Meir om eldsjeler

Share

Det har vore tale om eldsjeler, og eg er gift med ei. Det merkar eg ikkje så godt til vanleg, for når eg er heime i helgene, er det helg, og då puslar vi med vårt i lag. Men når eg no er heime i veka, ser eg litt meir av kva som skjer når eg til vanleg er i Valle.

I kveld var det årsmøte i Tiedemannsgården i Mandal. Det er eit eldsjelforetak som sikkert kan stillast ut i fremste rekke. Organisasjonar og politiske parti driv eit tilbod til eldre som kan kome her og få stelt hår og føter, få mat og eg veit ikkje kva. Arbeidet er i stor grad basert på frivillige, og kona mi, som er med i Helselaget, var med på årsmøtet i kveld som representant for Helselaget. I morgon er det deira tur til å ha årsmøte, så då må ho ut att. Begge kveldane måtte ho ein tur og hente folk som ikkje køyrer bil, og i morgon er det både å stå for mat og årsmelding og eg veit ikkje kva.

Medan ho var ute, kom han som organiserer innsamlinga Brød for verda innom, for her er det også eldsjelene som står på, og innsamlinga skal skje i slutten av fastetida. Etter det eg skjøna på praten, snakka eg med ei eldsjel der og, i vinterferien skulle han på tur til Haydom, og alle som reiser dit, trur eg må ha fått ein gnist av den frivillig-elden som har drive dette sjukehuset i alle år. Reidun er med og organiserer innsamlinga i nabolaget vårt, så ein kunne vel seie at eldsjeler finn kvarandre og lagar eit bål som folk kan varme seg på.

Var det alt? spør du. Nei, eg høyrde ein samtale ho hadde med ei anna eldsjel. Det var snakk om gevinstar til ein basar litt lenger framme på våren, eller kan hende det var til hausten. Det var på ingen måte tanke å avvikle basaren, nei, dei diskuterte kva gevinstar som kunne falle i smak.

Slike eldsjeler finst i alle bygdelag, og om alt dei gjer, skulle gjerast av løna folk, så hadde mykje gått i stå. Kvar veke kan vi lese mellom linjene i Setesdølen om eldsjeler som på ulike måtar gjer ein innsats for at bygder og grender skal fungere betre og folk ha eit godt liv i nabolag og fellesskap. Dei fortener ein stor bukett roser og takk for innsatsen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *