Service og nye kunder

Share

Kundeomgrepet er ikkje like tydeleg i offentleg sektor som i privat sektor, men om ein jobbar i offentleg sektor eller halvoffentleg sektor, så bør ein ikkje gløyme at ein er til for kundene, også når det er travelt og mykje å gjere.

Eg måtte ta blodprøve midtvegs uti penicillinkuren min, og legen på sjukehuset sa at eg kunne gjere det hos fastlegen. Men eg har fastlege i Valle, naturleg nok, det er der eg er når fastlegen har kontortid til vanleg. Men no var eg i Mandal og tenkte at eg kunne ringe eit legesenter, så kunne dei hjelpe meg. Truleg treng eg etter kvart fastlege her og då kunne det vere greit å møte eit hyggeleg legekontor alt før eg skulle få fastlege i byen.

Ein telefon til eit av legesentra gav meg litt å tenkje på. -Her er alt bare kaos, så du kan ikkje kome før i morgon, var svaret eg fekk då eg ringde for å høyre om det var råd å få teke ein blodprøve der i staden for å reise dei fem mila inn til sjukehuset for å tappe to små glass med blod.

Plutseleg var det ikkje så forlokkande å stikke innom legesenteret dagen etterpå. I staden tok eg turen til sjukehuset og møtte som vanleg profesjonelle og vennlege bioingeniørar som stod på for å hjelpe meg det beste dei kunne.

Tenk om svaret i telefonen hadde vore: -Sjølvsagt kan vi hjelpe deg med det. Akkurat no er det litt travelt her, men kan du kome klokka 14, så skal vi fikse det. Og sjølvsagt kan vi ordne det slik at sjukehuselegen får lese resultatet, vi deler informasjon med sjukehuset kvar dag, så det er ikkje noko problem.

Då hadde dei fått ein ny kunde, som sjølvsagt betalte det det kosta og som var glad for å sleppe å køyre ti mil for å tappe to små glass med blod. Truleg hadde den nye kunden prøvd å skaffe seg fastlege på senteret når tida kom for det, om det då ikkje var laaaaange ventelister på å få plass hos ein av legane på det senteret, då.

Akkurat då sakna eg legekontoret i Valle, dei pleier å svare slik eg skisserte i avsnittet Tenk om… Honnør til folk som har forstått at det handlar om service også i offentleg sektor.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *