Uvanleg jingel

Share

Torsdag 9. februar var det bokkveld i Bygland folkebibliotek sin filial på Byglandsfjord, stasjonsbygningen der er blitt ein flott filial og etter det eg las i Setesdølen i går, samla rundt 45 bokglade seg for å høyre på Gunstein Bakke, som vaks opp i Grendi, og Morten von Hafenbrädl, som bur på Bygland. Gunstein har skrive ein roman om trafikk, Morten har skrive reisebøker for motorsyklistar.

Etter det eg kunne lese i Setesdølen, var det ein interessant kveld. Du kan lese eit referat her: http://austagder.kulturnett.no/agderrundt/2012/02/trafikal-kveld-og-kollektiv-innsats-pa-byglandsfjord-stasjon/ Eg kom meg til å skrive artikkel om Gunstein Bakke, det var rimeleg lett, ettersom det var artikkel om han på Wikipedia både på bokmål og nynorsk. Kan hende er artikkelen på Setesdalswiki litt tettare, det vert gjerne slik når ein har gode tekstar å ta utgangspunkt i. Her ser du den: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Gunstein_Bakke

I artikkelen om kvelden er det fanga opp ei setning eg likte godt: «Ein fugl sender jingelen sin ut i eit bjørkeholt ovanfor veglomma.» Det var Gunstein Bakke som sa det, og vi som steller med jinglar i Valle Radio vil kan hende setje større pris på ei slik utsegn enn ein som ikkje heilt veit kva ein jingle er. Du veit, slike lydar som radioen er full av, til dømes før Dagsnytt eller Sørlandssendinga, for ikkje å snakke om at dei kjem midt i eit program. Når vi får jinglar midt i morgonsendinga frå NRK Sørlandet har eg mest lyst å skru av, eg opplever det som smør på på flesk å høyre folk seie kor flott det er å høyre Sørlandssendinga samen med kaffe på morgonkvisten.

I Valle Radio er det vel særleg når Kåre Rike er teknikar at vi får jinglar. Plutseleg kjem det ein om at ein må skunde seg heim og høyre på Valle Radio.

Fuglejinglane er nok meir ustyrlege, og no etter kvart aukar det på med jinglar i naturen, mildver og lysare dagar kan få nokon kvar til å lage ein jingel eller to.