6. mars 2012

Share

Det vart ein flott bursdag for Niklos i dag. Eg henta han på Besteland klokka fire, og så hadde vi elgkarbonade på Sylvgarden før vi gjekk i radioen. Medan eg starta opp sendinga, rakk han ein tur på Valle Bygdeheim for å helse på mor si, noko som jo høver godt på sin eigen bursdag, det er merkedag i livet for både mor og son.

Medan han var på tur i Valle-bygda, fekk eg besøk av Siri Johannessen i studio. Ho hadde lagt opp eit interessant utval av sangar til sangkvelden. Her var det både engelsk og nynorsk, kjent og ukjent, kjende musikarar og ukjende sangar. Så mange fasettar og like vel ein rød tråd gjennom programmet: Livsvandringa kan arte seg ulikt, men det er godt å kunne ha ein himmel over henne.

I sendinga i kveld hadde eg ein post som heiter Nytt frå kyrkje og kristenliv landet rundt. Der var det artig å kunne ta med at verdsleiaren i Adventistsamfunnet hadde fått heder av Kong Harald, han var blitt Kommandør av Den Kongelige Norske Fortjenstorden. Ein av familiane frå Burma som no bur i Valle, er adventistar, og kunne kanskje dele hederen med den tidlegare verdsleiaren Jan Paulsen.

I den same programposten fekk vi vite at det er 40 gjenbruksbutikkar for NMS i Norge etter at det vart opna ny butikk i Trondheim. Ein av butikkane ligg på Evje, forresten, men det visste du nok.

Elles fekk vi og vite at den nye leiaren av Norea Mediemisjon, som eg samarbeider med om stoff til sendingane tysdagskvelden, heiter Per Birkeli. Han tok over etter Tore Askildsen, som vart ordførar i Mandal i haust.

Så runda Niklos av kvelden med musikk av Pachelbel og Buxtehude, kantatar og orgelmusikk av høgaste klasse. Jo det vart ein bursdag ein kunne minnast.

2 thoughts on “6. mars 2012”

  1. Sender de hjerteligste gratulasjoner til Niklos !
    Ser at min gode venn Per Birkeli nå blir ny leder for Norea. det er en solid kar og en god Valle- og Hylestad-venn. Per var tidligere reisesekretær i Åpne dører, og vi hadde han flere ganger på Nomeland Bedehus, men også på bedehuset i valle husker jeg han var. Ja, barna dine Harald, har nok truffe Per på ungdomsbibelgruppa vi hadde på Nomeland den gang. Han kommer etter som jeg forstår, tilbake til Kristiansand i juni, etter at han og familien har bodd i Indonesia i flere år. Da får dere invitere han opp til Hylestad og Valle igjen. Med hilsen Ove Berrefjord (den utflytta fjerdels hylstringen)

  2. Takk for helsing, Ove, det er hyggeleg å høyre frå deg, ikkje minst når du kommenterer på bloggen, for då kan fleire få del i tankar og synspunkt. Eg hugsa ikkje det du fortel om Per Birkeli, men då eg såg namnet hans, verka det kjent, så takk for at du friska opp minnet mitt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *