UKM for Valle og Bykle 2012

Share

I dag kom det ein artikkel om ein ung musikar på Setesdalswiki. Kven som la den inn, veit eg ikkje, for ein treng ikkje skrive namnet sitt når ein legg inn stoff i dette regionale leksikonet. Men Jon Halvard Rysstad var med i to grupper som gjekk vidare frå UKM for Valle og Bykle 2012 og då var det naturleg å skrive også om dei gruppene. Det eine tek det andre, og artikkelen om UKM vart utvida med kven som gjekk vidare, og dermed kunne eg bruke Setesdølen nr. 13, som kom tysdag, til å lage artiklar om fleire musikkgrupper.

Medan eg heldt på med det, vart eg litt i stuss, for det var noko som dei kalla Zitherband frå Valle og normalt skulle det vere fire jenter, men i avisa var det også med fire gutar. Eg veit heller ikkje om namnet var rett, litt vanskeleg å vite om dette var ei nyskaping eller noko anna, ein kontroll med påmeldingslistene gav heller ikkje noko svar. Dermed venter eg og vonar at nokon kan opplyse meg litt etter kvart.

Jon Halvard Rysstad var med i Valle Radio onsdagskvelden. Kva Ronny og han snakka om, veit eg ikkje, for då hadde eg ikkje på radioen via Internett her i Mandal, men det skulle ikkje forundre meg om det var UKM 2012, der to grupper som han spelar gitar i, gjekk vidare til fylkesmønstringa.

Det spirer og gror i kulturlivet i kommunane, det er det ingen tvil om. Og om du ser på artiklane på Setesdalswiki og ser kven som er med i desse gruppene, ser du nok og at dei har mykje musikk i genene, desse unge som no står på scenen. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Ungdommens_kulturm%C3%B8nstring_for_Valle_og_Bykle_2012

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *