Attval på HTV

Share

HTV er namnet på ein tillitsvald som representerer fleire arbeidsplassar, hovudtillitsvald. Torsdag kveld vart programleiar i Opi sending i Valle Radio, Henri Tore Viki, attvald til HTV for Utdanningsforbundet i Valle kommune.

Valet skjedde på eit møte på Valle Motell, der 19 av dei om lag 50 medlemmene i forbundet var til stades, og det skjedde med akklamasjon. Vara-HTV vart Liv Tanche-Larsen, heller ikkje ho heilt ukjent for lyttarane våre.

Møtet vart ei triveleg stund denne ettermiddagen og tidlege kvelden. Vi starta med ein god middag og hyggeleg prat rundt bordet, der eg var så heldig å få sitje nær kveldens foredragshaldar, Harald Alsvik, som kom frå Utdanningsforbundet i Arendal. Han er tillitsvald for vidaregåande skule, og eg hugsar han heilt tilbake til den tida Utdanningsforbundet heitte Lærerforbundet og ikkje var slått saman med Norsk Lærarlag. No nærmar vi oss sterkt pensjonsalderen, begge to, han tek ikkje attval som HTV-VGS i år. Dermed var det fleire spørsmål om pensjon som var interessante, både om kva tid ein skal slutte og korleis. Nokre vel å få ein avtale om 60% jobb og 40% pensjon, då får dei to-tre dagar fri og mest ikkje mindre lønn dei siste åra. Harald Alsvik streka under at det var viktig å halde på til ein var 65 år gammal, om ein slutta før, fekk ein bare 50% AFP, men om ein heldt ut, fekk ein 66%. Mange slike tips høvde godt til maten, så måltidet gjekk i grunnen at for fort. Eg fekk sjølvsagt og fortelje om Setesdalswiki, det var ei oppdatering frå sist vi møtte kvarandre, for då var eg wikipedianar først og framst.

La du merke til at forkortinga på valet som vi hadde var HTV. Kva er initialane til Henri Tore Viki? Han er jo frå dåpen gjeven livsvarig val, kan det sjå ut til. Rart kva ein kan kome til å kople saman ein sein laurdagstime. Eg trur det er tid å ta medisin og kvelde. God natt til alle som les bloggen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *