2400 artiklar

Share

I kveld runda vi 2400 artiklar på Setesdalswiki. Det var artikkelen om Olav Mosdøl som stod for det, han hadde konsert i Fjellgardane kyrkje i kveld og då tenkte eg at det var eit godt høve til å få på plass ein artikkel om denne produktive byklaren som slo seg ned i Kviteseid. Der arbeidde han som lærar på Kvitsund gymnas til han vart 62, sidan har det mest vore skriving han har vore oppteken med.

Gjennom dei vel 20 åra eg har budd i Setesdal har eg jo møtt han nokre gonger. Eg har intervjua han for Valle Radio, det skjedde heime i stova hans i Kviteseid, og han har jo og vore i Valle med ulike konsertar gjennom desse åra. Mange av dykk som les bloggen, hugsar kan hende tilbake til året då Jol i Setesdal hadde kassettvedlegg. Sylvdråpan-kassetten hans fekk ekstra stort opplag då den kom som vedlegg til joleheftet. Også den er spelt i Valle Radio. Konserten på Hovden i kveld var basert på CD-plata Det syng, som kom ut like før jol. Om eg skulle skrive artiklar om utgjevingane til Olav Mosdøl, ville det gå fort mot 2500 artiklar, for han har vore produktiv sidan han slutta som lærar i 1999.

Elles vil jo om lag 30 artiklar kvar månad vere datoartiklar på setesdalswiki. Dagens dato ligg på framsida, slik at du kan sjå kva som skjer i Setesdal i dag. Denne sundagen er det mange møte og gudstenester, dei som arrangerer, er flinke til å få det med i Setesdølen, og dermed prøver eg å få det med på Setesdalswiki. Men det som ikkje vert avertert i avisa, vil vere meir tilfeldig om det kjem med på dagens side på Setesdalswiki.

Eg ser jo at det kunne vore fint med oversiktsartiklar av typen «språkstriden i Bykle 2012». Det er det vanskelegare å få til, for då må ein gjere ein noko større jobb enn det eg maktar å få til. Ein må gå gjennom artiklane i Setesdølen og sakshandsaminga i Bykle, og skrive ein oversynsartikkel. Det burde vore ein slik artikkel, men om han kjem, er nok noko meir usikkert.

Inntil vidare får vi gle oss over at Setesdalswiki veks med om lag 100 artiklar kvar månad.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *