Attval på HTV

Share

HTV er namnet på ein tillitsvald som representerer fleire arbeidsplassar, hovudtillitsvald. Torsdag kveld vart programleiar i Opi sending i Valle Radio, Henri Tore Viki, attvald til HTV for Utdanningsforbundet i Valle kommune.

Valet skjedde på eit møte på Valle Motell, der 19 av dei om lag 50 medlemmene i forbundet var til stades, og det skjedde med akklamasjon. Vara-HTV vart Liv Tanche-Larsen, heller ikkje ho heilt ukjent for lyttarane våre.

Møtet vart ei triveleg stund denne ettermiddagen og tidlege kvelden. Vi starta med ein god middag og hyggeleg prat rundt bordet, der eg var så heldig å få sitje nær kveldens foredragshaldar, Harald Alsvik, som kom frå Utdanningsforbundet i Arendal. Han er tillitsvald for vidaregåande skule, og eg hugsar han heilt tilbake til den tida Utdanningsforbundet heitte Lærerforbundet og ikkje var slått saman med Norsk Lærarlag. No nærmar vi oss sterkt pensjonsalderen, begge to, han tek ikkje attval som HTV-VGS i år. Dermed var det fleire spørsmål om pensjon som var interessante, både om kva tid ein skal slutte og korleis. Nokre vel å få ein avtale om 60% jobb og 40% pensjon, då får dei to-tre dagar fri og mest ikkje mindre lønn dei siste åra. Harald Alsvik streka under at det var viktig å halde på til ein var 65 år gammal, om ein slutta før, fekk ein bare 50% AFP, men om ein heldt ut, fekk ein 66%. Mange slike tips høvde godt til maten, så måltidet gjekk i grunnen at for fort. Eg fekk sjølvsagt og fortelje om Setesdalswiki, det var ei oppdatering frå sist vi møtte kvarandre, for då var eg wikipedianar først og framst.

La du merke til at forkortinga på valet som vi hadde var HTV. Kva er initialane til Henri Tore Viki? Han er jo frå dåpen gjeven livsvarig val, kan det sjå ut til. Rart kva ein kan kome til å kople saman ein sein laurdagstime. Eg trur det er tid å ta medisin og kvelde. God natt til alle som les bloggen.

Ein sovande onsdagskveld

Share

No var det vel ikkje kvelden som sov, det var nok heller bloggskribenten. Men det går kanskje for det same denne gongen, for onsdagen kunne ein tru eg hadde fått eit anfall av sovesjuke. Eg gjekk heim frå skule ved middagstid for å sove, og sov ein time i bilen utanfor huset før eg orka å gå inn. Så sov eg ein time på kjøkkenet, før eg orka å finne senga, og så sov eg frå klokka to til sju i senga.

Eg hadde lova Jorunn Lund Harstad å vere med henne i Valle Radio si Open sending klokka 21 denne kvelden. Så klokka sju stod eg opp, tok meg ein dusj og drog til radioen i god tid. Etter kvart kom Mona Egeli og Jorunn Helle og Solveig Rysstad, dei to siste skulle vere telefonvakter, og Mona, som aldri før hadde vore med på Open sending, hadde fått spørsmål av Jorunn utan å gje eit sikkert svar tilbake, det var difor eg vart spurd.

Du kan tenkje at eg var lukkeleg då eg sende henne i studio. Så lukkeleg var eg at eg sovna i godstolen i radiostova og bare gløtta på augneloka kvar gong dei aktive kom ut for å ta ei skive av den gode maten som Jorunn hadde stelt til. Plutseleg var heile sendinga over, eg sat framleis i godstolen under klokka. Dei som hadde snakka, teke telefonar og styrt teknikk kom ut og sat ei stund og prata før dei sa god natt og gjekk, men eg tenkte eg skulle skrive bloggen, så eg sat att. Problemet var at stolen var like god, så eg sovna att der eg sat, og då eg vakna, var skrivelysta forsvunnen, då var det bare å kome seg heim og innta horisontalen. Då var det blitt torsdag, så eg trur eg har grunnlag for det eg skreiv i overskrifta.

Lurer du på kva som feiler meg, så er det altså ikkje sovesjuke, men doktor Andrej Steen starta ein penicillinkur for å kverke resten av dei bakteriane som var innom lungene mine for ein månad sidan. Eg vonar han klarar det, for eg synest ikkje sovande onsdagskveldar bør ikkje kome for ofte.

Postludium med nordtysk barokk-musikk

Share

Niklos har gjerne ein rød tråd i programmet sitt, og denne kvelden hadde han med to komponistar fødde på 1650-talet og to fødde på 1660-talet.

Først fekk vi ein orgelkoral av Johann Pachelbel, Herr Jesu Christ, ich weiss gar wohl, spelt av Walter Kraft på orgelet i Mariakyrkja i Lübeck.

Deretter kom kveldens perle, preludium og fuge i E-dur av Vincent Lübeck spelt av organist Hans Helmut Tilmanns på orgelet i Eichstätter Dom.

Friedrich Wilhelm Zachow sine koralvariasjonar over Nun komm, der Heiden Heiland, spelt av domorganist Jan Ernst på orgelet i Schweriner Dom var neste stykke, nydeleg, både komposisjon og spel.

Til slutt kom Preludium i Ess-dur av Georg Dietrich Leyding, spelt av Marie Claire Alain på orgelet i Viborg Dom.

Meir om kveldens program finn du på Setesdalswiki si side om programmet: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_tysdag_13._mars_2012

Valle Radio veke 11- 2012

Share

Tysdag 13. mars

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld. Birgit Dale vert med
18.50 Country Gospel Timen
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer tysk orgelmusikk.
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 14. mars

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Jorunn Helle og Solveig Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Torleif Homme
20.00 Bjørgulvs time med gjester. Møt Johnny Cash-tolkar Sondre Løven
21.00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Mona Egeli

*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio
*Bloggen: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Epost: post@valleradio.com
*Telefon 379 37 577 onsdag etter klokka 20.30

Bibel-quiz ein sundagskveld

Share

Kan ein bruke ein sundagskveld betre enn på bibel-quiz? Sundag reiste eg tidleg frå Mandal, for Reidun skulle ta toget frå Kristiansand klokka 14.05. Ho har ei ferieveke ho vil bruke hjå barnebarn i Nittedal, og eg køyrde henne til toget og deretter var det bare å setje kursen nordover Setesdalsvegen. På Stemmen fiksar dei stasjonen, så eg fekk ikkje påfyll på YX-koppen min før på Evje. Der fekk eg og vaska bilen, som var blitt utruleg skiten sjølv om det bare var ei veke sidan eg sist vaska han. Dei har gull-vask og sølv-vask, denne gongen vart det bare sølv-vask til 199 kroner.

Eg var etter kvart blitt svolten og tenkte difor at eg skulle sjå om det var mat å få på Dølen. Sjølv om eg har budd her i over 20 år, hadde eg aldri vore inne på dette hotellet, og den buffeten dei hadde der, var ei overrasking. Eg klarar ikkje å ramse opp all den gode maten, her var alt ein kunne ønske seg og meir til. Dessertbordet og kakebordet var som i eit bryllup, og det var bare ein sundag i mars. Når det så var storskjerm med skiskyting for kvinner der, og Tora Berger gjekk som eit uver og skaut tilsvarande, vart det eit uvanleg triveleg og langt måltid.

Mett og god rulla eg nordover til bibel-quiz på Nomeland bedehus. Eg kom for seint, mat og sport tok lenger tid enn eg hadde planlagt, og sjølv om det er blitt god veg nordover, får ein halde fartsgrensa ein sundag. Møtande trafikk var stor, men likevel ikkje som dei største utfartshelgene, det var sol, men sterk motvind nordover og eg kom ein halv time for seint. Dermed fekk eg med meg bare siste delen av ein interessant tale av Torstein Lauvdal, som hadde eit lengdesnitt gjennom Bibelen som tema. Tidslinja vart hengd opp på veggen, så kunne ein følgje konkret viktige episodar i framstellinga.

Etter ein matpause med nydelege kaker som eg på ingen måte kunne gjere ære på, eg var framleis god og mett etter måltidet på Dølen, var det tid for Bibelquiz. Kva heitte sønene til Noa og kven førde Jesus ut i øydemarka etter han var døypt, det var noko av det me grubla på denne kvelden. Det enda godt for Gunnar Holen, Bente og Torleif D. Bjørgum og meg, vi vann heile konkurransen og fekk ein pose påskesjokolade pluss eit blomekort. Det siste var ikkje minst fin premie: For du, Herre, velsigner den rettferdige, du dekker ham med nåde og skjold. Salme 4,13. Premiar treng slett ikkje vere store og dyre.

Siste programpost var Rolf Erik Homme, som song tre songar. Som alltid var det vakker song og gitarspel. Så takka Liv Åkre Trydal av. Ho lurte på om dei 40 deltakarane syntest det var ein kveld ein kunne ta ein gong seinare, og då hausta ho trampeklapp.

I tillegg til ein triveleg kveld fekk eg tak i historisk informasjon nok til at eg kunne skrive om Nomeland bedehus på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Nomeland_bedehus

Så då kan eg seie god natt etter ein god dag.

KrF, Kjell Ingolf og Kenya

Share

Onsdagskvelden tykte eg at eg hadde gjort det godt då eg fekk Kjell Ingolf til å vere med i Valle Radio frå klokka 20. Han skreiv ein bloggpost om at han hadde vore i Kenya på demokratiarbeid, og eg ville at han skulle fortelje frå det. http://www.kjellingolf.no/2012/02/demokratiarbeid-i-kenya.html I utgangspunktet hadde eg tenkt at han kunne få heile timen, for han er av dei som kan snakke ein time når han først får ordet. Men så dukka det opp eit par andre tema som eg ikkje kunne få med klokka 18, og då vart det ein halv time på Kjell Ingolf.

På heimesidene til KrF heiter det:
KrFs kristendemokratiske ideologi legger stor vekt på internasjonal solidaritet. KrF har derfor lang tradisjon for et sterkt internasjonal engasjement. Vi vil være Norges fremste parti på utviklingspolitikk og en aktiv deltaker i den øvrige utenrikspolitiske debatten.

KrF har et stort internasjonal nettverk og samarbeider med søsterpartier på nordisk, europeisk og globalt nivå. Vi har også et aktivt demokratiarbeid med samarbeidspartier i flere land.
http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/politikk/internasjonal-politikk

Og Kjell Ingolf fortalde om korleis fem personar frå KrF var reist til Kenya og hadde kurs for medlemmer av eit politisk parti der, det er 50 parti, men i dette høvet var det 20-30 representantar frå eitt parti som møtte norske folk frå ulike nivå i det politiske arbeidet. Sjølv var han rikspolitikar, så var det fylkespolitikar, lokalpolitikar, ungdomspolitikar og tilsett på partikontor som var med i delegasjonen. Dei fortalde om politisk arbeid frå kvar sin ståstad, og synte korleis systemet i Norge er bygd opp.

I Kenya er det mykje sentrert om person, ikkje om parti, som i Norge. Det har vore slik at om ein person ikkje vert nominert av eitt parti, kan han gå til eit anna, og målet er å verte vald, det sikrar status og lønn. Målet er ikkje å arbeide for ein sak, men for familien og klanen, og då vert det fort slik at ein hjelper dei som er nær ein sjølv. Det er jo ein heilt annnan måt å forstå politikken på.

Kjell Ingolf fortalde levande og interessant om besøket, praten om Riksveg 9 og lokale tilhøve kom helst noko i bakgrunnen. Og så fortalde han at det vert mykje reising som politikar og at han den komande veka skulle til USA med komiteen han er med i på Stortinget. Dei skulle vere borte ei veke og mellom anna sjå på korleis ein i USA får innvandrarar i arbeid mykje fortare enn ein gjer i Norge.

Eg ønskte han god tur frå oss i Valle Radio og takka for praten.

Krypsiv i Otra

Share

Spørsmålet om krypsiv i Otra engasjerer mange, ikkje minst på Rysstad. Så då eg såg at det var kome ein ny rapport, tenkte eg at det var på tide å ha det temaet i Valle Radio att. Eg har jo snakka om det fleire gonger, og onsdagskvelden hadde eg med meg Edgar Vegge frå fylkesmannen i Vest-Agder i ein samtale om krypsiv i Otra i Valle og Bykle. Vi kom inn på mange sider av problemet, og konstaterte at det ikkje er funne noka løysing på det.

Torsdag skreiv eg så ein artikkel på Setesdalswiki der eg fekk bruke stoffet i den aktuelle rapporten, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Krypsiv_i_Otra Den artikkelen er stort sett teksten i kapitlet om krypsiv i Otra i rapporten. Eg snakka med ho som skreiv den og fekk lov å bruke det om fylkesmannen, som hadde bestilt rapporten, gav meg lov, og Edgar Vegge sa eg måtte bruke så mykje eg ville. Eg ville i grunnen også brukt nokre tabellar, men orka ikkje skrive inn alle talla, og eg kunne ikkje kopiere dei på nokon god måte frå reknearket, så om du vil vite meir, bør du laste ned heile rapporten.

Eg var visst meir aktuell enn eg visste sjølv, for torsdag var det eit stort oppslag om krypsiv i Fædrelandsvennen. Emnet har og vore teke opp på NRK Sørlandet, men det fekk eg ikkje høyre. Og eg fekk ein kommentar frå ein lesar som minna om at det kunne vere andre innfallsvinklar til å skrive meir om krypsiv, mellom anna «Krypsivfond og Krypsivprosjekt og Vassdragstyre for Øvre Otra og tilsvarende for nedre Otra..», som det vart sagt. Eg får sjå om eg ikkje får til noko meir om dette etter kvart.

Og så høvde det godt å få Børt Erik til å synge Flaumen går til slutt i innslaget, for innfrysingsprosjektet reiv med seg mykje krypsiv i fjor om lag på denne tida.

Bibel-quiz

Share

Liv Åkre Trydal var ein av telefongjestene i Haralds time frå klokka 20 til 21 i går kveld. Vi snakka om Bibel-quiz som ei bibelgruppe vil ha på Nomeland bedehus sundagskvelden klokka 18. I komiteen som står bak arrangementet er Tone Å. Rysstad, Magnhild Bø og Ingebjørg Ellinor Rysstad saman med Liv.

Dei har tenkt at det er så populært med quiz, så kvifor ikkje ha ein bibel-quiz. Tone hadde nokre bibelspørsmål i ein boks, det var visst eit spel, og av desse har Liv laga spørsmåla til denne kvelden. Så sit folk saman rundt småbord og hjelper kvarandre med å løyse Bibel-spørsmåla ho har funne. Gruppa håper at folk vil legge sundags ettermiddagskaffestunda til Nomeland bedehus denne sundagen. Om det blir mange, ser dei ikkje bort frå at dei kan kome til å legge eit nytt arrangement til Soknehuset.

I tillegg til quiz vert det sang av Rolf Erik Homme, og så kjem Torstein Lauvdal frå Lauvdal for å tale over eit tema. Så det vert eit rikhaldig program denne sundagakvelden, meinte Liv Åkre Trydal på telefonen. Ho var på veg til Kristiansand, og då eg nådde henne, var ho komen til Stemmen.

Eg har aldri sett noko liknande avertert i aviser nokon gong, så her har bibelgruppa stått for ei nyskaping. Det vert interessant å sjå om det kjem folk som vil teste kunnskapane sine om barnelærdomen, eventuelt det dei måtte ha fått med seg seinare. Ein vil setje saman grupper, slik at det ikkje er tale om å finne ut kva einskildpersonar kan, men kva gruppa kan kome fram til av svar.

Telefonkveld

Share

Eg trur det er første gong på alle dei åra eg har vore programleiar i Valle Radio at eg ikkje har hatt levande personar med meg i studio ein onsdagskveld. Men denne kvelden vart ein telefonkveld, ingen av dei eg hadde med meg, hadde høve å kome i studio denne kvelden.

Den første eg prata med var Jan Wojtaszek i Brokke Alpinsenter. Han stod midt i bakken og gledde seg over kvart snøfnugg som kom dalande. Mildveret i slutten av vinterferien tærte hardt på både kunstsnø og natursnø, så det var godt at det vart kaldt, frost om natta var viktig for å ta vare på snøen, sa han. Og med snø i bakken er det eit eldorado for skuleelevar i Brokke, idrettslinja på KKG har vore ei veke og no er det tid for grunnskulane i Setesdal å ha skidag i alpinbakken. Stolheisen er sterkt medverkande til at det er auka besøk i år, folk synest det er godt å sitje dei åtte minutta frå botn til toppen av bakken.

Den neste eg hadde med i den aktuelle timen var Olaf Henrik Homme. Han hadde i 2007 fått vedtak på at det skulle setjast opp gradestokk og klokke på Rysstad og i Valle. På Rysstad gjekk det lagleg å få opp klokka, men i Valle var det meir vanskeleg. Det synte seg at teknikar Kåre Rike også hadde peiling på dette emnet, for Valle Sparebank var med i finansieringa. Det var ein stor diskusjon om kor skiltet skulle stå i Valle, og skiltplanen vart aldri vedteken. Gradestokken og klokka vart liggjande på lager ei stund, men så kom eit glupt hovud på at det jo kunne kome til nytte på alpinsenteret på Furestøyl, så no har Hylestad to slike skilt og Valle er heilt utan. Sjølv om Olaf Henrik no er ute av politikken, ville han vurdere å ta saka opp med gruppa med sikte på å få opp skilt i Valle uavhengig av skiltplanen som aldri vart vedteken.

Så kom Wenche Tangene på telefonen for å fortelje om nyhendeskriv nr. 2 frå Helseprosjekt Setesdal, eit skriv som kom ut no i februar med informasjon om demensprosjektet sin pårørandeskule og om IKT-satsinga for å binde helsesektorane i Setesal saman med Sørlandet sykehus HF.

Til slutt kom Signe Sollien Haugå på tråden frå Trondheim for å fortelje om Setesdalskonferansen og Setesdalsprisen. No er det tid for å foreslå kandidatar til Setesdalsprisen 2012, ordførarane i Setesdal og fleire andre vil velje ut vinnaren, som får eit diplom og 10.000 kroner tildelt på Setesdalskonferansen. Og med det slutta den aktuelle telefontimen.

6. mars 2012

Share

Det vart ein flott bursdag for Niklos i dag. Eg henta han på Besteland klokka fire, og så hadde vi elgkarbonade på Sylvgarden før vi gjekk i radioen. Medan eg starta opp sendinga, rakk han ein tur på Valle Bygdeheim for å helse på mor si, noko som jo høver godt på sin eigen bursdag, det er merkedag i livet for både mor og son.

Medan han var på tur i Valle-bygda, fekk eg besøk av Siri Johannessen i studio. Ho hadde lagt opp eit interessant utval av sangar til sangkvelden. Her var det både engelsk og nynorsk, kjent og ukjent, kjende musikarar og ukjende sangar. Så mange fasettar og like vel ein rød tråd gjennom programmet: Livsvandringa kan arte seg ulikt, men det er godt å kunne ha ein himmel over henne.

I sendinga i kveld hadde eg ein post som heiter Nytt frå kyrkje og kristenliv landet rundt. Der var det artig å kunne ta med at verdsleiaren i Adventistsamfunnet hadde fått heder av Kong Harald, han var blitt Kommandør av Den Kongelige Norske Fortjenstorden. Ein av familiane frå Burma som no bur i Valle, er adventistar, og kunne kanskje dele hederen med den tidlegare verdsleiaren Jan Paulsen.

I den same programposten fekk vi vite at det er 40 gjenbruksbutikkar for NMS i Norge etter at det vart opna ny butikk i Trondheim. Ein av butikkane ligg på Evje, forresten, men det visste du nok.

Elles fekk vi og vite at den nye leiaren av Norea Mediemisjon, som eg samarbeider med om stoff til sendingane tysdagskvelden, heiter Per Birkeli. Han tok over etter Tore Askildsen, som vart ordførar i Mandal i haust.

Så runda Niklos av kvelden med musikk av Pachelbel og Buxtehude, kantatar og orgelmusikk av høgaste klasse. Jo det vart ein bursdag ein kunne minnast.