Hardt skyts

Share

Det ser ikkje ut til å nytte med samtalar med Forsvaret om skytefeltet på Evjemoen. I dag snudde forsvarsministeren igjen saka på hovudet, denne gongen for Stortinget, og Kjell Ingolf Ropstad stod att utan noko anna enn eit rimeleg klart svar som var nei og atter nei.

Honnør til den unge honndølen som tok saka til Stortinget. Eg reknar med at han har tala med far sin og at dei hadde lagt ein slagplan der dei ville ha ut eit klart og tydeleg svar frå statsråden. Tidlegare har dei bare fått møte ein statssekretær etter at Grete Faremo bytta departement. Det var neppe skytefeltet på Evjemoen som var årsak til at ho bytta departement, men eg tenkjer ho var glad for å sleppe å gå til Stortinget og seie det Kjell Ingolf fekk høyre i dag.

På Sørlandssendinga kunne vi høyre at fader Ropstad var i harnisk. Den elles så sindige Bjørn A. visste mest ikkje korleis han skulle stagge seg. Han har eit samla kommunestyre bak seg i at dei vil ha forsvaret ut av kommunen om dei ikkje sjølv skjermar skytebanen for støy. No må han truleg ta saka til retten for å kome vidare. Så lenge saka står der ho no er, kan ingen bygge noko på Evje, for det er motsegn frå Forsvaret til kommuneplanen, og så lenge den ikkje er godkjent, stoppar all nybygging, sjølv om investorar riv hus og gjer klar tomter.

Nærare 30 millionar kroner er mykje pengar for ein liten kommune. Soldatar frå heile Sør-Norge kjem til Evje for å skyte på ein skytebane som Forsvaret ikkje hadde bruk for. Så kom dei tilbake og ville bruke han likevel, og dermed har vi det gåande.

Vi veit alle at Forsvaret er ein stat i staten. Men om kommunelegen la ned forbod mot å bruke skytebanen på grunn av støyen, så kunne vel ikkje forsvaret bruke den heller. Det er imidlertid ein hake med eit slikt forbod. Då vil banen heller ikkje kunne brukast til Landsskytterstevnet, som legg att millionar av kroner i bygda. Det er bare Forsvaret sine soldatar som ikkje legg att pengar, dei dreg tilbake til Madla og Kjevik. Dilemma kallar vi noko slikt som far og son Ropstad står oppi no. Diplomati må til for å løyse det på ein måte som kan behalde Landsskytterstevnet på Evje kvart femte år og som kan få Forsvaret til å betale kalaset eller forsvinne.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *