at han kunne ta ut pengar i Valle laurdagar i 1978, han slapp å vente til måndag om han ville ta spranget og møte sin ungdoms kjære frå tretti år tilbake, ho som no sat åleine sør i Argentina og drøymde om ungkaren ho hadde møtt i Setesdal. Det var ein konstruktiv kommentar for teksten, som med namn i pakt med lokal namnetradisjon og opningstid i banken i pakt med særordninga i Valle, kunne lesast med rikare utbytte for ein setesdøl. Folk som ikkje kjenner lokal tradisjon ville truleg ikkje henge seg opp i slikt, men ein tekt bør kunne tåle kritisk blikk frå lokalmiljøet som teksten hentar handlinga si frå.

Meir om eldsjeler

Share

Det har vore tale om eldsjeler, og eg er gift med ei. Det merkar eg ikkje så godt til vanleg, for når eg er heime i helgene, er det helg, og då puslar vi med vårt i lag. Men når eg no er heime i veka, ser eg litt meir av kva som skjer når eg til vanleg er i Valle.

I kveld var det årsmøte i Tiedemannsgården i Mandal. Det er eit eldsjelforetak som sikkert kan stillast ut i fremste rekke. Organisasjonar og politiske parti driv eit tilbod til eldre som kan kome her og få stelt hår og føter, få mat og eg veit ikkje kva. Arbeidet er i stor grad basert på frivillige, og kona mi, som er med i Helselaget, var med på årsmøtet i kveld som representant for Helselaget. I morgon er det deira tur til å ha årsmøte, så då må ho ut att. Begge kveldane måtte ho ein tur og hente folk som ikkje køyrer bil, og i morgon er det både å stå for mat og årsmelding og eg veit ikkje kva.

Medan ho var ute, kom han som organiserer innsamlinga Brød for verda innom, for her er det også eldsjelene som står på, og innsamlinga skal skje i slutten av fastetida. Etter det eg skjøna på praten, snakka eg med ei eldsjel der og, i vinterferien skulle han på tur til Haydom, og alle som reiser dit, trur eg må ha fått ein gnist av den frivillig-elden som har drive dette sjukehuset i alle år. Reidun er med og organiserer innsamlinga i nabolaget vårt, så ein kunne vel seie at eldsjeler finn kvarandre og lagar eit bål som folk kan varme seg på.

Var det alt? spør du. Nei, eg høyrde ein samtale ho hadde med ei anna eldsjel. Det var snakk om gevinstar til ein basar litt lenger framme på våren, eller kan hende det var til hausten. Det var på ingen måte tanke å avvikle basaren, nei, dei diskuterte kva gevinstar som kunne falle i smak.

Slike eldsjeler finst i alle bygdelag, og om alt dei gjer, skulle gjerast av løna folk, så hadde mykje gått i stå. Kvar veke kan vi lese mellom linjene i Setesdølen om eldsjeler som på ulike måtar gjer ein innsats for at bygder og grender skal fungere betre og folk ha eit godt liv i nabolag og fellesskap. Dei fortener ein stor bukett roser og takk for innsatsen.

Så mykje som manglar

Share

Endeleg kom det artikkel om Saavi Nomeland på Setesdalswiki. Den kom i kveld, etter at eg fann artikkel i Fædrelandsvennen som Johs. Bjørkeli hadde skrive i samband med at han runda 75 år 11. februar.

Av og til opplever eg det slik at jo meir eg skriv, jo meir manglar det. Kvart nummer av Setesdølen fører til ei rekke røde lenker, det vil seie til artiklar som burde vore der, men som ikkje finst enno.

I dag kom det i artig melding på Twitter, den måtte eg legge ut på facebook også med kommentar: Nå måtte eg le litt. Eg las nettopp dette på twitter:
John Erling Blad @jeblad:
#NRKNordland sitt Fylkesleksikon har 657 art http://nrk.no/nordland/fylkesleksikon/index.php/Spesial:Statistikk
#Setesdalswiki har 2362 art og drives av en ildsjel http://setesdalswiki.no/wiki/Spesial:Statistikk

Det er vel gjerne slik at eldsjeler held på med litt av kvart, og eg prøver altså å lage eit leksikon for Setesdal til glede for ei verd som vert meir og meir aktiv i å bruke Internett. Dermed vil det vere høve å finne ut kven som er omtalt i Setesdølen, om du ikkje alt veit det frå før. Sjølv om det ikkje bur så mange folk i Setesdal, vil det alltid vere nokon som lurer på kven den som er omtalt i avisa er, og då kan Setesdalswiki vere til hjelp.

Om no den lungebetennelsen slepper taket, kan eg kanskje skrive litt i rekonvalesenstida, men framleis har eg nokre dagar med penicillinkur att. Eg såg at det det ikkje vert kommunestyremøte komande onsdag, og at Ørnulf lurte på om det var nokon som kunne ta ein onsdagskveld på sparket. Denne gongen må i alle fall eg melde pass, både komande og neste tysdag vert det stille i radioen, så får vi sjå korleis det er med systemet når vinterferien er over.

Uvanleg jingel

Share

Torsdag 9. februar var det bokkveld i Bygland folkebibliotek sin filial på Byglandsfjord, stasjonsbygningen der er blitt ein flott filial og etter det eg las i Setesdølen i går, samla rundt 45 bokglade seg for å høyre på Gunstein Bakke, som vaks opp i Grendi, og Morten von Hafenbrädl, som bur på Bygland. Gunstein har skrive ein roman om trafikk, Morten har skrive reisebøker for motorsyklistar.

Etter det eg kunne lese i Setesdølen, var det ein interessant kveld. Du kan lese eit referat her: http://austagder.kulturnett.no/agderrundt/2012/02/trafikal-kveld-og-kollektiv-innsats-pa-byglandsfjord-stasjon/ Eg kom meg til å skrive artikkel om Gunstein Bakke, det var rimeleg lett, ettersom det var artikkel om han på Wikipedia både på bokmål og nynorsk. Kan hende er artikkelen på Setesdalswiki litt tettare, det vert gjerne slik når ein har gode tekstar å ta utgangspunkt i. Her ser du den: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Gunstein_Bakke

I artikkelen om kvelden er det fanga opp ei setning eg likte godt: «Ein fugl sender jingelen sin ut i eit bjørkeholt ovanfor veglomma.» Det var Gunstein Bakke som sa det, og vi som steller med jinglar i Valle Radio vil kan hende setje større pris på ei slik utsegn enn ein som ikkje heilt veit kva ein jingle er. Du veit, slike lydar som radioen er full av, til dømes før Dagsnytt eller Sørlandssendinga, for ikkje å snakke om at dei kjem midt i eit program. Når vi får jinglar midt i morgonsendinga frå NRK Sørlandet har eg mest lyst å skru av, eg opplever det som smør på på flesk å høyre folk seie kor flott det er å høyre Sørlandssendinga samen med kaffe på morgonkvisten.

I Valle Radio er det vel særleg når Kåre Rike er teknikar at vi får jinglar. Plutseleg kjem det ein om at ein må skunde seg heim og høyre på Valle Radio.

Fuglejinglane er nok meir ustyrlege, og no etter kvart aukar det på med jinglar i naturen, mildver og lysare dagar kan få nokon kvar til å lage ein jingel eller to.

Service og nye kunder

Share

Kundeomgrepet er ikkje like tydeleg i offentleg sektor som i privat sektor, men om ein jobbar i offentleg sektor eller halvoffentleg sektor, så bør ein ikkje gløyme at ein er til for kundene, også når det er travelt og mykje å gjere.

Eg måtte ta blodprøve midtvegs uti penicillinkuren min, og legen på sjukehuset sa at eg kunne gjere det hos fastlegen. Men eg har fastlege i Valle, naturleg nok, det er der eg er når fastlegen har kontortid til vanleg. Men no var eg i Mandal og tenkte at eg kunne ringe eit legesenter, så kunne dei hjelpe meg. Truleg treng eg etter kvart fastlege her og då kunne det vere greit å møte eit hyggeleg legekontor alt før eg skulle få fastlege i byen.

Ein telefon til eit av legesentra gav meg litt å tenkje på. -Her er alt bare kaos, så du kan ikkje kome før i morgon, var svaret eg fekk då eg ringde for å høyre om det var råd å få teke ein blodprøve der i staden for å reise dei fem mila inn til sjukehuset for å tappe to små glass med blod.

Plutseleg var det ikkje så forlokkande å stikke innom legesenteret dagen etterpå. I staden tok eg turen til sjukehuset og møtte som vanleg profesjonelle og vennlege bioingeniørar som stod på for å hjelpe meg det beste dei kunne.

Tenk om svaret i telefonen hadde vore: -Sjølvsagt kan vi hjelpe deg med det. Akkurat no er det litt travelt her, men kan du kome klokka 14, så skal vi fikse det. Og sjølvsagt kan vi ordne det slik at sjukehuselegen får lese resultatet, vi deler informasjon med sjukehuset kvar dag, så det er ikkje noko problem.

Då hadde dei fått ein ny kunde, som sjølvsagt betalte det det kosta og som var glad for å sleppe å køyre ti mil for å tappe to små glass med blod. Truleg hadde den nye kunden prøvd å skaffe seg fastlege på senteret når tida kom for det, om det då ikkje var laaaaange ventelister på å få plass hos ein av legane på det senteret, då.

Akkurat då sakna eg legekontoret i Valle, dei pleier å svare slik eg skisserte i avsnittet Tenk om… Honnør til folk som har forstått at det handlar om service også i offentleg sektor.

UKM for Valle og Bykle 2012

Share

I dag kom det ein artikkel om ein ung musikar på Setesdalswiki. Kven som la den inn, veit eg ikkje, for ein treng ikkje skrive namnet sitt når ein legg inn stoff i dette regionale leksikonet. Men Jon Halvard Rysstad var med i to grupper som gjekk vidare frå UKM for Valle og Bykle 2012 og då var det naturleg å skrive også om dei gruppene. Det eine tek det andre, og artikkelen om UKM vart utvida med kven som gjekk vidare, og dermed kunne eg bruke Setesdølen nr. 13, som kom tysdag, til å lage artiklar om fleire musikkgrupper.

Medan eg heldt på med det, vart eg litt i stuss, for det var noko som dei kalla Zitherband frå Valle og normalt skulle det vere fire jenter, men i avisa var det også med fire gutar. Eg veit heller ikkje om namnet var rett, litt vanskeleg å vite om dette var ei nyskaping eller noko anna, ein kontroll med påmeldingslistene gav heller ikkje noko svar. Dermed venter eg og vonar at nokon kan opplyse meg litt etter kvart.

Jon Halvard Rysstad var med i Valle Radio onsdagskvelden. Kva Ronny og han snakka om, veit eg ikkje, for då hadde eg ikkje på radioen via Internett her i Mandal, men det skulle ikkje forundre meg om det var UKM 2012, der to grupper som han spelar gitar i, gjekk vidare til fylkesmønstringa.

Det spirer og gror i kulturlivet i kommunane, det er det ingen tvil om. Og om du ser på artiklane på Setesdalswiki og ser kven som er med i desse gruppene, ser du nok og at dei har mykje musikk i genene, desse unge som no står på scenen. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Ungdommens_kulturm%C3%B8nstring_for_Valle_og_Bykle_2012

Valle Radio onsdag 15. februar 2012

Share

Ansvarlig: Ronny Stavsholt
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakter: Gudrun Nomeland og Ingebjørg Ellinor Rysstad
18.00-19.00 Aktuell time med Ronny Stavsholt
– Intervju med Bjørn Erling Auestad
– Intervju med Jon Halvard Rysstad og Runar Bratteland.
19.00-19.30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T Berg
19.30-20.00 Marie Lovise Johnsen
20.00-21.00 Ronnys time.
Ronny skriv: Jeg skal snakke om ei farga amerikansk sangerinne som nettopp døde. (Etta James)
Blir også mye musikk som hun har laget og sunget.
21.00 Opi sending ved Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki

Høyr oss på http://www.valleradio.com
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio
Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Epost: post@valleradio.com
Tlf: 37937577
Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_15._februar_2012